Sektortenking utfordrar samhandlinga

Av Anne Karin Hamre, Publisert torsdag 28. februar 2013

Samvirke skal vere eit styrande prinsipp for alt samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid, seier den siste stortingsmeldinga om samfunnstryggleik. Samvirkeprinsippet stiller krav til god samhandling og samordning mellom ulike verksemder, både når det gjeld førebygging og krisehandtering.

Difor er det med undring og uro vi no registrerer at det går føre seg sektorvise prosessar som kan gje ei bit-for-bit-sentralisering av beredskapen i Noreg. DSB har gjort vedtak om å flytte alarmsentralen i Sogn og Fjordane frå Florø til Bergen. Varselet vart sendt med kortast mogleg høyringsfrist til eigarkommunane. Samstundes arbeider eit regjeringsoppnemnt utval fram mot juni med å vurdere organiseringa av politiet. I media vert det frå Politidirektoratet og DSB halde fram at denne prosessen kan gje færre politidistrikt. Frå begge hald vert 22. juli-kommisjonen si påpeiking av dårleg bemanna operasjonssentralar nytta som grunngjeving for dei varsla endringane.

Ifølgje 22. juli-kommisjonen var manglande koordinering og samhandling ei av årsakene til at mykje svikta: «Etter kommisjonens mening handler disse lærdommene i større grad om ledelse, samhandling, kultur og holdninger – enn mangel på ressurser, behov for ny lovgivning, organisering eller store verdivalg» (NOU 2012:14, kap 1).

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane er ein av dei få sentralane i landet som er samlokalisert med politiet, noko som gir gode føresetnader for informasjonsflyt og samarbeid på tvers. Denne samhandlinga synte seg å vere svært viktig under Dagmar sine herjingar i romjula 2011. Tverrgåande samhandling og handlekraft prega òg samarbeidet i fylkesberedskapsrådet og i kommunane desse dagane. God samhandling føreset nær kontakt, kjennskap til kvarandre og tillit. Tillit tek tid å byggje, og må haldast ved like over tid.

Det Sogn og Fjordane manglar av store fagmiljø i den enkelte verksemda, tek vi att ved å utvikle robuste kompetansemiljø på tvers. Vi kan t.d. nemne IT-forum Sogn og Fjordane, Forum for skule- og barnehageutvikling, samarbeidet mellom Fylkesmannen, fylkeskommunen og KS om fornying i kommunesektoren, og læringsnettverket for helseberedskap mellom Helse Førde, fleire avdelingar hjå Fylkesmannen og ei rekkje kommunar.

Ei sektorstyrt sentralisering vil gjere det vanskelegare å samhandle på tvers i fylket. Eg trur ikkje større einingar nødvendigvis gir meir handlekraft eller betre tenester og meir tryggleik for innbyggjarane. Kvardagsberedskapen vert utført der folk er, ikkje i sentrale styringsorgan. Oppdragsgjevarane våre har dei siste åra gitt fylkesmennene stadig fleire oppgåver på beredskaps- og samfunnstryggleiksområdet. Det er òg store forventningar til at kommunane skal styrke beredskapsarbeidet sitt. DSB fekk ei styrking på 45 mill. kroner i årets statsbudsjett, og opprettar no ei rekkje nye stillingar. Fylkesmenn og kommunar må handtere nye beredskapskrav og -forventningar utan at det følgjer ressursar med.

Rapporten frå 22. juli-kommisjon har utløyst ein debatt om forvaltningspolitikken. Er vi vortne for opptekne av å måle det som kan kvantifiserast? Er resultat- og rapporteringskrava for omfattande, evnar vi å skilje mellom stort og smått? Fører mykje kontroll til frykt for å gjere feil, og dermed til handlingslamming? Det er positivt at FAD og KRD saman vil sjå på statleg styring, kommunal handlefridom og direktorata si rolle. Det er viktig at ei slik utgreiing munnar ut i endringar. Eg meiner det er behov for meir tillit, ressursar og handlefridom for dei som gjer jobben der folk er.

(Bloggen er eit utdrag frå føreordet til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sin årsrapport for 2012).

Tyngdekrafta rår

Av Anne Karin Hamre, Publisert tysdag 28. februar 2012

Bergen jobba hardt for å få flytta nye Eksportfinans frå Oslo. Men byen midt i det eksportretta Vestlandet lukkast ikkje. Kvifor er det så vanskeleg å gjere det som NOU-en om kompetansearbeidsplassar tilrår –å fordele kunnskapsarbeidsplassar betre utover landet for å fremje vekst og verdiskaping?

