Tillit er bra – kontroll er betre?

Av Per Steinar Stensland, Publisert måndag 29. juni 2015

Vaksinasjon er det mest effektive førebyggande helsetiltaket vi kjenner. Kommunen sine helsesøstrer reddar fleire liv og hindrar meir sjukdom enn kommunelegane. Vern om jobben deira ved å ta vare på det viktigaste arbeidsverktøyet – tillit.

Vaksinasjon førebyggjer. Eg fekk eit bevis på kor effektive vaksinane er da eg ein periode var lege i Botswana. Der var det mange menneskje med alvorlege polioskadar som du kunne sjå både i klinikkane og på gata.

Polioskadar vil seie forkorta og kraftlause lemmer, t.d. ein kort arm, eit bein som ikkje vil fungere. Det spesielle var at alle dei polioskadde var over femten år. Ikkje eitt av barna var skadd. Det var femten år sidan dei innførte poliovaksine.

Ikkje rart at folk slutta opp om vaksineprogrammet; dei kunne alle sjå med eigne auge at det hjelpte mot sjukdommar som dei frykta. Oppslutninga om barnevaksinasjonsprogrammet var derfor betre enn i europeiske byar på same tid.

I vinter har vi blitt minna om at oppslutning om barnevaksinasjonsprogram ikkje er sjølvsagt. Meslinger har brote ut både i  europeiske byar og i USA. Vi har også sett einskildtilfelle i Noreg. Når smitten er på plass, er det vaksinasjonsdekninga som avgjer om det skal bli eit utbrot.

Det er først når vi har nær 95 % dekning at samfunnet har «flokkimmunitet» som effektivt hindrar smittespreiing. Vi må derfor aktivt jobbe for å nå dette målet.

I vinter har mange argumentert for at barnevaksinasjon skal vere påbode. Dette vil vere å spele bingo med helsetenesta sitt adelsmerke, som er tilliten innbyggjarane har til helsetenesta.

Tillit er skjør. Tillit føreset at du trur deg sjølv. At du trur at samfunnet har tillit til deg. Trur  at pasienten får tillit til  informasjonen og argumentasjonen din.

Påbod høyrer heime på ein annan banehalvdel. Påbod er tvang. Tvang mobiliserer motkrefter som bidrar til at tillit forvitrar. Helsepersonellet blir vaktråd for eigne påstandar.

Vi må vere klokkeklare i kommunikasjon med folk flest: Tillit skal vere basis for samhandling med helsetenesta. Vi er faktisk overlatne til å bruke dialog i møte med barnefamiliar som lurer på om vaksine er trygt for barna.

Så enkelt, så vanskeleg.

Les meir om tillit, vaksinasjon og helse:

Elling Ulvestad. 2015. Vaksinasjon – tillit eller tvang? Oslo: Tidsskrift for Den norske legeforening.

Nasjonal dugnad for å busetja flyktningar!

Av Gunnar O. Hæreid, Publisert onsdag 13. mai 2015

Kommunane i landet vert stadig flinkare til å ta imot flyktningar som har fått opphaldsløyve. I fjor vart heile  7 784 personar busette i landet, ein auke frå 5 486 i 2011 og 6 541 i 2013. Likevel sat det ved utgangen av mars framleis 5 226 personar, av dette 681 born, i norske mottak og venta på busetjing.

Dette var altså personar som har fått opphaldsløyve i Noreg. Dei ventar på å få seg ein eigen heim, på å kunna ta seg arbeid, på å kunna byrja på skule eller utdanning, eller rett og slett på å byrja på det nye livet sitt. I gjennomsnitt er ventetida no 9,1 månader frå flyktningen får opphaldsløyve, til han eller ho får flytta ut av mottak og til ein eigen heim.

Frå Syria opplever me den verste flyktningkatastrofen i verda sidan andre verdskrigen, der dei fleste lever i flyktningleirar i grannelanda. Noreg har vedteke å ta imot 1 500 kvoteflyktningar derifrå i  2015, og det har kome framlegg om å ta imot endå fleire.

Barne- og familieminister Solveig Horne sende i april ut brev til alle landets ordførarar og bad dei svara på kor mange flyktningar kommunen kan busetja i 2015 og 2016. Samstundes har regjeringa dei siste åra auka integreringstilskota som følgjer med kvar flyktning, og også auka tilskota Husbanken løyver til utleigebustader. I bloggen Vi må bli betre på busetjing og integrering frå januar 2014 har me gjort greie for dei vanlegaste grunnane til ikkje å ta imot flyktningar, og kva ordningar staten har for å bøta på desse. Som peikt på då, meiner kommunar som har systematisert busetjing av om lag 15 flyktningar årleg, at det løner seg økonomisk. Seinare har altså dei økonomiske ordningane vorte betra.

I ei tid der halvparten av kommunane i fylket har folkenedgang, medan folketalet vert ein stadig viktigare faktor i inntektssystemet til kommunane, kan busetjing av flyktningar vera ein måte å styrka tenestetilbodet i ein kommune. Det er neppe tilfeldig at dei kommunane som har høgast folkevekst i fylket, gjerne er dei som tek imot flest flyktningar.

