Er lova lik for alle i trivselsfylket?

Av Anne Kristin Eitungjerde, Publisert onsdag 3. april 2013

Har du opplevd å ikkje få svar frå det offentlege, eller meiner du at saka di har blitt uforsvarleg teke hand om? Dersom du blir behandla dårleg av dei med makt, kan maktesløysa bli stor.

Rettstryggleiksløftet er ei satsing som Fylkesmannen har i 2013 for å auke merksemda kring grunnleggande reglar for korleis det offentlege skal behandle folk. Vi må skunde oss å seie at Fylkesmannen ikkje har grunn til å tru at folk i Sogn og Fjordane blir behandla spesielt dårleg, men vi er ganske sikre på at også trivselsfylket har ein del å gå på for å sikre rettstryggleiken for alle som treng hjelp av forvaltninga.

Det viktigaste er som oftast resultatet – at ein faktisk får ei teneste eller eit svar. Men vegen dit er av og til meir kronglete enn godt er – og opplevinga ikkje så bra som ho kunne vore med ein ryddig prosess.

Det er sjølvsagt at alle skal få sakene sine behandla rett og på same måten – uavhengig av kven dei kjenner, kva bakgrunn dei har eller kva saka gjeld. I røynda hender det at dette ikkje alltid skjer. Som oftast trur vi at årsaka ikkje er vond vilje, men at vi gløymer oss – eller ikkje har gode nok rutinar for å følgje reglane. Gjennom å setje søkelyset på grunnleggande rettar i heilt vanleg saksbehandling meiner Fylkesmannen at det er mogleg å auke rettstryggleiken monaleg.

Fylkesmannen kjem i 2013 til å halde opplæring og innlegg om dette både hos oss sjølve og for kommunane. Då set vi på dagsordenen tema som: Habilitet, krav til svar og førebels svar, varsel og rett til å uttale seg for partar, grunngjeving av vedtak, klageførebuing og klagebehandling. Vi vil i satsinga og opplæringa vår leggje spesielt stor vekt på retten innbyggjarane har til å reelt medverke til at deira eiga sak blir godt nok opplyst.

Mange av dei grunnleggande forvaltningsreglane er eigentleg sunn fornuft sett i system. Dei som har makt, skal behandle deg og meg skikkeleg, slik at vi kan forstå og akseptere avgjerdene som blir tekne. Men einige i utfallet treng vi ikkje alltid vere!

Portalsykja

Av Anne Karin Hamre, Publisert fredag 1. oktober 2010

På same måte som det finst eit nasjonalt kompetansesenter for mangt og mykje, har vi fått ein jungel av offenlege portalar og nettstader. Bakgrunnen er nok eit oppriktig ønske om å gjere offentleg informasjon enklare tilgjengeleg for folk, men eg er ikkje sikker på om ressursbruk og resultat står i stil med intensjonane.

Siste skot på stamma er www.evalueringsportalen.no. Det er Senter for statlig økonomistyring (SSØ) som skal opprette denne tenesta før nyttår. Fylkesmennene har saman med andre statlege verksemder fått brev frå SSØ med pålegg om å grave djupt i arkiva våre etter evalueringsrapportar. Alle evalueringar vi har bestilt sidan 2005, og dei viktigaste sidan 1994. For kvar rapport skal det registrerast opplysningar i eit skjema som inneheld 18 punkt, inkludert ei oppsummering av rapporten. Sidan våre evalueringar kan vere arkiverte under andre overskrifter enn ”evaluering”, inneber dette at mange fagfolk med lang fartstid i organisasjonen må i sving med å leite fram rapportar i tillegg til arkivpersonalet. Dette oppdraget kjem i tillegg til eit utal rapporteringskrav og spørjegranskingar frå sentrale statlege institusjonar.

Samstundes strevar vi med å få nok ressursar til kjerneoppgåvene våre, som mellom anna  handlar om rettstryggleiken til folk. Som tilsyn i barnevernet, klagesaker innan skule, helse og sosial og fri rettshjelpssaker. Og vi strevar med balansen mellom løpande saksbehandling og nok tid til å gjennomføre den rettleiinga og opplæringa som kommunane etterspør i plansaker, kommunalrett og økonomiforvaltning.

Eg trur evalueringsportalen og liknande tenester som baserer seg på at mange verksemder skal levere innhald, får store utfordringar med å skape eit komplett oversyn og å halde tenesta levande. Svært mange av dei rapportane evalueringsportalen etterspør, er nok alt publiserte på nettet. Skal det offentlege klare å balansere informasjonsoppgåvene med andre viktige oppgåver, må det gjerast ein stor jobb med felles spelereglar slik at informasjon kan utvekslast på tvers av ulike nettstader. På teknisk språk heiter dette interoperabilitet, som er eitt av prinsippa for ny IKT-arkitektur i staten.

Det er Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)   som skal få oss til å jobbe etter desse prinsippa. Difi administrerer forresten ikkje mindre enn tre nettstader for offentlege innkjøp; Doffin.no, Anskaffelser.no, og Ehandel.no. Ikkje enkelt for innkjøparar som frå før har eit komplisert regelverk å orientere seg i, å halde seg oppdatert. Kanskje Difi kan starte med å rydde i eige hus?

Vi bloggar vidare

Av Oddvar Flæte, Publisert torsdag 10. september 2009

Ein fylkesmann er best når han ikkje er synleg, var det ein redaktør som hevda. Fylkesmannen må vere meir synleg, sa ein annan. Forvaltar du mynde, må du halde deg til paragrafane, sa ein tredje.

Godt at vi ikkje  er møtt med likesæle. Men vi kan klart bli betre på formidling: Frå fylket og i fylket. For vi sit på ein god utsiktsstad. Samstundes så er vi ein aktør fordi vi skal tolke reglar og lover, syte for at rettstryggleiken til den einskilde blir ivareteken og varsle sentrale styresmakter om utviklinga i fylket.

Men vi kan og bør kommunisere betre. Rett nok er postlista vår offentleg, vi legg ut mange saker direkte på heimesida vår, vi reiser rundt i kommunane og både lyttar og gir råd. Likevel – vi vedgår at vi kan bli betre på dialog.

Dei sosiale media er ei krevjande sak for oss. Vi høver neppe heime på Facebook, vi er usike på om vi bør twitre, men det gjør inntrykk når det bli hevda at kommunikasjon på nettet blant dei under 30 knapt er på e-post.

Etter ein prøveperiode med ståstad Brussel, går vi nå meir systematisk inn i bloggverda. I tida framover vil eg eller andre i embetet leggje ut minst ein blogg kvar veke. Bloggane vil vere observasjonar, meiningsytringar, utfordringar eller drøftingar av aktuelle emne i fylket.

Og så vonar vi på respons. At det blir fremja synspunkt, blir meint på tvers og langs – med namn under.

Vil vi lukkast med å gjere ein betre jobb? Vi evaluerer saman med dykk til sommaren.