«Dagmar» – ikkje berre ei plage

Av Tore Sønnesyn, Publisert måndag 12. mars 2012

Saman med Helsedirektoratet laga vi i november i fjor til ei øving der Fylkesmannen, kommunane og Helse Førde trente på å handtere ekstremvêr. Scenarioet hadde vi med vilje lagt opp litt i overkant av kva vi trudde var reelt. Nokre av deltakarane kommenterte i ettertid at øvinga ikkje vart heilt realistisk, og at så mange hendingar aldri kunne komme på same tid i fylket vårt.

Nokre få veker seinare kom «Dagmar». Ikkje berre vart det nesten skummelt likt det vi øvde på, men uvêret fekk enda større konsekvensar enn det vi la opp til under øvinga i Loen.

Det har no gått over to månadar sidan «Dagmar» var på besøk, og dei fleste av oss har fått ho litt på avstand. Herjingane i romjula sette likevel djupe spor; både i innbyggjarane og i oss som skal planleggje beredskapen i fylket. Det positive med slike hendingar er at vi får auka merksemd på beredskap. Frå fleire av kommunane har vi høyrt utsegn som at «vi trudde ikkje at vi kunne bli utan straum så lenge», «vi trudde ikkje at telenettet var så avhengig av straum», «vi må endre planverket vårt» og «vi må sikre oss sjølve betre».

Kommunane sitt ansvar for beredskapsplanlegging er slått tydelegare fast i ei lov som vart gjort gjeldande frå 1. januar 2010. Lova fekk ei forskrift i fjor haust, og no er rettleiaren komen. Han skal vere med og hjelpe kommunane til å forstå dei nye lovkrava, og å setje dei ut i livet.

Alt no ser vi at mange kommunar har starta ein prosess med å lage heilskaplege analysar av risiko og sårbarheit (ROS-analysar), fornye beredskapsplanane, og å lage eigne øvingar for å bli betre på handtere kriser. Dette skjer ikkje berre på grunn av dei nye lovkrava, men òg fordi kommunane sjølve ser kor viktig det er å vere førebudde. Alt arbeidet som no blir lagt ned, vil gjere sitt til at fylket står sterkare neste gong vi kjem opp i ekstraordinære situasjonar, anten det er ekstremvêr eller andre hendingar som råkar oss.

Denne veka samlar vi kommunane på Skei for å diskutere ulike beredskapstema. Den første dagen blir det to hovudtema; radon/stråling og kraftforsyningsberedskapen i fylket. Den andre dagen vil for det meste gå med til å snakke om beredskapsplanar og ROS-analysar. Målet er at vi, saman med kommunane og andre beredskapsaktørar, skal løfte beredskapen i fylket til eit enda høgre nivå.

Snakke til veggen

Av Merete Larsmon, Publisert måndag 24. januar 2011

Vi med naturvitskapeleg utdanning trur at berre folk får den rette informasjonen, så vil dei forstå klimaproblemet. Så enkelt er det nok ikkje.

Forskarar på klima er i hovudsak samde om at det meste av global oppvarming skuldast oss menneske og at dersom vi held fram på same viset med å sleppe ut klimagassar i same tempo, så  vil vi sjå meir av flaum, varmebølgjer, matkriser og helseskadar. Ei spørjeundersøking utført av CICERO (Senter for klimaforsking) viser at berre seks av ti nordmenn meiner at klimaendringane er menneskeskapte! Ni av ti klimaforskarar meiner det same.  Kvifor er skepsisen større blant folk flest enn blant forskarane som sit nærare fakta og sanninga?

Forklaringa er at det er verdiane våre som avgjer kva ”sanning” vi vel å tru på. Det er altså ikkje slik at berre folk får riktig informasjon, så blir folkemeininga meir lik vitskapen. Det er dei grunnleggjande verdiane våre som avgjer kva vi legg til grunn når vi vurderer ein risiko eller vitskapelege fakta. Yaleprofessoren Dan Kahn  hevdar at korleis samfunnet rundt oss er organisert, påverkar også haldningane våre til fakta.  I tillegg er det stor ulikskap mellom individualistar og ”kollektivistar” når det gjeld oppfatning av risiko og trugsmål. Dei som tilhøyrer ”kollektivistane” ser samfunnet i ein  heilskap. Saman har vi ansvaret for å skape det gode liv.  Men individualistane smir si eiga lukke.

