På tide å møtast på samvirkelaget?

Av Haavard Stensvand, Publisert måndag 6. juli 2015

Mange er opptatt av samfunnstryggleik og beredskap, og det er bra. Vi har eit samfunn der det i det store og heile er veldig trygt å bu. Det er likevel fint at mange jobbar for at det skal verte endå tryggare og trivelegare.

Sogn og Fjordane har vore gjennom mange alvorlege hendingar dei seinaste åra. Ein av dei viktigaste lærdomane er at det er svært viktig med eit godt samarbeid mellom aktørane som er involvert i handteringa. Aktørane må finne kvarandre når det skjer uønskte hendingar, dei må snakke saman og dei må finne løysingar saman. På beredskapsspråk heiter det samvirke. Fleire stortingsmeldingar har understreka samvirkeprinsippet som eit berande prinsipp for korleis vi skal jobbe med samfunnstryggleik i Noreg.

Samvirke og samarbeid på tvers av organisatoriske grenser

Merksemda omkring beredskapsarbeid gir seg òg utslag i at det vert arrangert mange store møte og konferansar om temaet. For dei som er ivrige til å reise på slikt, kan det verte mange og lange dagar i konferansesalar rundt omkring på norske hotell. Og så kostar det skjorta både å reise og å delta. Så langt i år er eg t.d. invitert til samfunnstryggleikskonferanse i Stavanger, DSB sin samfunnstryggleikskonferanse i Oslo og brannvernkonferanse i same by. Innimellom og før og etter har Nasjonal sikkerhetsmyndighet tilbode deltaking på sin tryggleikskonferanse, Direktoratet for nødkommunikasjon på Nødnettdagane og KFB på totalforsvarskonferanse. Og det må heller ikkje gløymast at NVE inviterte til beredskapskonferanse i Kristiansand i mai. Siste halvår vil heller ikkje mangle tilbod. Vi kan t.d. reise på lokal sikkerhetskonferanse (agendakonferansen) i oktober og redningskonferanse i september. Og så kjem sikkert Helsedirektoratet til å invitere til den årlege helseberedskapskonferansen.

Eg håpar og trur at samvirke er eit tema som har gått, og vil gå igjen på fleire av desse konferansane. På nokre konferansar har vi til og med her frå fylket fått lov til å dele nokre erfaringar om det temaet. Det ser likevel ut til at samvirke og samarbeid om å lage fagkonferansar ikkje er noko som står høgt på sakskartet hjå nasjonale styresmakter. Då min eigen sjef, Anne Karin Hamre, deltok på helseberedskapskonferansen i fjor, lanserte ho ein idé om at i år burde fagdirektorata gå saman og arrangere ein «samvirkelagskonferanse». Det ville ha vore eit flott høve til både symbolsk og i praksis å vise at statlege styresmakter evnar å jobbe saman på tvers av organisatoriske grenser.

Ideen er så god at han fortener å verte lansert igjen. Det einaste argumentet i mot som eg klarar å sjå, er at hotella ønskjer gjester, og transportselskapa passasjerar.  Ha ein god og samvirkeleg sommar!

Sektortenking utfordrar samhandlinga

Av Anne Karin Hamre, Publisert torsdag 28. februar 2013

Samvirke skal vere eit styrande prinsipp for alt samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid, seier den siste stortingsmeldinga om samfunnstryggleik. Samvirkeprinsippet stiller krav til god samhandling og samordning mellom ulike verksemder, både når det gjeld førebygging og krisehandtering.

Difor er det med undring og uro vi no registrerer at det går føre seg sektorvise prosessar som kan gje ei bit-for-bit-sentralisering av beredskapen i Noreg. DSB har gjort vedtak om å flytte alarmsentralen i Sogn og Fjordane frå Florø til Bergen. Varselet vart sendt med kortast mogleg høyringsfrist til eigarkommunane. Samstundes arbeider eit regjeringsoppnemnt utval fram mot juni med å vurdere organiseringa av politiet. I media vert det frå Politidirektoratet og DSB halde fram at denne prosessen kan gje færre politidistrikt. Frå begge hald vert 22. juli-kommisjonen si påpeiking av dårleg bemanna operasjonssentralar nytta som grunngjeving for dei varsla endringane.