Kunnskapsjobbane i næringslivet er ei viktig drivkraft for utvikling. Samstundes bidreg offentlege arbeidsplassar til breidde og variasjon i arbeidsmarknaden, og offentlege verksemder etterspør varer og tenester frå det lokale næringslivet. Ei jamnare fordeling av statlege arbeidsplassar har lenge vore eit politisk mål, og retningslinene for lokalisering av statlege arbeidsplassar slår fast at nye statlege verksemder skal lokaliserast utanfor Oslo.

I takt med at dei fleste lokale og regionale statsetatane har fått større nedslagsfelt, har mange stader med einsidige arbeidsmarknader frå før tapt viktige arbeidsplassar. Dette har gått stilt og roleg føre seg, i motsetnad til støynivået då sju statlege tilsyn og 800 arbeidsplassar vart flytta ut av Oslo. Høg merksemd frå sentrale tillitsvalte og media, karakteriserer denne prosessen. Vi har fått fleire evalueringsrapportar som følgje av tilsynsutflyttinga, som Difi sin rapport om dei menneskelege sidene. Eg vil tru at nedlegging av statlege kontor i kommunane og flytting av statlege oppgåver frå fylkeskontor til større regionkontor, også har hatt sine menneskelege sider. Desse prosessane har gått føre seg i langt mindre robuste arbeidsmarknader enn Oslo.

Ideen om betre spreiing av statlege arbeidsplassar er ikkje ny, men historia stadfestar at dette er vanskeleg å få til. Som ein del av den første maktutgreiinga studerte professor Harald Sætren ein 20 år lang prosess der det opphavlege målet var å flytte ut statsinstitusjonar frå Oslo.[1] Ved inngangen til 1960-talet var biletet mykje det same som vi ser i dag; ein kraftig vekst i talet på arbeidsplassar i Oslo, sentralisering og pressproblem i hovudstaden. For å bøte på denne ubalansen, vart det lansert eit program for å flytte statlege institusjonar ut frå Oslo. I løpet av dei neste 20 åra var to utval i sving for å utgreie utflytting, Ingebretsenutvalet og Grandeutvalet. Undervegs i prosessen antyda styresmaktene at det kunne bli aktuelt å flytte nærare 20 000 arbeidsplassar ut frå hovudstaden. Då kommunalministeren i 1981 sette sluttstrek for utflyttingsplanane, var det ikkje komme til meir enn om lag 2000 nye arbeidsplassar utanfor hovudstaden. Oslo hadde hatt ein tilvekst på 15 500 statlege arbeidsplassar i åra 1961-78, og talet på statlege institusjonar i hovudstaden auka frå 180 til 290 i same perioden.

Ei av forklaringane Sætren trekkjer fram, er manglande politisk leiarskap. Statsrådane i dei ulike departementa var meir lojale mot sektorinteresser i eige departement, enn å følgje opp utflyttingsplanane. På grunn av liten utgreiingskapasitet i dei to utvala, fekk institusjonane sjølve oppdraget med å utgreie utflytting. Det synte seg vanskeleg å produsere balanserte utgreiingar som kunne gje endringar i eigen organisasjon. Eitt døme var Statens sprengstoffinstitutt, som kom med 104 argument mot flytting, og ikkje eitt einaste for. Ei av dei viktigaste forklaringane Sætren trekkjer fram, er interessegruppe-politikk. Arbeidstakarorganisasjonane , sentralforvaltninga, Oslo-media og utflyttingsskeptiske politikarar i regjering og Storting danna eit breitt, godt organisert og ressurssterkt interessefellesskap, medan tilhengarane av utflytting var lausare organiserte og geografisk spreidde.

Sogn og Fjordane er storprodusent av fornybar energi, og tilhøva ligg godt til rette for senter for datalagring og -drift. Vi har mellom anna verksemda Local Host, som etablerer datasenter i den nedlagde olivingruva i Eid kommune. Det statlege eigedomsselskapet Entra Eigedom etablerer eit stort datasenter på det sentrale Austlandet. Difi startar samstundes arbeidet med å greie ut ein felles IKT-driftsorganisasjon i staten. Dersom ein slik driftsorganisasjon vert ein realitet, bør ikkje det sentrale Austlandet vere den opplagde lokaliseringa. I alle fall ikkje om NOU-en om kompetansearbeidsplassar skal takast på alvor.


