På tide å møtast på samvirkelaget?

Av Haavard Stensvand, Publisert måndag 6. juli 2015

Mange er opptatt av samfunnstryggleik og beredskap, og det er bra. Vi har eit samfunn der det i det store og heile er veldig trygt å bu. Det er likevel fint at mange jobbar for at det skal verte endå tryggare og trivelegare.

Sogn og Fjordane har vore gjennom mange alvorlege hendingar dei seinaste åra. Ein av dei viktigaste lærdomane er at det er svært viktig med eit godt samarbeid mellom aktørane som er involvert i handteringa. Aktørane må finne kvarandre når det skjer uønskte hendingar, dei må snakke saman og dei må finne løysingar saman. På beredskapsspråk heiter det samvirke. Fleire stortingsmeldingar har understreka samvirkeprinsippet som eit berande prinsipp for korleis vi skal jobbe med samfunnstryggleik i Noreg.

Samvirke og samarbeid på tvers av organisatoriske grenser

Merksemda omkring beredskapsarbeid gir seg òg utslag i at det vert arrangert mange store møte og konferansar om temaet. For dei som er ivrige til å reise på slikt, kan det verte mange og lange dagar i konferansesalar rundt omkring på norske hotell. Og så kostar det skjorta både å reise og å delta. Så langt i år er eg t.d. invitert til samfunnstryggleikskonferanse i Stavanger, DSB sin samfunnstryggleikskonferanse i Oslo og brannvernkonferanse i same by. Innimellom og før og etter har Nasjonal sikkerhetsmyndighet tilbode deltaking på sin tryggleikskonferanse, Direktoratet for nødkommunikasjon på Nødnettdagane og KFB på totalforsvarskonferanse. Og det må heller ikkje gløymast at NVE inviterte til beredskapskonferanse i Kristiansand i mai. Siste halvår vil heller ikkje mangle tilbod. Vi kan t.d. reise på lokal sikkerhetskonferanse (agendakonferansen) i oktober og redningskonferanse i september. Og så kjem sikkert Helsedirektoratet til å invitere til den årlege helseberedskapskonferansen.

Eg håpar og trur at samvirke er eit tema som har gått, og vil gå igjen på fleire av desse konferansane. På nokre konferansar har vi til og med her frå fylket fått lov til å dele nokre erfaringar om det temaet. Det ser likevel ut til at samvirke og samarbeid om å lage fagkonferansar ikkje er noko som står høgt på sakskartet hjå nasjonale styresmakter. Då min eigen sjef, Anne Karin Hamre, deltok på helseberedskapskonferansen i fjor, lanserte ho ein idé om at i år burde fagdirektorata gå saman og arrangere ein «samvirkelagskonferanse». Det ville ha vore eit flott høve til både symbolsk og i praksis å vise at statlege styresmakter evnar å jobbe saman på tvers av organisatoriske grenser.

Ideen er så god at han fortener å verte lansert igjen. Det einaste argumentet i mot som eg klarar å sjå, er at hotella ønskjer gjester, og transportselskapa passasjerar.  Ha ein god og samvirkeleg sommar!

Dialog som verdiskapar?

Av Svein Helge Steinsåker, Publisert tysdag 26. februar 2013

Dialog og samarbeid var hovudtema då prosjektet stat – næring Sogn og Fjordane tidlegare denne månaden samla deltakarar frå privat og offentleg sektor til plan- og byggjesakskonferanse i Førde. Føremålet med konferansen var mellom anna å betre rolleforståinga mellom offentlege og private planleggjarar og næringsaktørar. Dialog, erfaringsutveksling og nettverksbygging vart av deltakarane framheva som svært viktige tiltak for å sikre oversiktelege og effektive plan- og byggjesaksprosessar. Det var også mange som understreka behovet for langsiktig, overordna planlegging og at alle partar involverer seg tidleg i planprosessane.

Betre dialog og er også eit gjennomgåande tema i regjeringa sin Strategi for økt innovasjonseffekt av offentlige anskaffelser, som vart lagt fram sist veke. Offentleg sektor i Noreg handla i 2011 varer og tenester for nær 400 milliardar kroner, og auka samarbeid mellom innkjøpar, leverandør og brukar vil venteleg kunne gi meir effektiv ressursutnytting og betre tenestekvalitet.