Sogn og Fjordane kjem best ut for dei fleste levekårsindikatorane, som til dømes skuleresultat for grunnskulen, fråfall i vidaregåande skule, yrkesdeltaking, arbeidsløyse, levealder og livsstilssjukdommar. Ut frå dette burde me også ha dei beste føresetnader for å ta imot og integrera flyktningar som byrjar livet på nytt.

Kan me ta vår brorpart av den nasjonale dugnaden?

Fylkesmannen som ressurs for fylket

Av Christian Rekkedal, Publisert måndag 9. januar 2012

Etter kvart kommuneval er det alltid nokre av innbyggjarane våre som får nye og spennande utfordringar. Eg tenkjer på dei som planlagt, eller mindre planlagt, har fått plass i eit kommunestyre eller i andre kommunale utval. Våre eigne folkevalde får vere med på å ta viktige avgjerder, men først av alt treng dei innsikt i ansvar, roller og det regelverket som dei skal forvalte.

Kommunane sin interesseorganisasjon KS har eit godt opplegg med sitt generelle Folkevaldprogram 2011-2015. I tillegg arrangerer Fylkesmannen no på nyåret eigne fagdagar for folkevalde. Vi starta i Sogn 4. januar, skal til Sunnfjord og HAFS-regionen 11. og 12. januar, medan Dagmar bles nordfjordmøtet til ut i neste månad. Desse møta utfyller KS sitt Folkevaldprogram og handlar om samspelet mellom kommunane og Fylkesmannen. I tillegg blir det også dei første større møta mellom kommunane og ny fylkesmann og ny assisterande fylkesmann.

Fylkesmannen er mest kjent for vår hovudrolle som er å informere om og å gjennomføre Staten sin politikk i fylket, vere klageinstans for kommunale vedtak, og kontrollere kommunar og enkeltbedrifter. Vi får oppdragsbrev frå 12 departement med tilhøyrande direktorat, og oppgåver på eit vidt spekter innan helse- og sosial, miljøvern, utdanning og barnehage, landbruk, kommunal økonomi og samfunnstryggleik. Dersom vi skulle ha gjort dette grundig, kunne vi ha brukt fleire dagar på å liste opp og formidle lover, regelverk og føringar.

Lover og regelverk er heilt grunnleggjande for folk sin rettstryggleik i eit velfungerande samfunn, og politikarane vil etter kvart få rikeleg med kjennskap til og erfaring med desse.  Men i tillegg er det også svært viktig å kjenne bakgrunnen og motivasjonen for reglane, kvifor dei er innført og korleis dei kan brukast for å skape ei positiv framtid.

Fylkesmannen skal vere ein rettleiar og støttespelar for kommunane, vi skal fremje fylket sine interesser og ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styresmakter. Vi har ein visjon om å vere ein ressurs til beste for innbyggjarar, samfunn og livsgrunnlag. Det er dette som blir hovudinnfallsvinkel i vårt første møte med kommunepolitikarane i 2012. Vi tek opp tema som utviklingsarbeid, planlegging og forvaltning, og tenesteyting innan helse og utdanning. Like viktig som å formidle gode råd til kommunane, er det å få tilbakemelding og forventningar til Fylkesmannen. Det er difor sett av god tid til diskusjonar.

Fylkesmannen har vi ei rekkje viktige oppgåver i grensesnittet mellom statleg og kommunal politikk. Skal vi utvikle dette fylket vidare, må dette samspelet vere godt og vi ser fram til å møte kommunane no ved starten på eit nytt år under overskrifta Fylkesmannen som ressurs for fylket.

Treng vi legar i heimfylket?

Av Per Steinar Stensland, Publisert måndag 10. oktober 2011

fastlegeDistriktsfylket Sogn og Fjordane har ei legedekning som befolkninga ikkje bør godta. Dette gjeld både i og utafor sjukehus. Samhandlingsreforma gir auka behov for legar. Turnustenesta kan verte avvikla innan eit par år. Dette gjer situasjonen meir alvorleg.

Ubalanse sjukehus – fastlegar
Årleg vekst i sjukehustenesta er langt større enn heile ressurstilgangen til fastlegeordninga. I 2010 arbeidde berre ein fjerdedel av yrkesaktive legar i fastlegepraksis. For perioden 2003-2009 var auken i legestillingar i sjukehus 25 % mens fastlegestillingane auka med 12 %. Dei fleste nyutdanna legane har ønske om å jobbe i sjukehus. Dette tyder at utgangsposisjonen for fastlegetenesta er dårleg og at skeivutviklinga held fram.

Legerekruttering i Sogn og Fjordane
I distrikta er situasjonen i fastlegetenesta vanskelegare enn i resten av landet. I Sogn og Fjordane har auken i talet på kommunelegar i perioden 2000-11 vore under 10 %. Det er ein merkbar forgubbing av kommunelegar: Nær 30 % er eldre enn 55 år, noko som resulterer i at 20 % ikkje køyrer vakt.
For 10 år sidan var nær 20 % av stillingane heilt ledige. No er nær 20 % korttidsvikarar, og jamvel om det no er legar på plass, representerer stadige skifte eit kvalitetsproblem.