[1] Harald Sætren: Iverksetting av offentlig politikk. Universitetsforlaget, 1983.

Vanskelege vindkraft-vurderingar

Av Anne Karin Hamre, Publisert fredag 19. august 2011

Fylkesmannen sender i dag regional plan for vindkraft over til Miljøverndepartementet, der vi ber departementet  vurdere endringar i planen. Vi støttar satsinga på fornybar energi. Det er bra at fylkeskommunen har laga ein regional plan for vindkraft, men Fylkesmannen meiner at den vedtekne planen opnar for utbygging nærast uavhengig av påvist konfliktpotensial.

Saman med nasjonale føringar vil ein regional vindkraftplan kunne vere retningsgjevande og til god hjelp når Fylkesmannen gir høyringsuttale til søknader om vindkraftutbygging. Då er det viktig at den regionale vindkraftplanen inneheld ei tydeleg avklaring mellom areal der vindkraftutbygging er lite konfliktfylt, og areal der utbygging i langt større grad vil råke viktige miljø- og andre samfunnsinteresser. Vi meiner den vindkraftplanen fylkestinget har vedteke, opnar for ei altfor omfattande utbygging langs kysten i Sogn og Fjordane.

Den regionale vindkraftplanen legg opp til ei utbygging på 1000 MW innan 2025. Ei prosjektgruppe med deltakarar frå fylkeskommunen, Fylkesmannen, alle regionråda og Fiskarlaget førebudde det faglege grunnlaget for vindkraftplanen, med vekting av ulike fagtema og ein poengskala der aktuelle utbyggingsareal fekk ei inndeling etter lite, middels og stort konfliktpotensial. I framlegget til prosjektgruppa hadde 38 område stort konfliktpotensial, medan dei andre 68 områda hadde lite eller middels konflikt. Desse 68 områda kunne gje ein produksjon på 5000 MW, altså langt meir enn målet om utbygging.

Etter at fylkesutvalet endra poengskalaen og planen hadde vore på høyringsrunde, vedtok fylkestinget i juni vindkraftplanen. Her er talet på område med stort konfliktpotensial redusert til 19 i høve prosjektgruppa sitt framlegg. Sjølv om utgangspunktet er å skjerme desse områda, opnar planen for ei utbygging også i dei mest konfliktfylte områda. Dette punktet ber vi Miljøverndepartementet om å ta ut.

I den nye plan- og bygningslova vert regionale planar som hovudregel endeleg vedtekne av fylkestinget. Denne regelen har eitt unntak. Når statlege styresmakter meiner at viktige delar av planen er står i motstrid til omsyn dei er sette til å ivareta, kan dei be departementet vurdere å gjere endringar i planen. Denne retten tek Fylkesmannen i bruk. Vi ønskjer ein regional vindkraftplan som kan forplikte oss når vi skal uttale oss om utbyggingssøknader. Det vil tene næringslivet. Men då må vi ha ein plan med skarpare prioriteringar, som skjermar konfliktareal og som styrer utbygginga mot dei minst konfliktfylte områda.

Lokalmedisinske sentra i samhandlingsreforma

Av Per Steinar Stensland, Publisert onsdag 30. mars 2011

Det er ikkje alle pasientar som treng sentralsjukehus- eller regionsjukehusbehandling. Eit helsetilbod på eit nivå mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta vil kunne hjelpe mange pasientar med vanlege sjukdommar, og det er dette samhandlingsreforma handlar om. Reforma, som kjem ved årsskiftet, kan vere vegen fram mot ei betre kommunehelseteneste.

Ei av dei planlagte nyskapingane i samhandlingsreforma går under fleire namn: Lokalmedisinsk senter, intermediæravdeling, distriktsmedisinsk senter og sjukestove. Dette er heildøgns helseinstitusjonar som kommunane skal drive. Her skal ein kunne leggje inn pasientar før, i staden for, eller i etterkant av eit sjukehusopphald for meir avansert undersøking og behandling enn det som til vanleg blir gitt på ein sjukeheim. Tilbodet er ikkje minst aktuelt for sjuke eldre som kan få plass her for observasjon og avklaring på om dei treng sjukehusinnlegging. Ein stor del av framtidas rehabiliteringsarbeid er tenkt lagt til desse institusjonane. Summen av oppgåvene føreset tilgang på hjelpemiddel  som røntgen, CT og laboratorium. Slike einingar vil også gje høve til å desentralisere andre funksjonar.