Omgrepet ”leverandørutvikling” inneber at det offentlege i større grad enn tidlegare skal leggje til rette innkjøpsprosessane slik at leverandørmarknaden vert både utfordra og utvikla. Auka dialog mellom kunde og leverandør kan, i tillegg til å utvikle lokalt næringsliv, også gi innspel til å utforme sjølve konkurransegrunnlaget på nye måtar.

Offentlege verksemder skal til dømes kjenne til langsiktige utviklingstrekk innanfor sine ansvarsområde, og dei totale innkjøps- og brukskostnadene for eit produkt skal leggjast til grunn ved innkjøp. Dette ”livssyklusprinsippet” gjer det enklare å sjå innkjøp av varer og tenester i eit nytt lys, og kanskje er det slik at tenester og løysingar frå det lokale næringslivet er både billigast og best i det lange løp?

Informasjonstilgang er avgjerande for å sikre effektive innkjøpsprosessar, og elektroniske kanalar vert stadig viktigare. Korleis kan ein gjere regelverket lettare tilgjengeleg og enklare å bruke for både kunde og leverandør? Når kjem ”AnskaffelsesAPPen”, og kan den bli utvikla her i fylket?

Betre samspel mellom offentleg og privat sektor i innkjøpsprosessane er altså eit tiltak for å stimulere til næringsutvikling og betre offentlege tenester. Målet med meir marknadskontakt er mellom anna å gi innkjøparen betre oversikt over kva som finst i marknaden, og kva som eventuelt kan utviklast. Men for å lukkast må vi også engasjere leverandørane:

Korleis kan næringslivet i Sogn og Fjordane finne løysingar som svarer til behova innanfor offentleg sektor, og i kva grad kan lokale verksemder bidra til å definere utviklingsbehova også på nasjonalt nivå? Etterspør det offentlege konkrete løysingar når vi eigentleg bør skildre føremålet? Og har kunden alltid rett?

Betre samarbeid med næringslivet

Av Anne Karin Hamre, Publisert tysdag 19. juni 2012

Korleis kan vi få til eit betre samspel mellom den regionale staten og næringslivet? Kvar er det behov for betre dialog, samordning og effektivisering i kontakten mellom staten og næringslivet? Dette er spørsmål vi no set på dagsorden i eit stat-næringsliv-prosjekt. Vi er fleire statlege etatar som saman ønskjer å arbeide for at staten kan verte ein konkurransefordel for næringslivet i fylket. I første omgang har Innovasjon Norge, Skatt vest, Høgskulen, NAV og Fylkesmannen vorte samde om å etablere eit samarbeidsprosjekt og setje av midlar til ei felles prosjektleiarstilling som skal jobbe med dette. Leiarane for desse verksemdene vert saman med NHO og LO styringsgruppe for prosjektet, og har sitt første møte 27. juni. Etter kvart reknar vi med at fleire statsetatar melder seg på prosjektet.

Om lag 40 ulike statlege etatar utgjer den regionale statsforvaltninga. Næringslivet møter dei fleste av desse i ulike samanhengar. Det kan vere vanskeleg å få oversyn over kven som gjer kva, og staten står diverre ikkje alltid fram som godt samordna. Dette ønskjer vi no å forbetre. Det er òg eit mål å utvikle betre forståing for dei rammevilkåra som påverkar begge partar. For oss som statlege leiarar er det viktig å peike på kva som er mogleg innanfor det handlingsrommet vi har, utan å skape urealistiske forventningar til kva vi kan løyse.

