Tre utfordringar for skrøpelege eldre

Av Per Steinar Stensland, Publisert onsdag 3. juni 2015

Norsk eldreomsorg er sannsynlegvis blant verdas beste. Men mange sjuke eldre får for mykje medisinar, dei er utsette for dårleg samarbeid mellom kommune- og spesialisthelsetenester og dei treng betre rehabiliteringstenester.

Sjølv om eldreomsorga vår er bra, er det mange sjuke eldre som får for mykje medisinar, er utsette for dårleg samarbeid mellom kommune- og spesialisthelsetenester og som treng betre rehabiliteringstenester. Foto: northlightimages/iStock

Foto: northlightimages/iStock

Mindre medisinar gjev betre helse
Ein norsk sjukeheimspasient får i gjennomsnitt ni ulike medikament. Mange får da mange fleire. Kvar og eitt av desse medikamenta er i hovudsak testa ut på unge menneske, og dei er testa ut eitt om gongen. Nokre av dei er livreddande. Gitt til gamle og sjuke, opnar likevel dette for biverknader og komplikasjonar i interaksjon mellom medisin, sjukdom og gamal kropp.

For legen skal det større mot og kompetanse til å avslutte bruk av medisin, enn til å føreskrive meir. Men det er vist at systematisk reduksjon av medisinbruk etter sjukehusopphald gir den gamle pasienten betre helse.

For pleiarane er det ei utfordring å sikre rett medisin til rett pasient, og vi ser at dette ikkje sjeldan sviktar. Pasienten får feil medisin eller feil dose.

Når skal det bli betre?

Svingdørspasientar – eit teikn på manglande samarbeid
Vi har tal på akutte reinnleggingar av eldre 30 dagar etter utskriving frå eit sjukehus. Rundt 12 til 18 prosent av utskrivingar fører til slik reinnlegging. Dette er tal som mellom anna skildrar svingdørsproblemet for pasientar som vert skrivne heim frå sjukehus for tidleg, før tenestene i kommunane er klare for å ta dei imot.

Desse eldre pasientane kan stå i fare for å bli kasteballar dersom systemet gløymer at samhandlingsreforma også er eit stort samarbeidsprosjekt. Mange helse- og omsorgsoppgåver ligg i grenselandet mellom kommune- og spesialisthelsetenesta.

Ansvarsdelinga må løysast ut frå lokale vurderingar basert på fagleg kompetanse der aktørane tar omsyn til kvarandre slik at tenestene til den gamle heng saman.

Når skal dette bli betre?

Rehabiliteringssenter aukar funksjonsevna raskare
Rehabilitering er eit finmaska nett av tenester som spenner frå kvardagsrehabilitering i heimesjukepleien til høgspesialisert sjukehusrehabilitering. I samhandlingsreforma vil rehabilitering i større grad enn før bli overført til kommunane.

Førebels ser det ut til at mange kommunar prøver å løyse desse oppgåvene aleine og at dei i liten grad samarbeider. Men det er nyleg vist i ein norsk studie at rehabilitering i eigne interkommunale einingar gir betydeleg betre resultat for pasienten enn rehabilitering i sjukeheim.

Resultata viser at dei som blei rehabiliterte i kommunalt senter auka funksjonsevna med nesten det dobbelte samanlikna med rehabilitering i sjukeheim, og dette i løpet av om lag halve tida. Gruppa som blei rehabilitert på sjukeheim hadde større behov for heimetenester etter rehabiliteringa, enn den andre gruppa.

Bør ikkje dette få konsekvensar for organiseringa?

Fylket treng ein snuoperasjon i omsorgssektoren

Av Per Steinar Stensland, Publisert onsdag 24. august 2011

Tal sjukeheimsplassar i Sogn og Fjordane har gått tilbake frå 1200 til knapt 1100, syner rapportering frå kommunane i perioden 2004 til 2010. I den same perioden har talet omsorgsbustader auka frå knapt 700 til 750, men dei siste fire åra har det ikkje vore nokon auke. Utviklinga stemmer dårleg med regjeringas tiltak for å styrkje omsorgstenesta. Omsorgsplan 2015 seier nemleg at landet skal ha 12 000 nye heildøgns omsorgsplassar og 12 000 nye årsverk i den kommunale helse- og omsorgssektoren innan 2015. 12 000 nye plassar og årsverk over ein femårs periode på landsplan tilsvarar ca. 50 årleg i Sogn og Fjordane.