Det er ikkje nok å setje av tre rom i tilknyting til sjukeheimen, og på den måten vise til at kommunen har skipa eit lokalmedisinsk senter. For å kunne etablere slike institusjonar trengst eit betydeleg befolkningsgrunnlag. Dei første utgreiingane foreslo minst 15-25 000 menneske som grunnlag. Fleire stader i landet ser vi at kommunar slår seg saman i vesentleg større einingar for å kunne rekruttere fagfolk og sikre robust drift. Størrelsen blir eit kompromiss mellom sikker drift og rimeleg nærleik til tenester. Kommunane i fylket bør snarast komme i gang med å planleggje berekraftige kvalitetsinstitusjonar.

Ved etablering av dette nye nivået kan det vere fare for at det oppstår gråsoner der økonomiske og ikkje medisinsk-faglege grunnar vert styrande for overføring av pasientar mellom nivåa. Kritiske suksessfaktorar i etablering av reforma er mellom anna klåre avtaler mellom kommunar og helseføretaka som sikrar pasientbehandling på fagleg rett nivå samt klåre avtaler for samarbeid mellom kommunar og helseføretak om drift av alle aktivitetane på dei lokalmedisinske sentra.

Vanlege sjukdomar er vanlegast, også hjå dei eldre. Pasientar med vanlege sjukdommar skal i framtida sleppe å alltid måtte reise til sentralsjukehus- eller regionsjukehus for å få den behandlinga dei treng. Eit rimelegare mellomnivå kan ivareta omsyn til både kvalitet og økonomi. Tidlegare var dette ansvar for helseføretaka sine lokalsjukehus. No vil styresmaktene at kommunane skal styrkje si eiga primærhelseteneste. Det er ei stor utfordring å starte planlegginga når detaljane i ordninga ikkje er vedtekne. Men reforma kjem ved årsskiftet.

Skulenedlegging

Av Åslaug Krogsæter, Publisert måndag 25. januar 2010

Fylkesmannen har fått i oppdrag å kartleggje årsakene til skulenedlegging dei siste åra.

No skal eg ikkje forskottere kva kartleggingane kring om i landet vil avdekkje, men eg trur vi vil få ein god del svar som peikar på samansette årsaker. Dårleg økonomi gjer at mange kommunar ikkje ser seg råd til å ha skular i alle bygdelag, men lågt elevtal åleine kan også gje grunn til å vurdere samanslåing.

I Sogn og Fjordane er det store avstandar og lite folk, og skulestruktur og storleik blir deretter. Barn i Bygde-Noreg har krav på ein like god skule som barn i meir sentrale strok, og spørsmålet er kva som er tenleg skulestorleik. Opplæringslova seier at grunnskulane ikkje bør ha meir enn 450 elevar, men lova seier ingenting om nedre grense. Krava som er nedfelte i lov og læreplan krev høgt kompetente og engasjerte leiarar og lærarar. Det er vanskeleg å stette desse faglege krava om skulane blir for små, og det er til tider også vanskeleg å rekruttere kvalifiserte pedagogar. Skulane blir svært sårbare om det er få om det totale ansvaret.

Kva gir så best kvalitet av store eller små skular? Det er ikkje noko fasitsvar på dette, og kvaliteten må difor vurderast kontinuerleg. God skuleleiing er viktig, det same er fagleg og sosial kompetanse hjå lærarane. Samstundes veit vi at heimane også spelar ei avgjerande rolle for i kva grad ungane lukkast i skulen. Desse faktorane, og ikkje minst samspelet dei i mellom vil bestemme korleis kvaliteten blir.

Eit anna moment som etter mi vurdering ikkje får nok merksemd, er elevane sitt læringsmiljø. Ungane skal gjennom skulegangen få ei fagleg, personleg og sosial utvikling. Dette er avhengig av eit godt samspel med andre, og vi veit at ei god utvikling er avhengig av at ungane har gode vener. Er det til dømes eit greitt utgangspunkt å vere den einaste guten av fem elevar på trinnet sitt?

