Nordavind frå alle kantar?

Av Haavard Stensvand, Publisert torsdag 12. mai 2011

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) presenterte nyleg ein rapport om “det nasjonale risikobildet”.

Dei fleste tema som vert omtalt er veldig aktuelle for vårt fylke òg. Naturhendingar er gitt brei merksemd, og Sogn og Fjordane har gjennom tida hatt sin del av ekstremvêr og skred. Klimaendringane gir all grunn til å tru at det i framtida oftare vert dagar med sterk nedbør, som igjen vil gi auka problem med t.d. flaumar og jordskred. Andre tema som er omtalt i rapporten har vi òg erfaringar med. Eksplosjonen ved Vest Tank i 2007 er nemnt spesielt.

Direktør Jon A. Lea i DSB presiserer at rapporten syner kva som kan skje i Noreg, ikkje kva som vil skje. Det kan vere ei nyttig påminning. Det er ein fare for at vi som arbeider med samfunnstryggleik vert litt blenda av kor utsett samfunnet kan vere i gitte situasjonar. Når arbeidskvardagen handlar om å tenkje på fare for skred, flaumar, straumbort og ulykker, kan det vere lett å verte som Kjell Aukrust sin Ludvik. Aukrust omtalar figuren som “personleg pessimist” og hans bodskap til omverda er alltid “Det er fali’ det!”.

Vi lever i eit alt for trygt samfunn til å kunne late tanken på det farlege få øydeleggje kvardagen. Det er likevel viktig å ta på alvor tilrådingane som rapporten kjem med. På viktige område går det an å gjere val som bidreg til å redusere risiko, eller omfanget av skaden dersom ei hending skulle skje. God arealplanlegging og rett dimensjonering vil vere viktige tiltak for å gjere lokalsamfunn meir robuste i møtet med ulike påkjenningar. Beredskapsplanlegging og system for varsling er døme på tiltak som kan redusere negative konsekvensar.

På dei fleste område har kommunane ei sentral rolle med både førebygging og beredskap. Fylkesmannen har for nokre dagar sidan skrive til naudetatane og Statens vegvesen, og minna dei på kommunane si viktige rolle når det skjer alvorlege hendingar. Vi har peika på at det difor er viktig å varsle kommuneleiinga tidleg når noko skjer. Kommunane må på si side syte for å ha interne rutinar for varsling til leiinga frå sine eigne operative mannskap, t.d. i brannvesenet, legekontoret eller teknisk vakt. Kommuneleiinga må få høve å skaffe seg god oversikt tidleg, og til å setje i verk nødvendige tiltak.

Den før omtalte Ludvik er i følgje Aukrust “ … et B-menneske med utpreget høysnue og tydelig angst for gjennomgripende forandringer”. Ein kommune med ein velfungerande beredskap vil bidra til å ta bort mykje av grunnlaget for Ludvik og alle andre sin redsel. Det er for mange andre viktige ting å bruke tida si på enn å vere redd. Ludvik er t.d. svært glad om blomar, og syter samvitsfullt for at dei får nok vatn på varme dagar. Med full sommarvarme allereie i mai er nok det noko fleire enn han bør drive med, sjølv om det kan gi litt rennande nase.

Snakke til veggen

Av Merete Larsmon, Publisert måndag 24. januar 2011

Vi med naturvitskapeleg utdanning trur at berre folk får den rette informasjonen, så vil dei forstå klimaproblemet. Så enkelt er det nok ikkje.

Forskarar på klima er i hovudsak samde om at det meste av global oppvarming skuldast oss menneske og at dersom vi held fram på same viset med å sleppe ut klimagassar i same tempo, så  vil vi sjå meir av flaum, varmebølgjer, matkriser og helseskadar. Ei spørjeundersøking utført av CICERO (Senter for klimaforsking) viser at berre seks av ti nordmenn meiner at klimaendringane er menneskeskapte! Ni av ti klimaforskarar meiner det same.  Kvifor er skepsisen større blant folk flest enn blant forskarane som sit nærare fakta og sanninga?