Oppfatningane våre er også påverka av kva slags gruppe vi identifiserer oss med, spesielt viss gruppa betyr mykje for oss. Samstundes søkjer vi støtte for å forsvare vår eiga  overtyding. Vi tek til oss kunnskap på ein selektiv måte. Sjølv sakleg og nøktern kunnskap kan skape endå større usemje i ei gruppe som frå før er lite homogen. Truverdet til den som spreier kunnskapen er difor avgjerande om vi vel å tru på det eller ikkje. Reklamebransjen har knekt denne koden og vel bodberar i tråd med bodskapen. Vi tur mest på dei som representerar våre eigne verdiar . Det er difor lite smart å overbevise folk om å godta ei løysing ved å forklare eit problem. Det lure er å vise ei løysing som forsterkar deira identitet. Først då blir folk meir opne for at det verkeleg finst eit problem verdt å løyse.

Eit eksempel frå skog og klima: Eg vel å tru på at skog bind CO2 og at det kan vere ein del av klimaløysinga : At skog i vekst kan binde og lagre karbongassen for med det å medverke til at det blir mindre av gassen i lufta, noko som igjen medverkar til at den globale temperaturen ikkje stig fullt så mykje som ein fryktar. Det er bodskapen til fleirtalet av klimaforskarane og då vel eg å tru på det – kanskje fordi eg har bakgrunn og utdanning innan skogbruk. Men også fordi eg lærte av mine forfedrar på Finnskogen at vi er avhenging av naturen . Dette er fakta, men også kva vi vel å tru på.

Klimatilpassing på timeplanen

Av Oddvar Flæte, Publisert måndag 15. november 2010

I dag blir det lagt fram ei offentleg norsk utgreiing om klimatilpassing, NOU10:2010 – ”Tilpassing til eit klima i endring”. Utvalet har vore samansett av fagfolk frå forvaltning, forsking og næringsliv. Eg  sjølv har hatt gleda av å leie utvalet.

Eit endra klima vil påverke kvar einskild av oss og samfunnet. Utgreiinga handlar om konsekvensane av klimaendringane og kva vi som samfunn kan gjere for å møte dei.

Klimaframskrivingar syner at vi må rekne med vesentlege endringar i klimaet dette hundreåret. Årleg middeltemperatur for Noreg er berekna å stige mellom 2,3 og 4,6 grader, med størst auke om vinteren og minst om sommaren.

Sjølv om kunnskapen om klimaet i framtida er usikker, veit vi nok til å konkludere med at samfunnsplanlegginga må ta høgde for at klimaet er i endring. Arealbruk eller langsiktige investeringar som ikkje tek omsyn til klimaendringar, vil kunne koste samfunnet  dyrt og setje menneskeliv og helse på spel.  God tilpassing i dag er difor ein føresetnad for eit mindre sårbart Noreg i morgon.

Infrastrukturen vår er utsett for vêr og vind, og vil vere sterkt utsett i eit endra klima. Meir intense og hyppigare vérhendingar, vil auke faren for hyppigare straumbrot, overbelasting av avløpsnettet og fleire skadar på vegar og hus. Delar av infrastrukturen vår, som til dømes vatn- og avløpssektoren, er i dårleg teknisk tilstand som følgje av manglande vedlikehald. Dette gjer særleg vatn- og avløpssektoren (lenke) sårbar for klimaendringar. Vedlikehaldsetterslep på fleire sektorar gjer oss ekstra sårbare for klimaendringar.

Men klimaendringar kan også by på nye moglegheiter. Innan primærnæringane, kraftsektoren, petroleumssektoren, reiselivet og sjøfarten vil klimaendringane gje høve til ny verdiskaping.

Samanlikna med dei fleste andre land, er Noreg likevel mindre utsett og betre rusta for endringane. Mange land vil både bli hardare ramma og ha mindre ressursar til å handtere konsekvensane.

Inngrep i naturmiljøet reduserer biologisk mangfald, leveområde og grunnlaget for ressursbaserte næringar. Auka temperatur, meir nedbør og surare hav vil diverre medverke til å forsterke den negative utviklinga.

Klimaproblemet er skapt av oss. Tilpassing til dei klimaendringane vil redusere samfunnet si sårbarheit. Utvalet meiner det bør vere ei tydeleg nasjonal styring av klimatilpassing, men at kommunane må vere sentrale og desse blir styrkte med både kompetanse og midlar. Vi trur at det er vesentleg at naturverdiar blir vektlagt. Og vi må ta vedlikehaldsetterslepet på alvor.