Eit døme er korleis skatteetaten best mogleg legg til rette for at utanlandsk arbeidskraft på ein enkel måte kan ordne seg naudsynt skattekort eller andre papir, utan å måtte reise til Bergen eller Oslo. Her er dialogen mellom skatteetaten og næringslivet alt i gang

Første steg på vegen er å få synspunkt frå næringslivet på kva område det er størst behov for betre dialog og samarbeid. Kan vi få i gong større satsingar på område som er viktige for begge partar? Næringsbarometeret syner at vi manglar 800 kvalifiserte arbeidstakarar i Sogn og Fjordane. Vi blir stadig meir avhengige av arbeidsinnvandring for å løyse oppgåver både i offentleg og privat sektor. Samstundes er det rom for å betre måten vi legg til rette for og inkluderer både innvandrarar og tilflyttarar i lokalsamfunna våre. Er dette noko vi kan samarbeide om i eit stat-næring-prosjekt? Kvar kan vi kan bli betre på informasjon, rettleiing og opplæring? Kan vi samordne tilskotsordningar og andre verkemiddel på ein betre måte? Er det område der saksbehandlinga kan gjerast meir effektiv? Vi oppmodar næringslivet om å kome med synspunkt!

Fylkesmannen tek Sjumilssteget – til beste for barn og unge i Sogn og Fjordane

Av Bodhild Therese Cirotzki, Publisert tysdag 29. mai 2012

Media fortel historier om barn og unge som ikkje får det tilbodet dei har rett på. Det kan vere retten til god omsorg, fullverdig helsehjelp eller tilhøve i barnehage og skule som ikkje er tilrettelagt godt nok. Korleis er det for barn og unge å vekse opp i trivselsfylket Sogn og Fjordane?

Sjumilssteget er eit prosjekt som hjelper kommunane å setje søkjelys på oppvekstvilkåra for barn og unge. Det er eit felles løft for å gjennomføre FNs barnekonvensjon ute i kommunane, og gir kommunane handlingskompetanse og metodar for skape eit meir barnevennleg lokalsamfunn. FNs barnekonvensjon legg føringar for det lokale arbeidet med barn og unge, og vart vedteken av FNs generalforsamling 20.11.1989. Barnekonvensjonen er ratifisert av nesten alle land i verda og inneber at nasjonale styresmakter må følgje dei ulike artiklane i konvensjonen. Barnekonvensjonen er også førande for kommunal verksemd. Konvensjonen er utforma utan omsyn til korleis kvart enkelt land eller lokale styresmakter vel å organisere sine tenestetilbod, og inneber difor ei plikt til å tilpasse lovgiving og praksis i samsvar med konvensjonen. Kommunane må sørgje for at rettar som må løysast i fellesskap mellom ulike kommunale tenester til barnas beste, blir organisert slik at samarbeidet fungerer.

Dei fleste barn klarer seg godt med den omsorga dei får heime. Det er likevel mange barn som har behov ut over dette og som ikkje får gode nok tilbod frå enkelttenester, eller som ikkje får tenester som er samordna på en slik måte at det heilskaplege behovet hjå barna blir dekte.

På lik line med resten av landet viser ulike forskingsrapportar at trivselsfylket Sogn og Fjordane og har utfordringar med å ivareta barn og unge. Erfaringa er at fleire kommunale tenester i liten grad melder frå om barn som har det vanskeleg. Barnehagane, skulane og delar av helsetenesta er blant dei tenestene som sjeldan melder til barnevernet. Mangel på slike meldingar kan føre til at nødvendig hjelp kjem så seint at det ikkje lenger er nok med enkle hjelpetiltak kring barnet.

Etter innføring av retten til barnehageplass i 2009 har 91,9 % av barna i alderen 1 til 5 år barnehageplass i Sogn og Fjordane. Dette legg til rette for å kunne gi barn eit godt tilrettelagt tilbod. Fleire barn og foreldre som treng hjelp, kan få det. Forsking viser at tidleg kartlegging og tiltak i barnehagen og skulen, vil ha stor innverknad for sjansen til å lukkast seinare i livet.

Gode oppvekstkår, å førebygge problem og sikre god helse hjå barn er eit av dei viktigaste ansvarsområda til samfunnet. Difor er det eit overordna mål for Fylkesmannen at kommunane skal kunne auke si evne til å sikre at barn deltek i samfunnsutviklinga og at kvart barn og kvar familie får nødvendige og tilstrekkelege tilbod frå dei ulike tenestene i kommunen.

