Vi treng marknadsføring av dei verna vassdraga!

Av Nils Erling Yndesdal, Publisert måndag 26. mars 2012

Miljøvernstyresmaktene brukar for tida mykje ressursar på informasjon om, og forvaltning av, nasjonalparkar og andre viktige naturverna område. No i desse dagar er alle dei nye nasjonalpark- og verneområdeforvaltarane på plass i Gaupne, Fjærland, Sandane og etter kvart Aurland. I Sogn og Fjordane har vi i mange år hatt heile tre nasjonalparksenter i tilknyting til Jostedalsbreen, eit spennande sjøfugl­senter er under ferdigstilling på Værlandet i Askvoll, og det er løyvd statlege midlar til verdiskapingsprosjekt innan naturvern både i Luster, i Nærøy­fjorden og i HAFS-regionen.  Det har aldri tidlegare vore løyvd så mykje pengar til naturvernområda.

Stortinget har gjennom handsaming av fleire verneplanar vedteke vern av heile 388 vassdrag. 36 av desse vassdraga ligg i Sogn og Fjordane. Den norske vassdrags­naturen er eineståande i verdssamanheng. Det er nok å nemne døme som Stryne­vassdraget, Gaularvassdraget og Vettisfossen i Utladalen. Vassdragsvernet er primært eit vern mot kraftutbygging, men vernet inneber også at det skal takast spesielle omsyn ved andre typar inngrep.

Medan det for dei naturverna områda er eit godt etablert apparat for formidling og informasjon, er dette så og seie fråverande for dei verna vassdraga.

Kvifor skal det vere slik?

I Gaular kommune har det i fleire år vore arbeidd med å få dei verna vassdraga på dagsordenen. Ein av ideane har vore å få på plass eit nasjonalt senter for verna vassdrag i tilknyting til Gaularvassdraget. I år vert vegen over Gaularfjellet offisielt opna som ein av dei 18 nasjonale turistvegane i Noreg. Det ville såleis vore eit framifrå tidspunkt til også å setje fokus på verdiane som er i fosseheimen i Gaularvassdraget.

Eg har sjølv vore med i diskusjonar og planlegging i den lokale gruppa som har arbeidd med planar om eit nasjonalt senter for verna vassdrag. Gruppa har hatt god støtte og oppfølging frå kommunen, fylkeskommunen, vegstyresmaktene sitt nasjonale turistvegprosjekt og frå reiselivsnæringa. Det har også vore mange møte og anna kontakt med departement og politiske nøkkelpersonar sentralt.

Likevel er det vanskeleg å få forståing hos sentrale styresmakter for at vi må infor­mere og skape positiv merksemd om verdiane i dei verna vassdraga. Formelt sett er det Olje- og energidepartementet og NVE (Noregs vassdrags- og energi­direktorat) som har det overordna ansvaret for dei verna vassdraga. Eg meiner det er på høg tid at det i eit samarbeid mellom vassdrags- og miljøvernstyresmaktene vert satsa på meir marknadsføring av dei eineståande verna vassdraga våre!

Fjellfolk og naturopplevingar i verna natur

Av Nils Erling Yndesdal, Publisert tysdag 14. februar 2012

I beste sendetid på sundagskvelden viser NRK1 for tida serien «Fjellfolk». Etter å ha sett første episoden, er det god grunn til å vere stolt av det programskaparane Arve Uglum og Torje Bjellås har laga.

Eg synest også vi kan vere stolte av at naturen generelt, og den verna naturen spesielt, i Sogn og Fjordane blir synt fram på ein framifrå måte. Vi har i den første episoden sett fjellfolk på bading og breklatring i Nigardsbreen naturreservat, på brevandring i Jostedals­breen nasjonalpark, på hjortejakt i flotte haustfargar i Mørkridsdalen landskapsvern­område, og vi har fått innblikk i drifta av ei turistforeiningshytte i utkanten av Jotunheimen nasjonalpark. I neste episode skal vi også få del i spennande padling på ein verdsarvfjord i Nærøy­fjorden landskapsvernområde.

TV-programmet viser både fjellfolk som har naturen som yrke, og fjellfolk som brukar naturen i fritida. Naturen og dei fleste verneområda i Sogn og Fjordane har plass til fleire av båe desse kategoriane av brukarar.

I den statlege satsinga av «Naturarven som verdiskapar» er det gode døme på korleis naturopplevingar i verna natur kan utviklast i samspel med næringsaktørar innan reiseliv, lokalsamfunn, forvaltning og kunnskapsinstitusjonar.