Ifølgje 22. juli-kommisjonen var manglande koordinering og samhandling ei av årsakene til at mykje svikta: «Etter kommisjonens mening handler disse lærdommene i større grad om ledelse, samhandling, kultur og holdninger – enn mangel på ressurser, behov for ny lovgivning, organisering eller store verdivalg» (NOU 2012:14, kap 1).

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane er ein av dei få sentralane i landet som er samlokalisert med politiet, noko som gir gode føresetnader for informasjonsflyt og samarbeid på tvers. Denne samhandlinga synte seg å vere svært viktig under Dagmar sine herjingar i romjula 2011. Tverrgåande samhandling og handlekraft prega òg samarbeidet i fylkesberedskapsrådet og i kommunane desse dagane. God samhandling føreset nær kontakt, kjennskap til kvarandre og tillit. Tillit tek tid å byggje, og må haldast ved like over tid.

Det Sogn og Fjordane manglar av store fagmiljø i den enkelte verksemda, tek vi att ved å utvikle robuste kompetansemiljø på tvers. Vi kan t.d. nemne IT-forum Sogn og Fjordane, Forum for skule- og barnehageutvikling, samarbeidet mellom Fylkesmannen, fylkeskommunen og KS om fornying i kommunesektoren, og læringsnettverket for helseberedskap mellom Helse Førde, fleire avdelingar hjå Fylkesmannen og ei rekkje kommunar.

Ei sektorstyrt sentralisering vil gjere det vanskelegare å samhandle på tvers i fylket. Eg trur ikkje større einingar nødvendigvis gir meir handlekraft eller betre tenester og meir tryggleik for innbyggjarane. Kvardagsberedskapen vert utført der folk er, ikkje i sentrale styringsorgan. Oppdragsgjevarane våre har dei siste åra gitt fylkesmennene stadig fleire oppgåver på beredskaps- og samfunnstryggleiksområdet. Det er òg store forventningar til at kommunane skal styrke beredskapsarbeidet sitt. DSB fekk ei styrking på 45 mill. kroner i årets statsbudsjett, og opprettar no ei rekkje nye stillingar. Fylkesmenn og kommunar må handtere nye beredskapskrav og -forventningar utan at det følgjer ressursar med.

Rapporten frå 22. juli-kommisjon har utløyst ein debatt om forvaltningspolitikken. Er vi vortne for opptekne av å måle det som kan kvantifiserast? Er resultat- og rapporteringskrava for omfattande, evnar vi å skilje mellom stort og smått? Fører mykje kontroll til frykt for å gjere feil, og dermed til handlingslamming? Det er positivt at FAD og KRD saman vil sjå på statleg styring, kommunal handlefridom og direktorata si rolle. Det er viktig at ei slik utgreiing munnar ut i endringar. Eg meiner det er behov for meir tillit, ressursar og handlefridom for dei som gjer jobben der folk er.

(Bloggen er eit utdrag frå føreordet til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sin årsrapport for 2012).

Kriser krev samhandling

Av Anne Karin Hamre, Publisert tysdag 14. august 2012

22. juli-kommisjonen har levert sin rapport, og på ein tindrande klar måte skildra korleis ansvarlege styresmakter handterte terrorhandlingane i Oslo og på Utøya. Når kritikken rasar som verst, er det lett å gløyme at det faktisk var mykje som fungerte, ikkje minst i helsevesenet. Mykje fungerte diverre ikkje, og no må det bli ein brei, offentleg diskusjon om korleis beredskapen kan bli betre. Og diskusjonen må følgjast opp med tiltak.