Mange partar har legitim interesse i debatten om oppretthalding eller nedlegging av skular, og la oss difor vere grundige og respektfulle i dei debattane som truleg vil kome. Mi oppmoding er at vi heile tida må ha  fokus på kva som er best for ungane våre. Nostalgiske tankar om kvite små skulehus for 40 år sidan gagnar ikkje framtida.

Ser vi ikkje einskildmenneska når dei kjem i grupper?

Av Oddvar Flæte, Publisert onsdag 7. oktober 2009

Sogn og Fjordane plar liggje i toppen når det gjeld nasjonale innsamlingsaksjonar. Vi som bur her bryr oss også om andre og er rause når særlege område blir peika ut og treng hjelp. Slik verda er, er nauda ofte størst i andre verdsdelar. TV-bilda fortel oss om at vi har det godt medan andre lir.

Men vi engasjerer oss også når det gjeld einskildmenneske. Simon som vart sendt frå Florø til Bari i Italia, utløyste både fortviling og raseri. Vi såg einskildmennesket som ikkje hadde fått det gull-loddet det var å bli fødd i Noreg. Det å sjå han og faren att som uteliggjarar langt frå skulekameratar i Florø, kjendes ikkje godt.

Les resten av dette innlegget »

URO-brev til KRD

Av Oddvar Flæte, Publisert fredag 25. september 2009

Ei av oppgåvene til fylkesmannen er å gi tilbakemelding til dei sentrale styresmaktene. Denne gongen har vi gjort det i form av eit brev som avspeglar uro.

Vi er glade for store reformer som skal gjennomførast for heile landet. Samstundes opplever vi i vårt fylke at små administrasjonar er sårbare for omstillingar og at det er ein svært ujamn kompetanse. Det rike tal samarbeidsordningar har demokratiske utfordringar.

I drøftinga kring samhandlingsreforma, blir det peika på at fleire kommunar bør finne samarbeidsmodellar. Det same bør også vurderast ved bruk av plan og bygnings-lova, klima, skole, sosialsida og økonomi.

Interkommunalt samarbeid medfører monalege utfordringar. Motivasjonen er ulik mellom kommunane fordi fordeling av nytte og kostnadar er ulik. Løysingane vil innebere å ta stilling i konfliktfylte spørsmål mellom anna knytt til lokalisering. Dette er vanskelegare innafor ramma av interkommunalt samarbeid enn innanfor ein kommune. Interkommunalt samarbeid er ressurs- og kompetansekrevjande og kan innebere ei svekking av lokaldemokratiet. I sum trugar utfordringane sjansen for å lukkast med gjennomføringa av samhandlingsreforma.

Les resten av dette innlegget »

Når skal vi bli stolte av nasjonalparkane våre?

Av Christian Rekkedal, Publisert måndag 21. september 2009

I august opna  statsminister Jens Breheimen Nasjonalpark, det siste store verneområdet her i fylket. Jens fekk god hjelp frå fire andre ministrar: Liv Signe, Heidi, Kristin og Erik. Det vart mange store ord, men det eg hugsar best, er Simen ordførar i Lom: ”Dette er min største dag som ordførar!” 

Dette sa han altså sjølv om alle som kjenner slike prosessar, veit det kan vere konflikt mellom nasjonale verneprosessar og lokale grunneigarar, lokalt folkestyre og kommunen. Men vi veit også at desse store verneområda med unik natur gir store muligheiter for reiseliv, opplevingsbedrifter, marknadsføring og friluftsliv. Dei fem ministrane tala både lenge og godt om desse muligheitene. Her i fylket har vi som regel festa oss ved ulempene.

Les resten av dette innlegget »

Helseteneste utan reell styring?

Av Petter Øgar, Publisert torsdag 17. september 2009

Vi brukar meir pengar på helsetenesta enn dei aller fleste landa i verda, og vi har ei god helseteneste. Men vi veit lite om kor god ho er, og det er eit faktum at vi får mindre ut av pengane enn mange andre land det er naturleg å samanlikne seg med. I det offentlege ordskiftet er det og stor misnøye med viktige delar av tenesta.

Det er ei stor utfordring for helsetenesta og samfunnet å handtere stadig aukande forventningar, forventningar som ikkje fullt ut kan innfriast for alle, samstundes som udiskutable svakheiter vi finn i helsetenesta i dag vert utbetra.

Les resten av dette innlegget »