Å få reise til ei perle

Av Haavard Stensvand, Publisert onsdag 16. mai 2012

Winston Churchill kalla i si tid Uganda «den Afrikanske perla». Mest truleg skuldast det at han såg at landet er svært vakkert, med grøne dalar, store sjøar og høge fjell. Både styresmaktene og turistnæringa i Uganda prøver å utnytte kallenamnet til å marknadsføre landet som turistmål. Dette året vert dei godt hjelpt av Lonely Planet, som har plassert det som nummer éin på lista over «Best in Travel»-landa for 2012.

I mars fekk eg vere med i ein liten norsk delegasjon til Uganda, saman med nokre tilsette i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og Utanriksdepartementet (UD). Bakgrunnen for besøket var at norske styresmakter ønskjer Uganda som eit afrikansk pilotland for samarbeid om førebygging av humanitære katastrofar. DSB skal gi faglege råd til UD om korleis Noreg og Uganda kan samarbeide innanfor område som førebygging og handtering av naturulykker, og klimatilpassing. I dette er det òg interessant å sjå om regionale og lokale erfaringar frå Noreg kan overførast til Uganda.

Ein av lærdomane frå turen er at trass store skilnadar mellom Uganda og Noreg, er det veldig viktige likskapar. Innanfor ein del sentrale tema i arbeidet med samfunnstryggleik, som t.d. klimaverknader, naturulykker, førebygging og beredskapsplanlegging, tenkjer vi mykje meir likt enn eg trudde på førehand.

Vi var på eit besøk hjå styresmaktene i distriktet Bulambuli. Det ligg inntil nasjonalparken Mount Elgon, på grensa til Kenya. I dei bratte liene og fjellsidene er det i regntida store problem med jordskred, og seinast i fjor vart fleire titals menneske drepne då store skred sopte vekk hytter og skur der det budde folk. Både lokale styresmakter og sentralregjeringa var veldig opptekne av korleis det kan gå an førebyggje at skreda tek liv, og ønskjer svært gjerne å ta del i norske erfaringar.

Vi var òg på besøk ved fleire fakultet med Makerere universitetet i Kampala. Det er ein av dei eldste og mest prestisjefylte utdanningsinstitusjonane på det afrikanske kontinentet. Vi var der m.a. for å sjå om det er område knytt til samfunnstryggleik som det kan vere aktuelt å samarbeide med norske utdannings- og forskingsinstitusjonar om. På dette området er nok heller ikkje Noreg og Uganda så ulike; det ligg truleg viktige gevinstar i å få til ein betre flyt av kunnskapar og erfaringar mellom akademia og forvaltninga.

Reisa til Uganda var for meg òg ei utfordring for gamle førestillingar og oppfatningar av Afrika. Kall dei gjerne fordommar. Hadde eg for eit halvt år sidan vorten spurt om kva det første eg tenkte på når nokon sa «Uganda», ville eg truleg ha svart «Joseph Kony» eller «Idi Amin». Eg ville ikkje kunna fortelje at Kampala vert rekna som ein av dei aller tryggaste byane du kan reise til i Afrika. Og eg ville i alle fall ikkje visst kor venlege og imøtekomande ugandarane er.

Kanskje Sogn og Fjordane kan verte eit pilotfylke for å lære korleis ugandarane får gjester til å kjenne seg så velkomne? I så fall kan fylket verte ein endå trivelegare stad å reise til for turistar. Kan hende resultatet vert så godt at Lonely Planet skriv om det i 2013-utgåva?

Brukarstyrt forsking eller forskarstyrte gissel?

Av Christian Rekkedal, Publisert onsdag 19. oktober 2011

Forsking og kunnskapsbasert utviklingsarbeid (FoU) er svært viktig for utvikling i samfunnet, og samla tildeling over statsbudsjettet til FoU i 2011 er på ca. 23 mrd. kroner. Midlane blir tildelte gjennom til dømes det nasjonale Forskningsrådet, regionale forskingsfond, og forskingsmidlar under ulike departement.

Her er mi historie frå kvardagen. Dei ulike forskingsfonda har søknadsfristar om våren og om hausten, til dømes Forskingsfond Vestlandet no den 12. oktober. Det er viktig å kunne vise til samarbeid med brukarinteresser. I veka før desse fristane blir Fylkesmannen regelmessig invitert til å ta stilling til meir eller mindre gode prosjektidear på kort varsel, med ønske om fagleg og økonomisk støtte. Initiativet til sokalla brukarstyrte innovasjonsprosjekt skjer altså ikkje på grunnlag av næringa og/eller forvaltninga sine eigne behov og prioriteringar, men ut frå FoU-miljøa sin ståstad og deira framlegg. Ære vere aktive FoU-miljø, men det bør vel ikkje vere slik?