I Sogn og Fjordane har vi tre prosjekt som i ein femårsperiode får statlege tilskot til å skape gode døme på verdiskaping med natur som den viktigaste råvara:

  • I kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen: «Kystarven»

Sogn og Fjordane sin visjon for reiselivsutviklinga fram mot 2025 er «Berekraftige naturopplevingar i verdsklasse».

Eg vonar at TV-seriar som «Fjellfolk», statlege satsingar som «Naturarven som verdiskapar» og prioriteringane i reiselivsplanen for Sogn og Fjordane, kan føre til at vi kan utvikle det naturbaserte næringslivet samstundes som naturverdiane vert ivaretekne.

Vern av natur inneber altså at områda også vil kunne brukast eller vere tilgjengelege for fastbuande og besøkande. Reiselivsnæringa vil kunne bruke naturområda til verdiskaping og vekst, men i nasjonalparkane og andre verna område må bruken i endå større grad enn i naturen elles skje på naturen sine eigne premissar!

Nasjonalparkane i siget

Av Nils Erling Yndesdal, Publisert torsdag 17. mars 2011

I år etablerer vi lokale nasjonalparkstyre eller verneområdestyre for alle dei fire nasjonalparkane og andre større verneområde i Sogn og Fjordane. Styra, som er politisk samansette, har ansvar for å ta vare på og forvalte dei flottaste naturjuvelane våre.

Dei fleste kjenner til områda Jotunheimen, Breheimen, Jostedalsbreen og Nærøyfjorden. Her har vi nasjonalparkar, landskapsvernområde og verdsarvområde. Styra som no vert etablert vil òg få ansvaret for meir ukjende verneområde. Mellom anna Bleia natur­reservat med den sjeldne planten urvalmuen, og Nordheimsdalen naturreservat med eit mangfald av ulike furuskogtypar. Du finn nærare omtale av verneområda på Miljøstatus for Sogn og Fjordane.

Når Noreg sine fremste utøvarar innan ekstremsport i Oppdrag Sognefjorden i beste sendetid på NRK boltrar seg i spektakulær natur, skjønar vi at dette er god reklame. Det er også god reklame for Sogn og Fjordane når verneområda våre får svært god omtale på Miljøverndepartementet sin første store nasjonalpark­konferanse for dei nye styra.

Fylkesmannen skal no tilsetje fagfolk med rett kompetanse, og desse skal leggje til rette for at ordførarar og andre politikarar kan gjere ein god jobb i nasjonalparkstyra. Fagfolka (nasjonalparkforvaltarar eller verneområdeforvaltarar) skal ha kontor nært knytt til verneområda. Førebels er det avgjort at Norsk Bremuseum i Fjærland og Rådhuset til Luster kommune i Gaupne skal få nasjonalparkforvaltarar. Eg håpar og trur at Sogn og Fjordane vil få ytterlegare tre slike stillingar, plassert rundt om i fylket.

Eg er overtydd om at dei nye forvaltarstillingane, og framfor alt dei nye styra, vil bidra til at naturskattane våre vert godt ivaretekne framover. Og eit godt samspel med dei fem – seks godt etablerte lokale naturoppsynsstillingar i fylket vil vere viktig. Oppgåvene er mange: Informasjon, skjøtsel, tilrettelegging og marknadsføring. Det vil også vere høve til å leggje til rette for verdiskaping knytt til næringsutvikling så lenge dette ikkje går ut over dei verdiane i nasjonalparkane.

Oppmodinga mi er: Sjå mulegheitene som ligg i verneområda. Sjå mulegheitene i dei lokalt forankra styra. Ver stolt av naturkvalitetane våre! Ved å forvalte naturområda våre for framtida, vil denne unike ressursen auke i verdi; eit stort ansvar og endå større mulegheiter.

Når skal vi bli stolte av nasjonalparkane våre?

Av Christian Rekkedal, Publisert måndag 21. september 2009

I august opna  statsminister Jens Breheimen Nasjonalpark, det siste store verneområdet her i fylket. Jens fekk god hjelp frå fire andre ministrar: Liv Signe, Heidi, Kristin og Erik. Det vart mange store ord, men det eg hugsar best, er Simen ordførar i Lom: ”Dette er min største dag som ordførar!” 

Dette sa han altså sjølv om alle som kjenner slike prosessar, veit det kan vere konflikt mellom nasjonale verneprosessar og lokale grunneigarar, lokalt folkestyre og kommunen. Men vi veit også at desse store verneområda med unik natur gir store muligheiter for reiseliv, opplevingsbedrifter, marknadsføring og friluftsliv. Dei fem ministrane tala både lenge og godt om desse muligheitene. Her i fylket har vi som regel festa oss ved ulempene.

Les resten av dette innlegget »