I staden for å auke tal heildøgns omsorgsbustadar har vi hatt ein reell tilbakegang i fylket vårt. Mange kommunar har riktig nok planar om utbygging av omsorgsplassar, men det vil undre mange at utviklinga har vore negativ over ein lengre periode. Alminneleg retorikk går ut på at tilboda stadig vert betre. Jamvel om heimetenester vert utbygd, kan vi neppe seie at desse tala gir inntrykk av at kommunane har satsa tilfredsstillande på dette feltet.

Tal omsorgsplassar og tal årsverk er sentrale indikatorar for kommunane si måloppnåing i omsorgssektoren, og tala på årsverk i pleie og omsorg er heldigvis meir positive. Det har vore ein jamn vekst i årsverk frå 2007 til 2010. Det siste året har veksten vore godt over måltalet.
Men det kan sjå ut til at kommunane har problem med å fylle sektoren med personell som har relevant fagutdanning. Dei fleste kommunane har fallande andel årsverk med fagutdanning i brukarretta teneste, og dette gjeld også for fylket som heilskap. Ved inngangen til ei samhandlingsreform der kommunane skal ta på seg fleire og meir komplekse helse- og omsorgsoppgåver, gir dette eit utfordrande utgangspunkt.

Mangelen på tilsette fagfolk gjeld også legar. Talet legetimar per veke per bebuar i sjukeheim var meint å skulle auke med 50 % i perioden 2005-2010. Vårt fylke hadde lågare utgangspunkt enn landet elles og også låg vekst. Gjennomsnittleg har sjukeheimane i vårt fylke dermed den dårlegaste legebemanninga i landet, (0,26 legetimar per bebuar per veke, mot 0,36 legetime som gjennomsnitt for landet, dvs.  28 % lågare).

Som oppsummering: Kommunane har bygd ned talet heildøgns omsorgsplassar, dei har tilsett meir personell, men av desse er det færre som har fagutdanning. Samhandlingsreforma gjer det naudsynt å styrkje satsinga.

Spesialisthelseteneste i hengemyr

Av Petter Øgar, Publisert måndag 16. november 2009

Spesialisthelsetenesta i fylket er i ei hengemyr med omsyn til utvikling og styring. Det er ikkje noko nytt, men av omsyn til befolkninga  bør det ikkje få halde fram.

Vi er den friskaste befolkninga i landet. Likevel brukar vi mest sjukehustenester av alle – med tilhøyrande kostnadsnivå og budsjettunderskot. Vi har den beste luftambulansetenesta i verda med to ambulansehelikopter i eige fylke og tre helikopter tilgjengeleg like utanfor fylkesgrensa. Vi har ei statsrådverna fødestove i Lærdal med full gynekologberedskap, sjølv om fødestova berre skal ta i mot forventa normalfødslar og i oktober berre hadde éin fødsel. Vi går i fakkeltog som ingen andre for å halde på akuttberedskapen alle stadar, sjølv om stadig fleire av dei verkeleg akutte og alvorleg sjuke vert transportert direkte til Sentralsjukehuset eller Haukeland. Likevel klarer enkelte å skape eit tilnærma katastrofebilete av akuttberedskapen i fylket dersom noko vert endra.

Les resten av dette innlegget »

Omsorgsbustad – alltid eit gode?

Av Turid Måseide, Publisert onsdag 21. oktober 2009

Kommunen har ansvar for mellom anna pleie- og omsorgstenester. Kommunen pliktar å organisere og dimensjonere helsetenesta slik at alle som treng slike tenester får det.

Staten har gjennom mange år vore ein pådrivar for bygging av omsorgsbustader. Kommunane har no i stor grad organisert tenestetilbodet sitt slik at pasientar som treng omsorg og pleie, kan få det i ein omsorgsbustad.

Men kva om pasienten ikkje ønskjer å bu i omsorgsbustad?

Les resten av dette innlegget »

Spesialisthelseteneste utan økonomisk styring

Av Petter Øgar, Publisert måndag 5. oktober 2009

Spesialisthelsetenesta i Noreg synest å vere utan økonomisk styring. Rapportar om store og helst aukande underskot er ei årviss melding frå helseføretak i ulike delar av landet. Helse Førde er ikkje noko unnatak. Dette skjer trass i at veksten i sjukehusbudsjetta gjennom fleire år har vore rekordstor. Det offentlege ordskiftet kan gje inntrykk av at spesialisthelsetenesta er under nedbygging, men slik er det ikkje. Spesialisthelsetenesta endrar seg og nye tilbod som tidlegare ikkje fanst, kjem til. Viss noko skal kritiserast, bør det vere at helsetenesta i for stor grad opprettheld  eksisterande tilbod og strukturar, framfor å styrkje tilbodet til grupper som eldre, psykisk sjuke og pasientar med rusproblem.    

Les resten av dette innlegget »