Forklaringa er at det er verdiane våre som avgjer kva ”sanning” vi vel å tru på. Det er altså ikkje slik at berre folk får riktig informasjon, så blir folkemeininga meir lik vitskapen. Det er dei grunnleggjande verdiane våre som avgjer kva vi legg til grunn når vi vurderer ein risiko eller vitskapelege fakta. Yaleprofessoren Dan Kahn  hevdar at korleis samfunnet rundt oss er organisert, påverkar også haldningane våre til fakta.  I tillegg er det stor ulikskap mellom individualistar og ”kollektivistar” når det gjeld oppfatning av risiko og trugsmål. Dei som tilhøyrer ”kollektivistane” ser samfunnet i ein  heilskap. Saman har vi ansvaret for å skape det gode liv.  Men individualistane smir si eiga lukke.

Oppfatningane våre er også påverka av kva slags gruppe vi identifiserer oss med, spesielt viss gruppa betyr mykje for oss. Samstundes søkjer vi støtte for å forsvare vår eiga  overtyding. Vi tek til oss kunnskap på ein selektiv måte. Sjølv sakleg og nøktern kunnskap kan skape endå større usemje i ei gruppe som frå før er lite homogen. Truverdet til den som spreier kunnskapen er difor avgjerande om vi vel å tru på det eller ikkje. Reklamebransjen har knekt denne koden og vel bodberar i tråd med bodskapen. Vi tur mest på dei som representerar våre eigne verdiar . Det er difor lite smart å overbevise folk om å godta ei løysing ved å forklare eit problem. Det lure er å vise ei løysing som forsterkar deira identitet. Først då blir folk meir opne for at det verkeleg finst eit problem verdt å løyse.

Eit eksempel frå skog og klima: Eg vel å tru på at skog bind CO2 og at det kan vere ein del av klimaløysinga : At skog i vekst kan binde og lagre karbongassen for med det å medverke til at det blir mindre av gassen i lufta, noko som igjen medverkar til at den globale temperaturen ikkje stig fullt så mykje som ein fryktar. Det er bodskapen til fleirtalet av klimaforskarane og då vel eg å tru på det – kanskje fordi eg har bakgrunn og utdanning innan skogbruk. Men også fordi eg lærte av mine forfedrar på Finnskogen at vi er avhenging av naturen . Dette er fakta, men også kva vi vel å tru på.

Budsjett og økonomiplanar – innbyggjarane sitt engasjement

Av Kåre Træen, Publisert fredag 22. oktober 2010

Kommunen skal kvart år vedta eit budsjett og rullere ein fireårig økonomiplan. Dette er heimla i kommunelova. Forskrifter  for budsjettarbeidet har minimumskrav om økonomisk informasjon, informasjon som m.a. skal ut til innbyggjarane. Økonomiplanen har ikkje tilsvarande forskriftskrav, og kommunane står dermed noko friare i utforming av sine dokument.

For tenester som skule, omsorg, barnehage er det særlover som regulerer korleis innbyggjarane skal varslast og involverast i større enkeltsaker. Men betyr det at budsjett- og økonomiplanarbeidet er mindre viktig for innbyggjarane? Slett ikkje! Det er i prosessen fram mot vedtak i budsjett og økonomiplanar det blir gjort endringar og (om)prioriteringar i tenestene til deg og meg. Dokumenta i plan- og budsjettarbeidet gjev rammer og er i stor grad styrande for tenestenivået dei nærmaste åra.

Formannskapet sitt forslag til budsjett og økonomiplan skal leggjast ut til offentleg gjennomsyn i 14 dagar før saka går til kommunestyret. Bakgrunnen for dette er at innbyggjarane skal kunne kome med innspel og merknader før kommunestyret behandlar og gjer vedtek. Fylkesmannen går gjennom budsjett og økonomiplanar for alle kommunane i fylket, og gjennomgangen viser at det er store forskjellar i korleis kommunane gjev og framstiller informasjon til innbyggjarane. Slik må det til ei viss grad også vere, for det er ikkje eit mål eller krav at kommunane skal ha lik utforming av dokumenta.