Eit ord som går igjen i rapporten frå kommisjonen, er samhandling, eller rettare sagt, mangelen på samhandling. I dag er ansvarsprinsippet det berande prinsippet for organiseringa av norsk kriseberedskap. Det betyr at den styresmakta som har ansvar for eit fagområde eller sektor i det daglege, òg har ansvaret for å handtere situasjonen når det oppstår ei krise. Eit relevant spørsmål er om reindyrkinga av ansvarsprinsippet har gått for langt. Blir fagstyresmaktene så opptekne av å gjere den jobben dei skal innanfor sine ansvarsområde, at dei ikkje klarer å koordinere innsatsen seg i mellom?

Her i fylket måtte vi handtere ei alvorleg krisehending då Dagmar feia inn over oss i romjula. Eg er ikkje i tvil om at den samhandlinga vi hadde i fylkesberedskapsrådet, på tvers av etats- og ansvarsgrenser, var svært viktig for å avgrense dei negative konsekvensane av uvêret. Men eg er heller ikkje i tvil om at vi treng å verte endå betre på å planleggje saman, øve saman og jobbe saman når ting skjer. Tillit mellom partane er ein føresetnad for god samhandling. Tillit tek tid å byggje, og må haldast ved like over tid.

Eg er difor glad for at regjeringa alt har teke tak i samhandlingsutfordringa. I stortingsmeldinga om samfunnstryggleik som kom i sommar, vert det sterkt understreka at samvirke òg skal vere eit styrande prinsipp for alt samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid.

Den offentlege debatten om 22. juli handlar mykje om korleis vi kan innrette beredskapen for å hindre eller handtere terror. Det er heilt naturleg og nødvendig. Men vi må ikkje gløyme at det er mykje anna som kan true tryggleiken til folk. For ein utanforståande kunne det verke som at styresmaktene i USA vart overraska då den neste store katastrofen som råka landet etter 11. september ikkje hadde med terror å gjere. Det var tvert om naturkreftene som skapte trusselen, i form av den tropiske orkanen Katrina.

Difor må norsk beredskap vere i stand til å femne breitt. Og vi må ikkje berre vere opptekne av beredskap kvar gong det skjer noko alvorleg. Heile det offentlege Noreg må ta inn over seg at beredskap skal vere ein del av den daglege verksemda. 22. juli-kommisjonen seier at ei rekkje av dei forholda den har avdekt, viser at etatane ikkje har ei tilstrekkeleg erkjenning av risiko. Det er ein situasjon som ingen i ansvarlege posisjonar kan leve godt med, og som kallar på handlekraft.

«Dagmar» – ikkje berre ei plage

Av Tore Sønnesyn, Publisert måndag 12. mars 2012

Saman med Helsedirektoratet laga vi i november i fjor til ei øving der Fylkesmannen, kommunane og Helse Førde trente på å handtere ekstremvêr. Scenarioet hadde vi med vilje lagt opp litt i overkant av kva vi trudde var reelt. Nokre av deltakarane kommenterte i ettertid at øvinga ikkje vart heilt realistisk, og at så mange hendingar aldri kunne komme på same tid i fylket vårt.

Nokre få veker seinare kom «Dagmar». Ikkje berre vart det nesten skummelt likt det vi øvde på, men uvêret fekk enda større konsekvensar enn det vi la opp til under øvinga i Loen.

Det har no gått over to månadar sidan «Dagmar» var på besøk, og dei fleste av oss har fått ho litt på avstand. Herjingane i romjula sette likevel djupe spor; både i innbyggjarane og i oss som skal planleggje beredskapen i fylket. Det positive med slike hendingar er at vi får auka merksemd på beredskap. Frå fleire av kommunane har vi høyrt utsegn som at «vi trudde ikkje at vi kunne bli utan straum så lenge», «vi trudde ikkje at telenettet var så avhengig av straum», «vi må endre planverket vårt» og «vi må sikre oss sjølve betre».

Kommunane sitt ansvar for beredskapsplanlegging er slått tydelegare fast i ei lov som vart gjort gjeldande frå 1. januar 2010. Lova fekk ei forskrift i fjor haust, og no er rettleiaren komen. Han skal vere med og hjelpe kommunane til å forstå dei nye lovkrava, og å setje dei ut i livet.

