Ta i bruk ungdommen!

Av Jørn Stenehjem, Publisert måndag 17. august 2015

I desse dagar er det mange nyhendesaker om mangel på læreplassar for ungdom. Dette gjeld både i fylket vårt og landet elles. I Sogn og Fjordane har vi dessutan utfordringar med at for få unge vel å etablere seg her i fylket. Derfor er det å kunne tilby arbeidserfaring viktig.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har i mange år teke inn lærlingar innan IKT-faget. Å ta inn ein ungdom krev litt av oss, men samstundes gir det mykje tilbake. Ungdomane kjem inn i organisasjonen med nye idear, eit anna brukarperspektiv og er som regel eit friskt pust både fagleg og sosialt.  Dette har vi gode erfaringar med. Vegen vidare etter læretida hjå oss har vore ulik frå person til person. Fleire har studert vidare, nokre har fått jobb lokalt og andre har freista tilværet med jobb i storbyen. Felles for alle er at dei etter å ha gjennomført læretida hjå oss, reiser ut i verda og kan vere med på å bygge eit positivt omdømme av ein arbeidsplass som har meir spennande arbeidsoppgåver enn det mange trur. Dette er viktig for oss når vi seinare skal rekruttere fagfolk innafor IKT.

Ein IKT-student sit framfor dei to skjermane og jobbar.

Foto Magne-Bjarte Hatlem, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Sommarjobbtilbodet DifiCamp i Leikanger har fått mykje merksemd og er eit døme på at det å satse på litt eldre ungdom kan vere ei god investering med tanke på omdømmebygging og rekruttering.

Hjå Fylkesmannen har to IKT-studentar nett avslutta sommarjobben sin. Vi gjekk mange rundar med oss sjølve før vi engasjerte ungdomane. Vi frykta at det ville ta mykje kapasitet hjå eigne tilsette. Vi var bekymra for ungdommane sitt kompetansenivå, og vi frykta at ferieavvikling ville gjere at studentane fekk for dårleg oppfølging. All frykt var ugrunna! Studentane våre var begge sogningar, men kjente ikkje kvarande frå før. Begge hadde ein bachelorgrad innan IT og er i gang med master-studium. Studentane fekk eit eige prosjekt å jobbe med. Dei måtte samarbeide om prosjektet og sjølve fordele oppgåvene. Ungdomane har levert langt over det vi hadde forventa. Fylkesmannen sit igjen med mange positive erfaringar:

  • Ungdomane har utvikla seg sjølve,  men og bidrege til auka kompetanse hjå våre eigne fagfolk
  • Ungdomane har utvikla ei IT-løysing som skal vidareutviklast av fagfolka våre i samarbeid med Kulturdepartementet.
  • Ungdomane er blitt kjende med interessante IT-arbeidsplassar i sitt heimeområde
  • Ungdomane reiser tilbake til studiemiljøet og er forhåpentlegvis med på å bygge eit godt omdømme av Fylkesmannen og IT-miljøet i Sogn
  • Vi har lært at dette er noko vi skal gjere meir av

Oppmodinga herifrå er klar : Ta i bruk ungdomen!

IKT som endringsverktøy

Av Jørn Stenehjem, Publisert måndag 7. november 2011

Alle organisasjonar nyttar i våre dagar IKT som eit sentralt hjelpemiddel. IKT er i dei fleste endringsprosessar eit sentralt tema. Det er sjeldan vi høyrer om store endringar, eller reformer, som blir gjennomført utan at IKT er sentralt. Er IKT eit verktøy for å gjennomføre vedtekne endringar, eller er IKT drivar av endringa?

Svaret på spørsmålet mitt er sjølvsagt ikkje eintydig. Min påstand er likevel at IKT er for lite nytta som drivar, men i stor grad blir nytta til å gjennomføre endringa utan å vere premissleverandør for endringa i seg sjølv.

I privat næringsliv har IKT vore eit viktig verktøy for effektivisering og endringsleiing. Eit døme kan vere omgrepet Lean som kjem frå det japanske industrikonsernet Toyota. Lean er i kortform ein moderne serieproduksjonsmetode som ikkje ville vere muleg utan avanserte IT-løysingar.

Kan IKT vere ein premissleverandør for endringar også i det offentlege? Sjølvsagt! Om det offentlege, på alle nivå, ønskjer å gjere gjennomgripande endringar må IKT inn på eit tidspunkt der reforma framleis er på planstadiet. Lånekassen og Skatteetaten er store lokomotiv i slike satsingar. Desse to etatane har gjennomført store gjennomgåande endringar der IKT har vore nytta som ein premiss. Det er sikkert mange meiningar om prosessar og resultat av satsingane, men alle kan vere samde om at for brukarane har endringane vore ein suksess.

Finst det slike suksesshistorier også på eit lågare forvaltningsnivå? Nei, diverre. Kvifor ikkje? Min påstand er at dei lokale forvaltningsnivåa manglar den naudsynte visjonen og gjennomføringsevna som trengs. Og kanskje midlane. Men midlane finst heilt sikkert om nokon set i gang å leite etter dei. Direktoratet for forvaltning og ITK (Difi) har laga ein rapport, Digitalt førstevalg, som analyserer utfordringane for endring med IKT som premiss. Her er det og eksempel som kan vere interessant lesing for mange.

Så utfordringa til oss i Sogn og Fjordane blir: Finst det nokon som har visjonen, og evnene? Som ønskjer å vere i front med IKT?

Best på elektronisk kommunikasjon

Av Solfrid Helvik, Publisert måndag 22. mars 2010

I løpet av dei siste åra har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vore pådrivar for å få utvikla ei sikker løysing for elektronisk sending av dokument mellom offentlege verksemder (Best-prosjektet). Saman med fleire leverandørar, kommunane i fylket og fylkeskommunen, har vi fått på plass ei løysing som gjer at vi sikkert og enkelt kan kommunisere elektronisk i offentleg sektor.

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud seier at ” vi må utnytte IKT sitt potensial til å effektivisere både offentlig sektor og næringslivet – slik at vi jobber smartere, lever grønnere og yter gode offentlige tjenester. For å lykkes med disse prioriteringene er det behov for en offensiv og bevisst nasjonal IKT-politikk” (les heile talen)

Når offentlege verksemder og forvaltninga skal sende sensitiv informasjon seg imellom, kan ein ikkje bruke vanleg e-post. Informasjonen må sendast elektronisk på ein så sikker måte at utanforståande ikkje kan få tak i sendingane. Ved å nytte elektronisk dokumentutveksling kan offentlege verksemder sende saker elektronisk til kvarandre på ein sikker måte. Alle sendingar blir dessutan loggførte, og vi får stadfesta at mottakar verkeleg har fått meldinga. Fordelane med dette er at vi sparer portoutgifter og arbeid på arkiva som sender og mottek posten. På denne måten sparar vi tid og miljøet. Med spart postgang vil òg sakshandsamingstida bli redusert. Slik vil denne løysinga ikkje berre komme offentleg sektor til gode, men gje miljøvinstar og betre tenester til innbyggjarane.

16 av kommunane i fylket samhandlar no med Fylkesmannen på denne måten, og fleire kommunar er snart klare til å nytte løysinga. Utfordringane har vore mange, men kommunane har stått på og heile tida ønskt å vere med på å utvikle løysinga. Det arbeidet kommunane i fylket har bidrege til, har gjeve oss ei løysing som no blir teken i bruk i offentleg sektor i heile landet. Så då kan vil vel seie at vi er best på elektronisk kommunikasjon?