Ei kartlegging av tal innspel og merknader som kommunane fekk for budsjett 2010 og økonomiplan 2010 – 2013 viser at talet ikkje er høgt. Til saman 115 innspel  fordelt på 26 kommunar, gjev eit snitt på 4,4 innspel per kommune. Lag og organisasjonar var dei klart mest aktive, deretter selskap/verksemder og til sist privatpersonar. Denne rekkjefølgja er ikkje overraskande, ettersom innspel knytt til visse type saker kan vere vanskelege å fremje som privatperson.

Ein uformell leik med tal viser at kommunane her i fylket av sine inntekter fordeler nesten 7 milliardar kroner til drift av administrasjon og tenester til innbyggjarane. For kvart budsjett og økonomiplan blir det gjort endringar  som påverkar tenestene til innbyggjarane. Kvifor er det då slik at kvar kommune i snitt får inn berre ei handfull innspel i dette viktige arbeidet? Er det vi som innbyggjarar som ikkje forstår at det er i budsjettarbeidet vi må komme på bana, eller er det kommunane som skriv dokumenta på ein slik måte at vanlege innbyggjarar melder pass? Og kva tykkjer politikarane om at det er så langt mellom innspela i dette viktige arbeidet?

Sikkert og spennande?

Av Haavard Stensvand, Publisert måndag 11. oktober 2010

Valkampen framfor kommune- og fylkestingsvalet nærmar seg. Det skal nok mykje til for at ikkje samferdsle, helse, skular og eldreomsorg vert viktige valkampsaker. Samfunnstryggleik vert ganske sikkert ikkje det.

Kanskje det burde vere annleis? Ikkje det at eg reknar med at nokon vert ordførar fordi han eller ho har tankar om korleis den nye beredskapsplanen for kommunen skal vere. Eller korleis ein risikoanalyse for eit aktuelt bustadområde kan lagast. Men kanskje tryggleik likevel fortener større plass. Ikkje minst som eit viktig argument når vi skal få folk til å kome til oss, anten det er som nye innbyggjarar eller turistar.

Tryggleik er eit grunnleggjande behov hjå alle menneske. Vi må ha ei visse for at vi ikkje vert slått ned når vi er ute, at huset vi bur i ikkje er ei brannfelle, at det ikkje vil gå snøskred når vi skal på skitur osb. Det er ikkje lett å vite om den opplevde tryggleiken alltid er den same som den faktiske. Det er uansett opplevinga som er avgjerande for livskvaliteten.

For ein innbyggjar i Detroit eller St. Louis som tenkjer seg utanlands, kan kanskje håpet om å sleppe å oppleve kriminalitet vere det avgjerande argumentet for å leggje ferien til Sogn og Fjordane. Ingen kan garantere at det ikkje skjer vedkomande noko her òg. Men vi må kunne ha lov til å seie at sjansen ikkje er så stor i eit fylke som berre har ein tredel så mange lovbrot som i Oslo, rekna per 1000 innbyggjarar.

Kommunane har fått eit mykje tydelegare krav på seg om å jobbe med samfunnstryggleik. Endringane i den såkalla sivilbeskyttelseslova pålegg dei å gjere analysar av risiko og sårbarheit. Dei skal og lage ein strategi for oppfølging av funna, m.a. korleis risiko kan førebyggjast.  Det kan t.d. handle om å redusere faren for skred i eit bustadområde, eller å planleggje for korleis pleie- og omsorgstenesta skal kunne fungere om straumen vert borte under eit uvêr.

Kanskje fylket skal prøve å verte best her òg? Vi ser at innbyggjarane er flinke til å førebyggje at det skjer uønskte hendingar. Brannstatistikken viser t.d. at det er berre halvparten så mange bustadbrannar i Sogn og Fjordane som i Aust-Agder, mens folketalet er om lag likt.  Og Aust-Agder peikar seg ikkje spesielt dårleg ut samanlikna med alle dei andre fylka.