Alt no ser vi at mange kommunar har starta ein prosess med å lage heilskaplege analysar av risiko og sårbarheit (ROS-analysar), fornye beredskapsplanane, og å lage eigne øvingar for å bli betre på handtere kriser. Dette skjer ikkje berre på grunn av dei nye lovkrava, men òg fordi kommunane sjølve ser kor viktig det er å vere førebudde. Alt arbeidet som no blir lagt ned, vil gjere sitt til at fylket står sterkare neste gong vi kjem opp i ekstraordinære situasjonar, anten det er ekstremvêr eller andre hendingar som råkar oss.

Denne veka samlar vi kommunane på Skei for å diskutere ulike beredskapstema. Den første dagen blir det to hovudtema; radon/stråling og kraftforsyningsberedskapen i fylket. Den andre dagen vil for det meste gå med til å snakke om beredskapsplanar og ROS-analysar. Målet er at vi, saman med kommunane og andre beredskapsaktørar, skal løfte beredskapen i fylket til eit enda høgre nivå.

Budd på det verste

Av Haavard Stensvand, Publisert måndag 14. november 2011

Eit søk på nettet gir massevis av tips til å verte betre i sykling, langrenn, fotball eller kva som helst anna idrett; “bli betre med mental trening”, “du vert ein betre syklist ved å trene styrketreningsøkter i tillegg til uthaldenheitstreninga” og “..eit viktig prinsipp innan trening er å trene på det du vil verte god på…”. Mange tilsynelatande svært gode tips, og heilt sikkert nokre mindre gode.

Vi som korkje har talent eller vilje til å hevde oss i noko som helst innan sport og idrett, får trøyste oss med tipsa i kategorien “nokre få minuttars gange kvar dag gir god helseeffekt”, og velrenommerte BBC si melding om at “ny forsking viser at all form for mosjon har ein helsemessig gevinst, uansett kor ofte ein trenar”.

Det er nok ingen tvil om at fornuftig trening er bra, uansett kva nivå du er på, eller har lyst til å kome på.  Den same bodskapen har relevans for veldig mange andre sider av livet òg. Ikkje minst når vi skal handtere ei oppgåve litt utanom det vanlege, gjerne under stressande forhold. Å trene på å takle ein uvant situasjon er på mange måtar kjernen i alt beredskapsarbeid. Ein viktig del av treninga er å førebu seg gjennom å lage ein plan. Planen må m.a. handle om korleis oppgåvene skal fordelast mellom spelarane på laget, og korleis vi skal kommunisere både internt og med dei som er rundt oss.

Denne veka møtest Fylkesmannen, Helse Førde og nesten alle kommunane i fylket for å trene saman på å takle utfordringar knytt til helse- og sosialtenester. Helsedirektoratet har laga ei øving med eit scenario som vil utfordre deltakarane på målet for all helseberedskap; å verne innbyggjarane si helse, og å oppretthalde tilbodet om nødvendig helsehjelp under kriser og katastrofar.

Krisa kan t.d. vere at det er svært dårleg vêr og at straumen vert borte. Det er ikkje noko ukjent problemstilling i eit fylke der det i vinter omkom to menneske i eit hus som vart teke av sørpeskred, og der 40-50 menneske måtte evakuere frå husa sine ei julinatt, fordi eit ekstremregn laga ein gedigen flaum.

Både Balestrand kommune og Stryn kommune har altså ferske erfaringar med ekstreme situasjonar.  Ingen veit når eller kvar noko vil skje neste gong. Det vi veit er at ting vil skje, og at det vil vere utfordrande å takle situasjonane når dei kjem. Men treninga vi skal gjennom denne veka vil vere eit bidrag til å gi både kondisjon og, ikkje minst, mental styrke til å møte utfordringane.

Publikum på ei kvar fotballbane har ei forventning om at laget skal vere best når det gjeld – det skal levere varene. Innbyggjarane i ei kvar kommune må ha lov til å forvente at laget gjer sitt beste for å levere livsnødvendige tenester, sjølv om stormen rasar og skredet har tatt vegen. La oss trene på det.

