Hjorten for alle

Av Hermund Mjelstad, Publisert tysdag 3. november 2009

Vi lever i eit fylke rikt på natur og dyreliv. Bjørkeskogen kryp stadig høgare opp, kulturlandskapet gror att mange plassar og gardsbruka ligg spreidd utover og gjev godt innmarksbeite for ein talrik hjortebestand. I fylket er det elles spreidd busetnad som er regelen, byane er få og små. Eg vil tru vi har meir hjort enn folk her i trivselsfylket! I haust vil det bli skote kring 12 000 hjort, eit eldorado for jegerane, men kanskje eit slit for kvinnfolka. Det er framleis slik at berre 6 % av jegerstanden er kvinner.

Eg undrar meg ofte på kvifor hjortejakta ikkje blir brukt meir i marknadsføringa av fylket vårt. Mange kommunar slit med å halde folketalet oppe, og ulike idear blir prøvd ut for å lokke til seg nye tilflyttarar. Kva med å tilby alle nytilflytta eit gratis hjorteløyve eller deltaking i eit jaktlag ? Vi skal hugse at hjortejakt er eksotisk for mange. At det heller ikkje let seg gjere å få kjøpt hjortekjøt på butikken viser at vi har langt att for å gjere hjorten til allemannseige. Kvar blir det av dei nesten 500 tonna med hjortekjøt? Vi får håpe at ikkje alt for mykje blir liggande på botnen av frysaren, til det er det eit for godt og næringsrikt kjøt. Og ikkje minst er det i høgste grad kortreist ! Her ligg mange spennande utfordringar for fylkeskommunen no når dei frå årsskiftet får eit regionalt ansvar for hjorteviltet .

Alt har sin pris, også eit historisk høgt tal hjort. Skade på eng og skog, mogleg spreiing av flått, i snitt minst ein påkøyrd hjort kvar dag, skade på hagar osb. Inntrykket er vel likevel at dei positive sidene framleis er langt større enn dei negative.

Korleis ser det så ut om 20 år? Vi kan sjå for oss eit scenario der alt berre er idyll, ein frisk hjortebestand, stadig fleire får delta i jakta og nesten halvparten er kvinner. Alle nytilflytta får eit gratis hjorteløyve av kommunen eller får tilbod om å vere med i eit jaktlag. Også folk frå andre kulturar får delta i eit jaktlag for å oppleve jakta og jaktkulturen. Betre integrering kan vel neppe tenkjast ? Utviklinga kan sjølvsagt gå ein heilt anna veg, men i dag tenkjer vi positivt.

Post to Twitter Twitter Post to Facebook Facebook

Trasig klima – kan vi gjere noko?

Av Christian Rekkedal, Publisert måndag 12. oktober 2009

Etter nedbør i to og ein halv månad, er det vel få som hugsar at vi hadde tendens til turke tidleg i sommar? Eg fekk telefonar frå journalistar som spurde korleis det ville gå med avlingane i varmen. Svaret eg hadde på tunga var ”ingen fare for turke, eg skal på ferie på måndag”.  Men dessverre feiga eg ut og sa noko om at det brukar å jamne seg ut. Regnet kom tredje dag i ferien.

Det langsiktige klimavarselet er at dei komande åra kan bli som 2009: varmare og våtare.  Vi veit vi må redusere netto utslepp av CO2, produsere meir rein og fornybar energi, og uansett bu oss på klimaendringar. Samtidig har vi svært vondt for å få til konkrete endringar i både haldningar og handlingar.

Les resten av dette innlegget »

Post to Twitter Twitter Post to Facebook Facebook