Når den enkelte får til å gjere sitt nærmiljø tryggare, bør det vere ei spennande oppgåve å gjere det same med fellesmiljøet.  Og så kan kanskje slagordet som skal selje fylket verte ”Sogn og Fjordane – sikkert og spennande”?

God sommar!

Av Oddvar Flæte, Publisert tysdag 29. juni 2010

Sommaren er endeleg her – og ferietida likeeins. Ferietid er fisketid, fjellturar, jordbær med is og lange, late dagar.

Ferietid gjer også at mange har mykje meir tid til å vere på nett, men bruk no endeleg ikkje for mykje av sommaren framfor skjermen! Fylkesmannsbloggen tek i alle fall ferie. Vi har blogga om stort og smått sidan hausten 2009, og nett no er vi i gang med å evaluere møtet vårt med sosiale medium. Når pærene mognast har vi avgjort om vi skal blogge vidare eller ikkje.

Nyt sommaren her og no – og hugs at vi er så heldige å bu i eit av verdas vakraste reisemål.

Usynlege kvinner i fjordfylket

Av Anne Karin Hamre, Publisert onsdag 30. september 2009

Kvifor er kvinnene så lite synlege i mediebiletet i Sogn og Fjordane? Kvifor vert to lesarinnlegg av to kvinner om Badeland i Luster illustrert med eit bilete av to mannlege kommunestyrerepresentantar? Er det heilt ok at vi berre har to fylkessynsarar med ganske lik ståstad som heiter Arnestad og Aarebrot?

Slike spørsmål vart drøfta på seminaret om kvinner, menn og media på Tørvis hotell i Luster måndag kveld. Journalist Marit Rein frå avisa Nordlys fortalde om Farvel Taliban – prosjektet deira som handla om å doble talet på kvinnelege kjelder frå 20 til 40 prosent, og at det skulle vere ei kvinne på kvar einaste førsteside. Og kvinna skulle ikkje vere ”kakepynt”. Så lenge sjefredaktøren hadde fokus på dette, var prosjektet vellukka. Til og med sportssidene fekk eit kvinneløft. Diverre forsvann mykje av gløden då redaktørfokuset skifte over på omstilling og nedbemanningar.

Les resten av dette innlegget »

Korleis kommuniserer Fylkesmannen?

Av Anne Karin Hamre, Publisert tysdag 15. september 2009

For tida jobbar vi med ny strategi for verksemda vår dei komande fire åra. Vår kommunikasjon med omverda er ein viktig del av strategiarbeidet, og her er det ei rivande utvikling. Folk forventar at dei kan sende inn søknadsskjema via nettet, det er ikkje godt nok å skrive ut eit skjema og sende i posten. Altså må vi leggje til rette for fleire sjølvbetjeningsløysingar på heimesida vår. Her er vi i gang med eit stort prosjekt for å kartleggje og utvikle tenester, i samarbeid med dei andre fylkesmannsembeta og Fornyingsdepartementet.

Vi har fått ei ny offentleglov, som styrkar retten til innsyn i offentleg verksemd. Og fornyingsministeren er komen med framlegg til ny kommunikasjonspolitikk. Den inneheld tre sentrale prinsipp: Openheit, medverknad, og at bodskapen skal nå alle. Meir om dette på bloggen til departementet:
http://nystatligkommunikasjonspolitikk.wordpress.com

Fornyingsministeren ynskjer seg statlege verksemder som bidreg aktivt i samfunnsdebatten: ” Det er spesielt verdifullt at fagfolk deltar i den offentlige debatten på sine egne fagområder. Når en statsansatt deltar i samfunnsdebatten, skal det gå klart fram om hun eller han uttaler seg som privatperson eller på vegne av virksomheten” (s 11 i høyringsframlegget). Les resten av dette innlegget »