Nordavind frå alle kantar?

Av Haavard Stensvand, Publisert torsdag 12. mai 2011

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) presenterte nyleg ein rapport om “det nasjonale risikobildet”.

Dei fleste tema som vert omtalt er veldig aktuelle for vårt fylke òg. Naturhendingar er gitt brei merksemd, og Sogn og Fjordane har gjennom tida hatt sin del av ekstremvêr og skred. Klimaendringane gir all grunn til å tru at det i framtida oftare vert dagar med sterk nedbør, som igjen vil gi auka problem med t.d. flaumar og jordskred. Andre tema som er omtalt i rapporten har vi òg erfaringar med. Eksplosjonen ved Vest Tank i 2007 er nemnt spesielt.

Direktør Jon A. Lea i DSB presiserer at rapporten syner kva som kan skje i Noreg, ikkje kva som vil skje. Det kan vere ei nyttig påminning. Det er ein fare for at vi som arbeider med samfunnstryggleik vert litt blenda av kor utsett samfunnet kan vere i gitte situasjonar. Når arbeidskvardagen handlar om å tenkje på fare for skred, flaumar, straumbort og ulykker, kan det vere lett å verte som Kjell Aukrust sin Ludvik. Aukrust omtalar figuren som “personleg pessimist” og hans bodskap til omverda er alltid “Det er fali’ det!”.

Vi lever i eit alt for trygt samfunn til å kunne late tanken på det farlege få øydeleggje kvardagen. Det er likevel viktig å ta på alvor tilrådingane som rapporten kjem med. På viktige område går det an å gjere val som bidreg til å redusere risiko, eller omfanget av skaden dersom ei hending skulle skje. God arealplanlegging og rett dimensjonering vil vere viktige tiltak for å gjere lokalsamfunn meir robuste i møtet med ulike påkjenningar. Beredskapsplanlegging og system for varsling er døme på tiltak som kan redusere negative konsekvensar.

På dei fleste område har kommunane ei sentral rolle med både førebygging og beredskap. Fylkesmannen har for nokre dagar sidan skrive til naudetatane og Statens vegvesen, og minna dei på kommunane si viktige rolle når det skjer alvorlege hendingar. Vi har peika på at det difor er viktig å varsle kommuneleiinga tidleg når noko skjer. Kommunane må på si side syte for å ha interne rutinar for varsling til leiinga frå sine eigne operative mannskap, t.d. i brannvesenet, legekontoret eller teknisk vakt. Kommuneleiinga må få høve å skaffe seg god oversikt tidleg, og til å setje i verk nødvendige tiltak.

Den før omtalte Ludvik er i følgje Aukrust “ … et B-menneske med utpreget høysnue og tydelig angst for gjennomgripende forandringer”. Ein kommune med ein velfungerande beredskap vil bidra til å ta bort mykje av grunnlaget for Ludvik og alle andre sin redsel. Det er for mange andre viktige ting å bruke tida si på enn å vere redd. Ludvik er t.d. svært glad om blomar, og syter samvitsfullt for at dei får nok vatn på varme dagar. Med full sommarvarme allereie i mai er nok det noko fleire enn han bør drive med, sjølv om det kan gi litt rennande nase.

Trygge tenester – også i dårleg ver

Av Haavard Stensvand, Publisert onsdag 16. februar 2011

Diskusjonane om det framtidige tilbodet i spesialisthelsetenesta rasar som aldri før. I nokre tilfelle kan både argumenta og engasjementet tyde på standpunkta er basert like mykje på kjensler som på fornuft og realitetar. Det er vel heller ikkje til å unngå når temaet er organiseringa av ei offentleg teneste som i ytste konsekvens handlar om liv og død.

Diskusjonane om organiseringa av helsetenestene i kommunane har så langt hatt eit mykje lågare støynivå. Dette kan kanskje endre seg noko etter kvart som arbeidet med å gjennomføre samhandlingsreforma går framover.

