Ta i bruk ungdommen!

Av Jørn Stenehjem, Publisert måndag 17. august 2015

I desse dagar er det mange nyhendesaker om mangel på læreplassar for ungdom. Dette gjeld både i fylket vårt og landet elles. I Sogn og Fjordane har vi dessutan utfordringar med at for få unge vel å etablere seg her i fylket. Derfor er det å kunne tilby arbeidserfaring viktig.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har i mange år teke inn lærlingar innan IKT-faget. Å ta inn ein ungdom krev litt av oss, men samstundes gir det mykje tilbake. Ungdomane kjem inn i organisasjonen med nye idear, eit anna brukarperspektiv og er som regel eit friskt pust både fagleg og sosialt.  Dette har vi gode erfaringar med. Vegen vidare etter læretida hjå oss har vore ulik frå person til person. Fleire har studert vidare, nokre har fått jobb lokalt og andre har freista tilværet med jobb i storbyen. Felles for alle er at dei etter å ha gjennomført læretida hjå oss, reiser ut i verda og kan vere med på å bygge eit positivt omdømme av ein arbeidsplass som har meir spennande arbeidsoppgåver enn det mange trur. Dette er viktig for oss når vi seinare skal rekruttere fagfolk innafor IKT.

Ein IKT-student sit framfor dei to skjermane og jobbar.

Foto Magne-Bjarte Hatlem, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Sommarjobbtilbodet DifiCamp i Leikanger har fått mykje merksemd og er eit døme på at det å satse på litt eldre ungdom kan vere ei god investering med tanke på omdømmebygging og rekruttering.

Hjå Fylkesmannen har to IKT-studentar nett avslutta sommarjobben sin. Vi gjekk mange rundar med oss sjølve før vi engasjerte ungdomane. Vi frykta at det ville ta mykje kapasitet hjå eigne tilsette. Vi var bekymra for ungdommane sitt kompetansenivå, og vi frykta at ferieavvikling ville gjere at studentane fekk for dårleg oppfølging. All frykt var ugrunna! Studentane våre var begge sogningar, men kjente ikkje kvarande frå før. Begge hadde ein bachelorgrad innan IT og er i gang med master-studium. Studentane fekk eit eige prosjekt å jobbe med. Dei måtte samarbeide om prosjektet og sjølve fordele oppgåvene. Ungdomane har levert langt over det vi hadde forventa. Fylkesmannen sit igjen med mange positive erfaringar:

  • Ungdomane har utvikla seg sjølve,  men og bidrege til auka kompetanse hjå våre eigne fagfolk
  • Ungdomane har utvikla ei IT-løysing som skal vidareutviklast av fagfolka våre i samarbeid med Kulturdepartementet.
  • Ungdomane er blitt kjende med interessante IT-arbeidsplassar i sitt heimeområde
  • Ungdomane reiser tilbake til studiemiljøet og er forhåpentlegvis med på å bygge eit godt omdømme av Fylkesmannen og IT-miljøet i Sogn
  • Vi har lært at dette er noko vi skal gjere meir av

Oppmodinga herifrå er klar : Ta i bruk ungdomen!

Treng vi ei minimumsnorm for kor mange lærarar det bør vere på ein skule?

Av Åslaug Krogsæter, Publisert måndag 12. desember 2011

Kunnskapsdepartementet har sendt på høyring eit forslag om lovendring som skal sikre større grad av likskap og likeverd i landet når det gjeld tal på lærarar i skulane våre. Departementet ønskjer å prøve dette ut på ungdomstrinnet før det blir evaluert og eventuelt utvida til andre trinn. Bakgrunnen er ei regjeringserklæring der det m.a. står at regjeringa  ønskjer å “legge til rette for flere lærere gjennom styrket kommuneøkonomi og ved å endre opplæringsloven for å sikre en maksimumsgrense for tallet på elever per lærer på hver skole”.

Lærartettleiken i Noreg er høg samanlikna med andre OECD-land, men det er store skilnader mellom kommunane og mellom skulane. Gevinstane med ei slik ordning er at det kan bli enklare for lærarane å støtte elevane i læringsarbeidet. I tillegg kan det bidra til betre arbeidsforhold som i sin tur kan medverke til at lærarane står lengre i arbeid framfor å velje tidlegpensjon.  Det kan også gjere det enklare å leggje til rette for kontinuerleg etter- og vidareutdanning for lærarane utan at det går for mykje ut over elevane.

