Budsjett og økonomiplanar – innbyggjarane sitt engasjement

Av Kåre Træen, Publisert fredag 22. oktober 2010

Kommunen skal kvart år vedta eit budsjett og rullere ein fireårig økonomiplan. Dette er heimla i kommunelova. Forskrifter  for budsjettarbeidet har minimumskrav om økonomisk informasjon, informasjon som m.a. skal ut til innbyggjarane. Økonomiplanen har ikkje tilsvarande forskriftskrav, og kommunane står dermed noko friare i utforming av sine dokument.

For tenester som skule, omsorg, barnehage er det særlover som regulerer korleis innbyggjarane skal varslast og involverast i større enkeltsaker. Men betyr det at budsjett- og økonomiplanarbeidet er mindre viktig for innbyggjarane? Slett ikkje! Det er i prosessen fram mot vedtak i budsjett og økonomiplanar det blir gjort endringar og (om)prioriteringar i tenestene til deg og meg. Dokumenta i plan- og budsjettarbeidet gjev rammer og er i stor grad styrande for tenestenivået dei nærmaste åra.

Formannskapet sitt forslag til budsjett og økonomiplan skal leggjast ut til offentleg gjennomsyn i 14 dagar før saka går til kommunestyret. Bakgrunnen for dette er at innbyggjarane skal kunne kome med innspel og merknader før kommunestyret behandlar og gjer vedtek. Fylkesmannen går gjennom budsjett og økonomiplanar for alle kommunane i fylket, og gjennomgangen viser at det er store forskjellar i korleis kommunane gjev og framstiller informasjon til innbyggjarane. Slik må det til ei viss grad også vere, for det er ikkje eit mål eller krav at kommunane skal ha lik utforming av dokumenta.

Ei kartlegging av tal innspel og merknader som kommunane fekk for budsjett 2010 og økonomiplan 2010 – 2013 viser at talet ikkje er høgt. Til saman 115 innspel  fordelt på 26 kommunar, gjev eit snitt på 4,4 innspel per kommune. Lag og organisasjonar var dei klart mest aktive, deretter selskap/verksemder og til sist privatpersonar. Denne rekkjefølgja er ikkje overraskande, ettersom innspel knytt til visse type saker kan vere vanskelege å fremje som privatperson.

Ein uformell leik med tal viser at kommunane her i fylket av sine inntekter fordeler nesten 7 milliardar kroner til drift av administrasjon og tenester til innbyggjarane. For kvart budsjett og økonomiplan blir det gjort endringar  som påverkar tenestene til innbyggjarane. Kvifor er det då slik at kvar kommune i snitt får inn berre ei handfull innspel i dette viktige arbeidet? Er det vi som innbyggjarar som ikkje forstår at det er i budsjettarbeidet vi må komme på bana, eller er det kommunane som skriv dokumenta på ein slik måte at vanlege innbyggjarar melder pass? Og kva tykkjer politikarane om at det er så langt mellom innspela i dette viktige arbeidet?

Vi bloggar vidare

Av Oddvar Flæte, Publisert torsdag 10. september 2009

Ein fylkesmann er best når han ikkje er synleg, var det ein redaktør som hevda. Fylkesmannen må vere meir synleg, sa ein annan. Forvaltar du mynde, må du halde deg til paragrafane, sa ein tredje.

Godt at vi ikkje  er møtt med likesæle. Men vi kan klart bli betre på formidling: Frå fylket og i fylket. For vi sit på ein god utsiktsstad. Samstundes så er vi ein aktør fordi vi skal tolke reglar og lover, syte for at rettstryggleiken til den einskilde blir ivareteken og varsle sentrale styresmakter om utviklinga i fylket.

Men vi kan og bør kommunisere betre. Rett nok er postlista vår offentleg, vi legg ut mange saker direkte på heimesida vår, vi reiser rundt i kommunane og både lyttar og gir råd. Likevel – vi vedgår at vi kan bli betre på dialog.

Dei sosiale media er ei krevjande sak for oss. Vi høver neppe heime på Facebook, vi er usike på om vi bør twitre, men det gjør inntrykk når det bli hevda at kommunikasjon på nettet blant dei under 30 knapt er på e-post.

Etter ein prøveperiode med ståstad Brussel, går vi nå meir systematisk inn i bloggverda. I tida framover vil eg eller andre i embetet leggje ut minst ein blogg kvar veke. Bloggane vil vere observasjonar, meiningsytringar, utfordringar eller drøftingar av aktuelle emne i fylket.

Og så vonar vi på respons. At det blir fremja synspunkt, blir meint på tvers og langs – med namn under.

Vil vi lukkast med å gjere ein betre jobb? Vi evaluerer saman med dykk til sommaren.