Skulenedlegging

Av Åslaug Krogsæter, Publisert måndag 25. januar 2010

Fylkesmannen har fått i oppdrag å kartleggje årsakene til skulenedlegging dei siste åra.

No skal eg ikkje forskottere kva kartleggingane kring om i landet vil avdekkje, men eg trur vi vil få ein god del svar som peikar på samansette årsaker. Dårleg økonomi gjer at mange kommunar ikkje ser seg råd til å ha skular i alle bygdelag, men lågt elevtal åleine kan også gje grunn til å vurdere samanslåing.

I Sogn og Fjordane er det store avstandar og lite folk, og skulestruktur og storleik blir deretter. Barn i Bygde-Noreg har krav på ein like god skule som barn i meir sentrale strok, og spørsmålet er kva som er tenleg skulestorleik. Opplæringslova seier at grunnskulane ikkje bør ha meir enn 450 elevar, men lova seier ingenting om nedre grense. Krava som er nedfelte i lov og læreplan krev høgt kompetente og engasjerte leiarar og lærarar. Det er vanskeleg å stette desse faglege krava om skulane blir for små, og det er til tider også vanskeleg å rekruttere kvalifiserte pedagogar. Skulane blir svært sårbare om det er få om det totale ansvaret.

Kva gir så best kvalitet av store eller små skular? Det er ikkje noko fasitsvar på dette, og kvaliteten må difor vurderast kontinuerleg. God skuleleiing er viktig, det same er fagleg og sosial kompetanse hjå lærarane. Samstundes veit vi at heimane også spelar ei avgjerande rolle for i kva grad ungane lukkast i skulen. Desse faktorane, og ikkje minst samspelet dei i mellom vil bestemme korleis kvaliteten blir.

Eit anna moment som etter mi vurdering ikkje får nok merksemd, er elevane sitt læringsmiljø. Ungane skal gjennom skulegangen få ei fagleg, personleg og sosial utvikling. Dette er avhengig av eit godt samspel med andre, og vi veit at ei god utvikling er avhengig av at ungane har gode vener. Er det til dømes eit greitt utgangspunkt å vere den einaste guten av fem elevar på trinnet sitt?

Mange partar har legitim interesse i debatten om oppretthalding eller nedlegging av skular, og la oss difor vere grundige og respektfulle i dei debattane som truleg vil kome. Mi oppmoding er at vi heile tida må ha  fokus på kva som er best for ungane våre. Nostalgiske tankar om kvite små skulehus for 40 år sidan gagnar ikkje framtida.

Post to Twitter Twitter Post to Facebook Facebook

Alle har eit ansvar for å hindre mobbing

Av Åslaug Krogsæter, Publisert onsdag 25. november 2009

Mobbing er eit alvorleg samfunnsproblem som har stort fokus hos nasjonale styresmakter. Mobbing rammar alle aldersgrupper og kan få store skadeverknader for den som blir utsett for det. Partane i arbeidslivet har eit ansvar for å sikre at arbeidsmiljølova sine krav blir overhalde, medan skuleeigar har ansvar for å sikre elevane eit trygt og forsvarleg skulemiljø.

Det er eit svært krevjande arbeid for skulane å hindre mobbing, og det er eit arbeid som aldri må ta slutt. Det handlar mellom anna om å lære elevane til å ta ansvar for kvarandre. Skal det vere mogleg å hindre og stoppe mobbing,  må både elevar, foreldre og lærarar vere vakne og ansvarlege slik at dei varslar eller grip inn.

Før kunne vi kanskje gå omvegar dersom nokon var ute etter oss. I dag er det mogleg å nå oss utan å passe oss opp då meldingar kan sendast anonymt via Internettet eller som tekstmeldingar til alle tider av døgnet. Det er så mykje lettare å krenkje den du ikkje møter og må sjå i auga. Nye mobbemetodar hindrar også at andre ser kva som skjer dersom det ikkje blir sagt ifrå. Heldigvis har mange gode krefter i samfunnet engasjert seg i arbeidet mot mobbing. 