Kunnskapsdepartementet nemner sjølv det som kan vere ulempene og ber høyringsinstansane gi tilbakemeldingar på dette. Det blir behov for fleire lærarar dersom minimumsnorma skal innførast. Kommunane vil få kompensert for dei økonomiske kostnadene, men vi kan få eit rekrutteringsproblem. Dersom det ikkje er nok lærarar å rekruttere, kan skuleeigarane måtte tilsetje ufaglærte, og då blir det ikkje den styrkinga av opplæringa som departementet tenkjer seg.

Innvendingane mot forslaget viser at det er frykt for innskrenking av det lokale handlingsrommet. Departementet presiserer at nasjonale krav til lærartettleik ikkje stiller krav til den faktiske gruppestorleiken, men sikrar ressursar. Andre stiller spørsmål ved om dette vil vere eit bidrag til å styrke kvaliteten. Opplæringslova seier at klassane, basisgruppene og gruppene ikkje må vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. Dette gjeld i dag og vil gjelde vidare. Det er dessutan kommunane si plikt å stille til disposisjon dei ressursane som er naudsynte for at krava skal kunne oppfyllast.

Ansvaret som følgjer av lova, inneber at skuleeigarane må syte for at det er tilstrekkeleg med lærarressursar til at alle krava i opplæringslova og forskriftene til lova kan oppfyllast på ein forsvarleg måte.  Treng vi då ei slik nasjonal norm, eller er krava i lova så tydelege at skulane alt no blir sikra dei ressursane som trengst for å gi alle elevar ei tilpassa opplæring ut frå evner og føresetnader? Mi oppmoding til skuleeigarane er å nytte høvet til å seie kva dei meiner om lovforslaget.

Fornyingsarbeid som verkar

Av Anne Karin Hamre, Publisert tysdag 5. juli 2011

Programstyret for fornying av offentleg sektor og IKT har nyleg tildelt 5,8 mill kroner til 13 kommunale fornyingsprosjekt. Mellom prosjekta er digitalt planregister for Nordfjord-kommunane, politikarportal for 11 kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn og eit prosjekt om etter- og vidareutdanning av lærarar i vaksenopplæringa for alle kommunane i fylket, som Flora kommune skal koordinere.

I programstyremøta brukar vi å få presentasjonar av prosjekt som har fått midlar tidlegare. Denne gongen hadde vi besøk av Arne Kringlen, som er prosjektleiar for interkommunalt plansamarbeid i Sunnfjord. Kommunane Jølster, Førde, Gaular, Naustdal og Flora er i praksis eit felles bu- og arbeidsområde, og det er fornuftig å tenkje planlegging på tvers av kommunegrensene. Vi reknar med at andre kommunar er interesserte i å høyre meir om dette prosjektet, og kjem difor til å leggje opp til formidling frå planprosjektet på samlingar for kommunane.

Fylkesmannen har sidan 2004 sett av skjønsmidlar til fornyingsprosjekt i kommunane. I 2006 etablerte fylkeskommunen Fornying av offentleg sektor og IKT som eitt av fem regionale utviklingsprogram. Fylkesmannen og fylkeskommunen vart samde om å slå saman dette programmet med vårt fornyingsarbeid. Vi samarbeidde om ein programplan, og fekk oppnemnt eit programstyre med representantar for KS, fylkeskommunen og Fylkesmannen. Dette er eitt av fleire døme på eit godt samarbeid mellom Fylkesmannen og fylkeskommunen i vårt fylke.

Sidan 2006 er det kvart år sett av mellom 2,5 og 3 mill kroner frå det regionale utviklingsprogrammet og 5-7 mill kroner av skjønsmidlane til kommunalt fornyingsarbeid. Til saman er det løyvd 51 mill kroner til 117 prosjekt, dei fleste er interkommunale samarbeidsprosjekt. Legg vi til at vi stiller krav om 50 prosent eigeninnsats, er det nytta meir enn 100 mill kroner til arbeid med omstilling og fornying i kommunane dei siste fem åra.

