Skulenedlegging

Av Åslaug Krogsæter, Publisert måndag 25. januar 2010

Fylkesmannen har fått i oppdrag å kartleggje årsakene til skulenedlegging dei siste åra.

No skal eg ikkje forskottere kva kartleggingane kring om i landet vil avdekkje, men eg trur vi vil få ein god del svar som peikar på samansette årsaker. Dårleg økonomi gjer at mange kommunar ikkje ser seg råd til å ha skular i alle bygdelag, men lågt elevtal åleine kan også gje grunn til å vurdere samanslåing.

I Sogn og Fjordane er det store avstandar og lite folk, og skulestruktur og storleik blir deretter. Barn i Bygde-Noreg har krav på ein like god skule som barn i meir sentrale strok, og spørsmålet er kva som er tenleg skulestorleik. Opplæringslova seier at grunnskulane ikkje bør ha meir enn 450 elevar, men lova seier ingenting om nedre grense. Krava som er nedfelte i lov og læreplan krev høgt kompetente og engasjerte leiarar og lærarar. Det er vanskeleg å stette desse faglege krava om skulane blir for små, og det er til tider også vanskeleg å rekruttere kvalifiserte pedagogar. Skulane blir svært sårbare om det er få om det totale ansvaret.

Kva gir så best kvalitet av store eller små skular? Det er ikkje noko fasitsvar på dette, og kvaliteten må difor vurderast kontinuerleg. God skuleleiing er viktig, det same er fagleg og sosial kompetanse hjå lærarane. Samstundes veit vi at heimane også spelar ei avgjerande rolle for i kva grad ungane lukkast i skulen. Desse faktorane, og ikkje minst samspelet dei i mellom vil bestemme korleis kvaliteten blir.

Eit anna moment som etter mi vurdering ikkje får nok merksemd, er elevane sitt læringsmiljø. Ungane skal gjennom skulegangen få ei fagleg, personleg og sosial utvikling. Dette er avhengig av eit godt samspel med andre, og vi veit at ei god utvikling er avhengig av at ungane har gode vener. Er det til dømes eit greitt utgangspunkt å vere den einaste guten av fem elevar på trinnet sitt?

Mange partar har legitim interesse i debatten om oppretthalding eller nedlegging av skular, og la oss difor vere grundige og respektfulle i dei debattane som truleg vil kome. Mi oppmoding er at vi heile tida må ha  fokus på kva som er best for ungane våre. Nostalgiske tankar om kvite små skulehus for 40 år sidan gagnar ikkje framtida.

Post to Twitter Twitter Post to Facebook Facebook

Politikarane inn i skulen?

Av Åslaug Krogsæter, Publisert tysdag 29. september 2009

Ei undersøking før stortingsvalet tok opp kva saker som tel mest når vi skal velje parti. Øvst på lista kom skulen, tett følgd av miljø og eldreomsorg.

Det er kanskje ikkje underleg at skule og opplæring er eit viktig område for folk flest. Det handlar om korleis vi tar vare på ungane våre og gir dei vilkår for fagleg, personleg og sosial utvikling i eit fellesskap som skal inkludere alle. Vi ønskjer å fostre opp nye generasjon som kan ta del i arbeids- og samfunnslivet, eit arbeids- og samfunnsliv som skal berast oppe av demokratiske grunnverdiar og omsorg og respekt for kvarandre.

Det er lett å forstå at foreldre, besteforeldre og andre vaksne er opptekne av at barn og unge skal få så gode vilkår som mogleg slik at dei kan meistre liva sine. Men engasjerer dei folkevalde seg nok, eller overlet dei i for stor grad skule og opplæring til lærarane og skuleleiarane?

Les resten av dette innlegget »

Post to Twitter Twitter Post to Facebook Facebook