URO-brev til KRD
Av Oddvar Flæte, Publisert fredag 25. september 2009Ei av oppgåvene til fylkesmannen er å gi tilbakemelding til dei sentrale styresmaktene. Denne gongen har vi gjort det i form av eit brev som avspeglar uro.
Vi er glade for store reformer som skal gjennomførast for heile landet. Samstundes opplever vi i vårt fylke at små administrasjonar er sårbare for omstillingar og at det er ein svært ujamn kompetanse. Det rike tal samarbeidsordningar har demokratiske utfordringar.
I drøftinga kring samhandlingsreforma, blir det peika på at fleire kommunar bør finne samarbeidsmodellar. Det same bør også vurderast ved bruk av plan og bygnings-lova, klima, skole, sosialsida og økonomi.
Interkommunalt samarbeid medfører monalege utfordringar. Motivasjonen er ulik mellom kommunane fordi fordeling av nytte og kostnadar er ulik. Løysingane vil innebere å ta stilling i konfliktfylte spørsmål mellom anna knytt til lokalisering. Dette er vanskelegare innafor ramma av interkommunalt samarbeid enn innanfor ein kommune. Interkommunalt samarbeid er ressurs- og kompetansekrevjande og kan innebere ei svekking av lokaldemokratiet. I sum trugar utfordringane sjansen for å lukkast med gjennomføringa av samhandlingsreforma.