Kommunane har ansvar for gode og forsvarlege helse- og sosialtenester til alle som treng det, uavhengig av alder og diagnose. Rammevilkåra er ulike frå ein kommune til ein annan. Det er t.d. variasjonar i kommuneøkonomien, og for nokre kommunar kan store avstandar gjere det ekstra utfordrande å yte gode nok tenester.

I delar av året vil vêret òg gi ekstra utfordringar for helse- og sosialtenestene. Det er difor nødvendig at kommunane har tenkt gjennom korleis tilbodet innan t.d. pleie og omsorg  skal kunne oppretthaldast òg på dagar med sterkt snøfall, stor skredfare, vegstengingar og brot på forsyninga av kraft og teletenester. Helse- og sosialberedskapslova pålegg kommunane å analysere kor sårbare tenestene er for t.d. uvêr. Med bakgrunn i slike analysar må det så gjennomførast førebyggjande tiltak som kan gjere tenestene mindre utsette og meir robuste.

I ein del tilfelle er det ikkje mogleg å førebyggje at ei hending skjer, eller å hindre at følgjene kan verte store. Difor er det nødvendig at kommunane har ein beredskap for korleis ulike situasjonar skal handterast, og at det er øvd på dette.

I ei undersøking som Fylkesmannen har gjort i vinter ser vi t.d. at det er ein del kommunar som ikkje har nødstraumsforsyning på alders- og sjukeheimen. Ut frå resultatet av undersøkinga meiner vi og at planane for å handtere straumbrot i helse- og sosialtenestene ikkje er gode nok i ein del kommunar.

Vi håpar og trur at konferansen som Fylkesmannen og Helsedirektoratet har invitert til denne veka kan vere eit steg på vegen til å betre på dette. Liv og helse skal vernast og sosiale tenester skal oppretthaldast på både godvêrsdagar og når storm og nedbør slår til. Det kan det kanskje vere på sin plass at vi frå tid til annan minner kvarandre om. I sin ytste konsekvens handlar jo òg kommunale tenester om liv og død.

Ho mor ho kveikjer alle ljos…

Av Haavard Stensvand, Publisert tysdag 21. desember 2010

Jula er over oss igjen. Den er her anten vi har rokke over det vi tenkte vi skulle gjere av julekortskriving, vasking, pynting og baking, eller ikkje. Og det er kanskje det vi nettopp treng; ei høgtid som kjem uansett, og som for ei stund tvingar oss til å leggje frå oss alt vi skulle ha fiksa, ordna og gjort.

Julesongar og lys på tre og i stjerne er gode juletradisjonar. To tredeler av døgeret er det mørkt ute, og det er difor ekstra godt å kunne ha det lyst innandørs.  Og med kaldt vêr i vente er god varme i huset ein viktig del av kosen. Meteorologisk institutt ventar at det på julaftan vert 14 kuldegrader i Stryn, 16 på Vassenden og 13 på Veitastrond. Då er det ein sjølvsagt ting at vi har godt med ved til å leggje i omnen, og at vi kan skru opp effektbrytaren på den elektriske omnen enno eit hakk.

Eller er det ikkje sjølvsagt at det er så sjølvsagt? Vi har eit robust kraftforsyningssystem i Noreg og i Sogn og Fjordane. Det gjer at vi sjeldan opplever langvarige brot i straumforsyninga. Nettselskapa er så flinke til å levere straum at det er lett å gløyme at det frå tid til annan likevel kan skje hendingar som gjer det umogleg å halde forsyninga oppe.

Vi har eit klima som ikkje alltid spelar på lag med oss. Kraftig vind, store nedbørsmengder og temperaturskifte kan føre til trefall, ising og skred, som igjen gir påkjenningar på linjenett og installasjonar. I følgje NVE skuldast om lag halvparten av brota i straumforsyninga vêrpåkjenningar. Kraftbransjen seier at det er sannsynleg at det kan skje eit større straumbrot ein eller annan stad i fylket vårt. Nokre område er spesielt utsette fordi nettet er svakt og det manglar reserveforsyning i tilfelle ei linje skulle falle ut.