I statsbudsjettet for til dømes Landbruks- og matdepartementet er det i 2012 forslag om 590 mill. kroner til diverse FoU-aktivitet på landbruks- og matområdet. Mykje er bunde opp i basisløyvingar og grunnforsking. Men her er også betydelege midlar som ulike forskingsmiljø kan søkje på, dersom dei kan syne til godt samarbeid med brukarinteressene.

Brukarstyrte innovasjonsprosjekt skal medverke til at forskinga blir meir konkret nyttig for ulike sektorar i samfunnet; auka verdiskaping i næringslivet, betre miljø, og betre forvaltning og tenesteyting i det offentlege. Men fungerer det slik i praksis? Er ulike delar av næringslivet, interesseorganisasjonar og offentlege etatar aktive nok, og har dei kapasitet til å matche forskinga med bestilling og pengar?

Samarbeidsrådet for landbruket på Vestlandet har drøfta dette og ynskjer å kome i ei meir offensiv rolle. Landbruket er i sterk endring og det er stort behov for forsking og utvikling. Vi må bli flinkare til å definere dei viktigaste problemstillingane og der vi treng meir kunnskap, vi må prioritere betre, samarbeide meir over fylkesgrensene og utfordre FoU-miljøa på næringa sine prioriteringar. Viss dette går som planlagt, vil landbrukssektoren både bli langt betre til å definere forskingsbehov, og dermed også bli ein betre samarbeidspartnar for FoU-miljøa.

Barnevern 3

Av Oddvar Flæte, Publisert torsdag 23. september 2010

Ikkje trudde eg at eg skulle komme til å skrive tre bloggar om barnevern. Men det er faktisk tredje gongen eg må setje emnet på dagsorden. Denne bloggen er spekka med tal:

Oppsummeringa for første halvår 2010 i Sogn og Fjordane syner at fleire kommunar slit med å oppfylle fristane og har mange barn utan tiltaksplanar. I første halvår 2010 mottok 736 barn ulike former for hjelpetiltak. Det er ein auke på 68 barn i høve siste halvåret. Førde kommune toppar med 99 barn.

Totalt manglar 229 barn i fylket tiltaksplanar. Ja, dei manglar rett og slett ein plan frå kommunen for kva tiltak dei vil setje i gong! Det kom inn 383 nye meldingar dette halvåret. Meldingar om 383 barn som ikkje har det så godt som barn skal ha det.

Men kommunane svarar med 59 fristbrot – ein auke på 37 %. Og her er det Flora som toppar.

Statsbudsjettet for 2010 la til rette for 400 nye stillingar i det kommunale barnevernet. Dersom kommunane i Sogn og Fjordane hadde følgt opp, ville dette ut frå folketalet gi om lag 8 stillingar. Fylket kom samla ut med ein auke på 4,09 stillingar.

Barnevern slit med små kompetansemiljø der nærleik til brukarane ikkje berre er ein føremon. Hjå Fylkesmannen trur vi det er verd å sjå nøye på dei samarbeidsmodellane som vi finn i Hafs-området og kring Sogndal.

Sidan primo juni, har vi prøvt å stimulere Nordfjord med å løyve til saman 600.000 kroner dersom tre kommunar går saman om barnevern. Vi har lova å løyve 100.000 kroner når tre kommunar gjer vedtak om å starte opp ei utgreiing, 200.000 kroner når det er gjort vedtak om ei samarbeidsform og 300.000 kroner når samarbeidet tek til. Vi har forplikta oss til å sende pengane innan to veker etter at søknaden er komen inn og der kommunestyra stadfestar formelt at dei vil gå inn i desse prosessane.

