Problematisk og upassande
Av Oddvar Flæte, Publisert måndag 23. november 2009Det er sjølvsagt ikkje greitt å få ein slik karakteristikk på prent i Vestlandet si storavis. Og jamvel frå ein respektert professor i offentleg rett. Eg noterer at NRK lagar avstemming på om fylkesmannsbloggen er upassande. Fleirtalet meinte ikkje det.
Det er fleire prinsipp som skal ivaretakast: Fylkesmannen må vere eit truverdig organ som ikkje ytrar meiningar i strid med rolla vår. Dersom vi kommenterer saker som vi seinare kan få tilbake som tilsynsorgan eller tvisteløysar, vil det bidra til å svekke omdømmet om vi har flagga ei bestemt meining. Dette er eit grunnleggjande prinsipp som vi ikkje har råd til å skusle bort.