Nesten alt vi driv med i det moderne samfunnet er på ein eller annan måte avhengig av straumforsyning. I utgangspunktet bør alle som er kritisk avhengig av kontinuerlig kraftforsyning sikre seg med naudstraum for å unngå store negative konsekvensar av eit eventuelt straumbrot.

Fylkesmannen har akkurat sendt ut ei spørjeundersøking til alle kommunane, der vi spør kva dei tenkjer om si eiga sårbarheit for straumbrot. Vi trur at pleie- og omsorgstenestene kan vere spesielt sårbare. Mange alders- og sjukeheimar manglar naudstraum, og vil kunne få store utfordringar dersom straumen vert borte over tid. Lys og varme er éin ting, drift av avansert medisinsk teknisk utstyr er noko heilt anna.

Aristoteles skal ein gong ha sagt at det er sannsynleg at noko usannsynleg vil skje. Beredskap handlar om å førebu seg på å handtere alle typar uønskte hendingar,  òg dei som i utgangspunktet er lite sannsynlege. Ei slik hending kan til dømes vere ei jul utan at det vert mogleg å få lys som skin i kvar ei krå.

Sikkert og spennande?

Av Haavard Stensvand, Publisert måndag 11. oktober 2010

Valkampen framfor kommune- og fylkestingsvalet nærmar seg. Det skal nok mykje til for at ikkje samferdsle, helse, skular og eldreomsorg vert viktige valkampsaker. Samfunnstryggleik vert ganske sikkert ikkje det.

Kanskje det burde vere annleis? Ikkje det at eg reknar med at nokon vert ordførar fordi han eller ho har tankar om korleis den nye beredskapsplanen for kommunen skal vere. Eller korleis ein risikoanalyse for eit aktuelt bustadområde kan lagast. Men kanskje tryggleik likevel fortener større plass. Ikkje minst som eit viktig argument når vi skal få folk til å kome til oss, anten det er som nye innbyggjarar eller turistar.

Tryggleik er eit grunnleggjande behov hjå alle menneske. Vi må ha ei visse for at vi ikkje vert slått ned når vi er ute, at huset vi bur i ikkje er ei brannfelle, at det ikkje vil gå snøskred når vi skal på skitur osb. Det er ikkje lett å vite om den opplevde tryggleiken alltid er den same som den faktiske. Det er uansett opplevinga som er avgjerande for livskvaliteten.

For ein innbyggjar i Detroit eller St. Louis som tenkjer seg utanlands, kan kanskje håpet om å sleppe å oppleve kriminalitet vere det avgjerande argumentet for å leggje ferien til Sogn og Fjordane. Ingen kan garantere at det ikkje skjer vedkomande noko her òg. Men vi må kunne ha lov til å seie at sjansen ikkje er så stor i eit fylke som berre har ein tredel så mange lovbrot som i Oslo, rekna per 1000 innbyggjarar.

Kommunane har fått eit mykje tydelegare krav på seg om å jobbe med samfunnstryggleik. Endringane i den såkalla sivilbeskyttelseslova pålegg dei å gjere analysar av risiko og sårbarheit. Dei skal og lage ein strategi for oppfølging av funna, m.a. korleis risiko kan førebyggjast.  Det kan t.d. handle om å redusere faren for skred i eit bustadområde, eller å planleggje for korleis pleie- og omsorgstenesta skal kunne fungere om straumen vert borte under eit uvêr.

Kanskje fylket skal prøve å verte best her òg? Vi ser at innbyggjarane er flinke til å førebyggje at det skjer uønskte hendingar. Brannstatistikken viser t.d. at det er berre halvparten så mange bustadbrannar i Sogn og Fjordane som i Aust-Agder, mens folketalet er om lag likt.  Og Aust-Agder peikar seg ikkje spesielt dårleg ut samanlikna med alle dei andre fylka.

Når den enkelte får til å gjere sitt nærmiljø tryggare, bør det vere ei spennande oppgåve å gjere det same med fellesmiljøet.  Og så kan kanskje slagordet som skal selje fylket verte ”Sogn og Fjordane – sikkert og spennande”?