I møte med einskildkommunar har vi understreka at det er viktig at dei har kapasitet til å følgje opp alle barn som kommunen har eit ansvar for, slik at vi ikkje får ein offentleg omsorgssvikt på toppen av vanskelege heimeforhold. Vi har informert om at Statens helsetilsyn planlegg landsomfattande tilsyn for 2011 der tilsynstemaet vil bli bortlagde undersøkingssaker. Og endeleg: I møte med kommunar har vi understreka kor viktig det er at barnehage, skule, barnevern og sosialtenesta kommuniserer godt.

Vi ønskjer å løyve midlar i heile fylket berre det er vilje til å byggje opp. Men vi treng vilje til samarbeid – til beste for barna.

IKT-samarbeid? Look to Sogn og Fjordane!

Av Anne Karin Hamre, Publisert fredag 4. desember 2009

Sogn og Fjordane har hatt mange friske lokaliseringsdebattar. Men heldigvis finst det også gode døme på at vi klarerer å samarbeide, og det jamvel på tvers av fogderigrenser.

Så vidt eg kjenner til, har ingen andre fylke klart å stable på beina eit tilsvarande IKT-samarbeid som spleiselaget IT-forum. Dette samarbeidet, som neste år feirar 15-årsjubileum, femner om ei rad offentlege og private verksemder. Det fylkesdekkande samarbeidet gjennom IT-forum har bidrege til at fylket har teke del i ei rekkje nasjonale og internasjonale prosjekt, og har gitt oss naudsynt infrastruktur. Sidan 2003 har samarbeidet utløyst nær 150 mill. kr til breibandutbygging, og vi har no 97,5% breibanddekking.

For tida har vi fire fylkesdekkande prosjekt som demonstrerer at Sogn og Fjordane framleis er IKT-fylket. I KS-prosjektet Miside-løftet, er målet å heve kvaliteten på alle kommuneportalane i fylket, og leggje til rette for meir sjølvbetjening på nett for publikum. www.forde.kommune.no er eit godt døme på vellukka omlafting av heimesider. I 2011 skal dei kommunale heimesidene i Sogn og Fjordane liggje godt over landsgjennomsnittet på kvalitetsmålingane til Direktoratet for forvaltning og IKT.

Alle kommunane, fylkeskommunen, høgskulen, Fylkesmannen og Vestlandsforsking har delteke i Digitalt skulesamarbeid i Sogn og Fjordane. Skulane har fått på plass digitale læringsplattformar, og høve til å kommunisere og dele kunnskapar mellom skular og skuleslag. Prosjektet har kursa lærarar i å nytte IKT i undervisninga og i sosiale medium, som er ein del av elevane sin kvardag.

Prosjektet Fylkesdekkande IT-tenester for helse i Sogn og Fjordane handlar om å få til ein meir effektiv informasjonsflyt i helsevesenet. I staden for papir i posten, arbeider prosjektet med å få på plass ei sikker, elektronisk meldingsutveksling mellom Helse Førde, legekontor og omsorgstenesta.  Dei fleste legekontora i fylket skal vere klare til å sende og motta meldingar før nyttår. I same gate ligg eDokument-prosjektet, der Fylkesmannen, fylkeskommunen og kommunane samarbeider om løysingar for å kunne sende dokument elektronisk på ein sikker måte.

Alle desse prosjekta er krevjande. Mange deltakarar skal koordinerast, dei tekniske løysingane skal fungere, persontryggleiken skal ivaretakast, og folk må jobbe på nye måtar. Samarbeidsprosjekta har gitt oss erfaringar og kunnskapar i å gjennomføre komplekse prosjekt som mange andre fylke bør vere interesserte i å ta del i. 

Ja, det har jamvel ført til at vi har fått eit statleg direktorat der 70-80 tilsette har dette fylket som utgangspunkt for nasjonal IKT-utvikling.

400 nye årsverk

Av Oddvar Flæte, Publisert fredag 6. november 2009

Då statsbudsjettet vart presentert, var barnevern ein av vinnarane. Ved sia av ei styrking av det statlege barnevernet, skulle dei frie inntektene leggje grunnlaget for at den kommunale barnevernstenesta i kommunane skulle styrkjast med 400 årsverk i 2010. For Sogn og Fjordane skulle det tilsvare til 5-10 nye årsverk.

Les resten av dette innlegget »