Difor er det svært forstemmande korleis media til tider aktivt motarbeider dette arbeidet t.d. gjennom ulike tv-seriar som bevisst spelar på utstøyting og mobbing  som underhaldning. Aller verst er det å sjå at NRK, som blir finansiert av oss alle, systematisk legg til rette for uhøveleg framferd og krenkjande ytringar gjennom måten kanalen set aktuelle saker til debatt på. Etter mi vurdering handlar dette om å legalisere primitiv åtferd og fortelje ungane våre at det er greitt at vi ikkje treng å ta ansvar for simple og krenkjande ytringar. Det må vere på høg tid at kanalen avviser anonyme debattinnlegg på nettet. Om vi alle stod for ytringane våre, ville også debattane bli meir konstruktive og interessante.  Eit kjent uttrykk seier ”det trengs ein heil landsby for å oppdra eit barn”. Eg håper og trur at NRK Sogn og Fjordane ønskjer å tilhøyre denne landsbyen.

Enn så lenge jobbar vi på kvar vår front med å motarbeide mobbing. Fylkesmennene skal i 2010 føre tilsyn med skuleeigarar i heile landet for å sjå om dei har eit forsvarleg system for å sikre elevane eit trygt læringsmiljø fritt for mobbing. Meir informasjon om skuleverket sitt arbeid for eit trygt læringsmiljø finn du på Utdanningsdirektoratet si temaside om mobbing.

Post to Twitter Twitter Post to Facebook Facebook

Tid for å markere kvinner

Av Oddvar Flæte, Publisert sundag 18. oktober 2009

Vi er fleire kvinner enn menn i embetet. Våre 61 kvinner er ressurssterke og representerer både  breidde og spisskompetanse. I debattar blir det stundom etterlyst kor ein finn arbeidsplassar for dei med høgare utdanning i fylket.

Vi har kvinner med doktorgrad, juristar, embetseksamen innan natur- og samfunnsvitenskap, sivilagronomar, mastergradar i økonomi og naturvitenskap, fysiopterapeut, sjukepleiar, jordmor, sosionomar, handel- og kontorfag, høgskulekandidatar, datahøgskule, vidaregåande, førskulelærarar, jordskiftekandidatar og ei rad med master i ulike fag.

Kort sagt: Vi har ei allsidig og spennande gruppe kvinner som i høg grad er både skrive- og taleføre. Vi kjenner oss ikkje att i sytet om at det ikkje er kompetansearbeidsplassar for kvinner. Den kommande veka vil vi kvar dag leggje ut ein blogg frå kvinner i ulike avdelingar for å synleggjere ein kompetanse som blir etterlyst.

Og om det skulle vere tvil: Vi har svært tilfredsstillande tilgang på søkjarar

Post to Twitter Twitter Post to Facebook Facebook

Politikarane inn i skulen?

Av Åslaug Krogsæter, Publisert tysdag 29. september 2009

Ei undersøking før stortingsvalet tok opp kva saker som tel mest når vi skal velje parti. Øvst på lista kom skulen, tett følgd av miljø og eldreomsorg.

Det er kanskje ikkje underleg at skule og opplæring er eit viktig område for folk flest. Det handlar om korleis vi tar vare på ungane våre og gir dei vilkår for fagleg, personleg og sosial utvikling i eit fellesskap som skal inkludere alle. Vi ønskjer å fostre opp nye generasjon som kan ta del i arbeids- og samfunnslivet, eit arbeids- og samfunnsliv som skal berast oppe av demokratiske grunnverdiar og omsorg og respekt for kvarandre.

Det er lett å forstå at foreldre, besteforeldre og andre vaksne er opptekne av at barn og unge skal få så gode vilkår som mogleg slik at dei kan meistre liva sine. Men engasjerer dei folkevalde seg nok, eller overlet dei i for stor grad skule og opplæring til lærarane og skuleleiarane?

Les resten av dette innlegget »

Post to Twitter Twitter Post to Facebook Facebook