Arbeidet med å forbetre kommunale nettstader er eit godt døme på at fornyingsmidlane har ein effekt. Då Norge.no (seinare DIFI) starta med kvalitetsvurderingar av offentlege nettstader, kom ikkje kommunane i Sogn og Fjordane særleg godt ut. Vurderinga legg vekt på tilgjenge, brukartilpassing og innhald. Då fornyingsarbeidet starta i dei åtte kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn i 2008, hadde dei til saman 17 stjerner i DIFI si kvalitetsvurdering. Ved prosjektslutt i 2010 hadde dei oppnådd til saman 39 stjerner. Alle kommunane i fylket har jobba med nettstadene sine. I 2008 hadde kommunane våre i snitt 41 prosent av total poengsum. I 2010 var dei oppe i 73 prosent, og berre Akershus hadde betre resultat enn Sogn og Fjordane. Godt jobba!

Tar kommunane og fylkeskommunen ansvar for nyutdanna lærarar?

Av Åslaug Krogsæter, Publisert tysdag 12. april 2011

Det er eit stort behov for nyrekruttering til læraryrket i åra som kjem. Politikarane har sett i verk ulike tiltak i håp om å få fleire til å ønskje seg inn i læraryrket, og å få lærarane til å bli i yrket. Eitt av tiltaka er ny nivådelt grunnskulelærarutdanning, eit anna er rettleiing for nyutdanna lærarar. Sjølv om  søkjartala til utdanninga har auka mykje dei siste åra, er det framleis ei utfordring å avgrense  fråfall  både  i utdanninga og i dei første åra i yrket.

Internasjonal forsking viser oss at det første yrkesåret betyr mykje for korleis ein utviklar seg som lærar. Ein rapport frå OECD, Teachers Matter (2005), viser oss at nye lærarar treng støtte i den første fasen.  Oppfølging det første året i yrket aukar sjansen for at læraren framleis er lærar etter fem eller ti år (Guarino mfl. 2006). Denne kunnskapen bør få konsekvensar for korleis kommunen som skuleeigar legg til rette for at skulane kan ta i mot nyutdanna på ein god måte. Det blir viktig kva oppgåver dei nyutdanna får, kven dei arbeider saman med og korleis samarbeidet blir organisert og korleis rettleiing blir tilrettelagt.

Kunnskapsdepartementet og KS har inngått ein avtale om å gi eit rettleiingstilbod til alle nytilsette nyutdanna lærarar i grunnskular og vidaregåande opplæring frå hausten 2010. Partane er samde om at det er behov for systematisk rettleiing og oppfølging dei første åra i arbeidslivet. Departementet skal syte for at høgskulane tilbyr vidareutdanning i rettleiing og støtte til erfarne lærarar som skal vere rettleiarar for dei nye. Kommunane og fylkeskommunen skal syte for at dei nyutdanna får tilbod om rettleiing frå ein erfaren kollega.

Vi er no inne i første året med ordninga, og spørsmålet er om alle nytilsette nyutdanna i Sogn og Fjordane har fått tilbod om ei systematisk rettleiing som er tett på undervisninga både når det gjeld tid og stad? Den enkelte kommune/fylkeskommune avgjer sjølv korleis dei organiserer tilbodet, men det er eit arbeidsgjevaransvar å ta utgangspunkt i den nyutdanna sitt behov for rettleiing og for å organisere rettleiinga på ein god måte. Å få hjelp til å reflektere over eigen praksis vil bidra til at nyutdanna lærarar raskare kjem inn i det pedagogiske og praktiske arbeidet. Gevinsten for skuleeigar ved å ha ei god rettleiarordning vil kunne vere å rekruttere og behalde dyktige lærarar. Ei god rettleiarordning er med andre ord ei vinnarsak for alle partar i skulen. Her skal det bli spennande å følgje utviklinga i fylket!

Lokalmedisinske sentra i samhandlingsreforma

Av Per Steinar Stensland, Publisert onsdag 30. mars 2011

Det er ikkje alle pasientar som treng sentralsjukehus- eller regionsjukehusbehandling. Eit helsetilbod på eit nivå mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta vil kunne hjelpe mange pasientar med vanlege sjukdommar, og det er dette samhandlingsreforma handlar om. Reforma, som kjem ved årsskiftet, kan vere vegen fram mot ei betre kommunehelseteneste.

Ei av dei planlagte nyskapingane i samhandlingsreforma går under fleire namn: Lokalmedisinsk senter, intermediæravdeling, distriktsmedisinsk senter og sjukestove. Dette er heildøgns helseinstitusjonar som kommunane skal drive. Her skal ein kunne leggje inn pasientar før, i staden for, eller i etterkant av eit sjukehusopphald for meir avansert undersøking og behandling enn det som til vanleg blir gitt på ein sjukeheim. Tilbodet er ikkje minst aktuelt for sjuke eldre som kan få plass her for observasjon og avklaring på om dei treng sjukehusinnlegging. Ein stor del av framtidas rehabiliteringsarbeid er tenkt lagt til desse institusjonane. Summen av oppgåvene føreset tilgang på hjelpemiddel  som røntgen, CT og laboratorium. Slike einingar vil også gje høve til å desentralisere andre funksjonar.

Det er ikkje nok å setje av tre rom i tilknyting til sjukeheimen, og på den måten vise til at kommunen har skipa eit lokalmedisinsk senter. For å kunne etablere slike institusjonar trengst eit betydeleg befolkningsgrunnlag. Dei første utgreiingane foreslo minst 15-25 000 menneske som grunnlag. Fleire stader i landet ser vi at kommunar slår seg saman i vesentleg større einingar for å kunne rekruttere fagfolk og sikre robust drift. Størrelsen blir eit kompromiss mellom sikker drift og rimeleg nærleik til tenester. Kommunane i fylket bør snarast komme i gang med å planleggje berekraftige kvalitetsinstitusjonar.

Ved etablering av dette nye nivået kan det vere fare for at det oppstår gråsoner der økonomiske og ikkje medisinsk-faglege grunnar vert styrande for overføring av pasientar mellom nivåa. Kritiske suksessfaktorar i etablering av reforma er mellom anna klåre avtaler mellom kommunar og helseføretaka som sikrar pasientbehandling på fagleg rett nivå samt klåre avtaler for samarbeid mellom kommunar og helseføretak om drift av alle aktivitetane på dei lokalmedisinske sentra.

Vanlege sjukdomar er vanlegast, også hjå dei eldre. Pasientar med vanlege sjukdommar skal i framtida sleppe å alltid måtte reise til sentralsjukehus- eller regionsjukehus for å få den behandlinga dei treng. Eit rimelegare mellomnivå kan ivareta omsyn til både kvalitet og økonomi. Tidlegare var dette ansvar for helseføretaka sine lokalsjukehus. No vil styresmaktene at kommunane skal styrkje si eiga primærhelseteneste. Det er ei stor utfordring å starte planlegginga når detaljane i ordninga ikkje er vedtekne. Men reforma kjem ved årsskiftet.

Er det meir populært å vere lærar i Sogn og Fjordane enn elles i landet?

Av Åslaug Krogsæter, Publisert tysdag 18. januar 2011

Vi bur i eit fylke der lærarutdanning ser ut til å vere meir populært enn i andre fylke. Ei kartlegging av søkjarar til dei nye grunnskuleutdanningane i haust viser at ingen fylke rekrutterer fleire lærarstudentar enn Sogn og Fjordane målt i forhold til folketalet. I ein landsomfattande kampanje jobbar fleire partnerar for å auke statusen til lærarane og rekruttere fleire gode lærarar. Lærarane sjølve er spurde mellom anna om korleis dei sjølve opplever statusen til læraryrket. Og lærarane frå Sogn og Fjordane er dei som er gir høgast skåre for oppleving av status i samfunnet. Ein kan sjølvsagt spørje seg om dei har for høge tankar om seg sjølve, men den såkalla innbyggjarundersøkinga støttar funna.

Innbyggjarundersøkinga spør personar over 15 år mellom anna om omdømmet til grunnskulen.  Også her kjem Sogn og Fjordane på topp.  Det er altså slik at vi bur i det fylket der grunnskulen har best omdømme og der lærarane også opplever at det er slik.

Kan det så vere ein samanheng mellom oppleving av status og oppleving av vilkår for å gjere ein god jobb? Sogn og Fjordane er også det fylket der lærarane er mest nøgde.  83 % av grunnskulelærarane i fylket  opplever at tilhøva ligg godt til rette for at dei skal kunne gjere ein god jobb som lærar. I nabofylket vårt Hordaland er det t.d. berre 58 % som meiner det same, medan det i Finnmark er 43 % (Kjelde: ”Lærerundersøkelsen”).

No fortel ikkje statistikken oss heile sanninga, og vi skal sjølvsagt vere varsame med å slå oss altfor hardt på brystet.  Det er likevel grunn til  å merke seg tendensen og fundere litt over kvifor det kan vere slik. Det er nok mange grunnar til at læraryrket står  forholdsvis sterkt i fylket. Eg nøyer meg med å peike på at vi også er det fylket som er blant dei  beste i landet både når det gjeld resultat på nasjonale prøver, eksamen og standpunktkarakterar.

Skal vi ha nok lærarar i framtida, må endå fleire ungdommar søkje seg til lærarutdanninga. Vi er også avhengig av at dette er interesserte, engasjerte og kunnskapsrike studentar dersom vi skal halde kvaliteten oppe og auke statusen til yrket.

Det er ikkje urimeleg å tenkje at god kvalitet og godt omdømme har innverknad på yrkesval. Mange kan derfor bidra til god rekruttering. Det gjer vi ved å halde oppe kvaliteten i skulane våre, og ved at kvar og ein av oss snakkar respektfullt om lærarar som vi opplever gir gode læringsvilkår for elevane.

På godfot med innbyggjarane og plageånd for staten

Av Anne Karin Hamre, Publisert torsdag 9. desember 2010

Assisterande fylkesmann Anne Karin Hamre er gjestebloggar på beta.noreg.no, som er bloggen for innspel til nytt norge.no.

Bloggen kan du lese her.

Korleis syte for god kvalitet i barnehagane?

Av Åslaug Krogsæter, Publisert måndag 12. april 2010

Dei seinare åra har vi hatt ei omfattande barnehageutbygging. Frå 2003 til 2008 auka talet på barn som går i barnehage med nesten 30 prosent. I same periode har personalet auka med heile 40 prosent. Foreldrebetalinga er redusert med 40 prosent i kommunale barnehagar og 48 prosent i private sidan 02. Frå 2009 vart det lovfesta ein individuell rett til barnehageplass. Det har med andre ord vore ei rivande utvikling når det gjeld tilbod og pris.

Tida er no komen for å fokusere på kvaliteten av tilbodet. Stortinget vedtok nyleg meldinga  Kvalitet i barnehagen, og mange tiltak er sette i verk. Regjeringa har definert følgjande som mål for kvalitet: Sikre likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar, styrkje barnehagen som læringsarena og alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap. Barnehagen sitt personale står sentralt, og meldinga seier det så sterkt som dette: ”Personalets faglige og personlige kompetanse er barnehagens viktigste ressurs og en forutsetning for at barnehagen skal være en god arena for omsorg, lek, læring og sosial utjevning.”

Tilsette i barnehagen er ei mangfaldig gruppe samansett av førskulelærarar, personar med anna pedagogisk utdanning, personar med barne- og ungdomsarbeidarfag frå vidaregåande skule og assistentar. Styrar og pedagogisk leiar har ansvar for at den pedagogiske verksemda blir planlagt, gjennomført, dokumentert og vurdert i tråd med føringane i barnehagelova og rammeplanen.

Korleis står det så til med kompetansen? I Noreg er 33 prosent av personalet pedagogar. Dette er noko mindre enn nabolanda våre Sverige (52) og Danmark (37). Departementet ønskjer å auke delen tilsette med barnehagefagleg og barnefagleg kompetanse. Noreg er det einaste av 25 undersøkte OECD-land som verken har 50 prosent pedagogar eller 80 prosent tilsette med barnefagleg kompetanse. Skal dette kunne skje, må vi truleg gjere noko med pedagognorma i barnehagelova sjølv om dette er ei minimumsnorm,  vi må auke utdanningskapasiteten og vi må styrkje vilkåra for dei som har utdanna seg for arbeid i barnehage gjennom løns- og arbeidsvilkår, kvalitetsutvikling og rettleiing av nyutdanna.

Ei påtrengjande lokal utfordring er å fylle dei pedagogstillingane vi allereie har med kvalifisert personale. I Sogn og Fjordane i dag er ca. 12 prosent tilsette på dispensasjon. Variasjonen mellom kommunane er stor. 11 av kommunane har ingen midlertidige dispensasjonar, medan dei 15 andre varierer frå 5 til 31 prosent. Spørsmålet er om kreativiteten og innsatsen er stor nok hos barnehageeigarane. Er det umogleg å skaffe utdanna pedagogar, eller handlar det om mangel på menneskeleg og økonomisk ressursinnsats? Eg reknar ikkje med at nokon lenger meiner at alle er skikka til  å passe barn, men eg lurer likevel på om dette er eit område som fortener meir merksemd dersom barna våre skal få gode vilkår for læring og utvikling den tida dei er i barnehagen.