Samfunnsmedisin
Berre halvdelen av kommunane har kommuneoverlege som kan gje leiinga råd om samfunns-medisinsk planlegging.

Turnustenesta
Turnustenesta kan stå for fall, og det kan skje alt om få år. Turnustenesta er i dag viktigaste rekrutteringskjelda for nye legar i fylket.

Kva er vist å verke rekrutterande til legetenesta i distrikt?
Internasjonale undersøkingar viser at dei to viktigaste elementa er å utdanne lokal ungdom og å leggje utdanninga ut av dei sentrale sjukehusa og ut i distrikta. Men også insentiv og lønnssystem blir lagt vekt på.

Kva no?
To tredeler av unge legar er i dag kvinner. Vil dei velje Sogn og Fjordane eller Finnmark utan trekningsbasert turnus? Samhandlingsreforma krev fleire legar enn no i heile landet. Oppretting av nye stillingar i sentrale strok vil gjere det like vanskeleg som før å få legar til distrikta.

Korleis tenkjer kommunane om denne utfordringa? Treng dei faste legar?
Kan fylket stå saman om å finne løysingar?

Tar kommunane og fylkeskommunen ansvar for nyutdanna lærarar?

Av Åslaug Krogsæter, Publisert tysdag 12. april 2011

Det er eit stort behov for nyrekruttering til læraryrket i åra som kjem. Politikarane har sett i verk ulike tiltak i håp om å få fleire til å ønskje seg inn i læraryrket, og å få lærarane til å bli i yrket. Eitt av tiltaka er ny nivådelt grunnskulelærarutdanning, eit anna er rettleiing for nyutdanna lærarar. Sjølv om  søkjartala til utdanninga har auka mykje dei siste åra, er det framleis ei utfordring å avgrense  fråfall  både  i utdanninga og i dei første åra i yrket.

Internasjonal forsking viser oss at det første yrkesåret betyr mykje for korleis ein utviklar seg som lærar. Ein rapport frå OECD, Teachers Matter (2005), viser oss at nye lærarar treng støtte i den første fasen.  Oppfølging det første året i yrket aukar sjansen for at læraren framleis er lærar etter fem eller ti år (Guarino mfl. 2006). Denne kunnskapen bør få konsekvensar for korleis kommunen som skuleeigar legg til rette for at skulane kan ta i mot nyutdanna på ein god måte. Det blir viktig kva oppgåver dei nyutdanna får, kven dei arbeider saman med og korleis samarbeidet blir organisert og korleis rettleiing blir tilrettelagt.

Kunnskapsdepartementet og KS har inngått ein avtale om å gi eit rettleiingstilbod til alle nytilsette nyutdanna lærarar i grunnskular og vidaregåande opplæring frå hausten 2010. Partane er samde om at det er behov for systematisk rettleiing og oppfølging dei første åra i arbeidslivet. Departementet skal syte for at høgskulane tilbyr vidareutdanning i rettleiing og støtte til erfarne lærarar som skal vere rettleiarar for dei nye. Kommunane og fylkeskommunen skal syte for at dei nyutdanna får tilbod om rettleiing frå ein erfaren kollega.

Vi er no inne i første året med ordninga, og spørsmålet er om alle nytilsette nyutdanna i Sogn og Fjordane har fått tilbod om ei systematisk rettleiing som er tett på undervisninga både når det gjeld tid og stad? Den enkelte kommune/fylkeskommune avgjer sjølv korleis dei organiserer tilbodet, men det er eit arbeidsgjevaransvar å ta utgangspunkt i den nyutdanna sitt behov for rettleiing og for å organisere rettleiinga på ein god måte. Å få hjelp til å reflektere over eigen praksis vil bidra til at nyutdanna lærarar raskare kjem inn i det pedagogiske og praktiske arbeidet. Gevinsten for skuleeigar ved å ha ei god rettleiarordning vil kunne vere å rekruttere og behalde dyktige lærarar. Ei god rettleiarordning er med andre ord ei vinnarsak for alle partar i skulen. Her skal det bli spennande å følgje utviklinga i fylket!

Mobbing – skule- eller samfunnsproblem?

Av Åslaug Krogsæter, Publisert torsdag 3. mars 2011

Eit læringsmiljø som fremjar helse, trivsel og læring står høgt på den nasjonale politiske dagsordenen. Regjeringa har difor i samarbeid med interesseorganisasjonar og partar i arbeidslivet vedteke eit nytt manifest mot mobbing for perioden 2011-2014. Målet er at alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing. Kunnskapsministeren oppmodar alle ordførarane i landet om å vedta eit lokalt manifest for å styrkje  forplikting og engasjement.

Mobbing er ikkje berre eit skuleproblem. Vedvarande negativ eller vondsinna åtferd kan finne alle stader der menneske samlast og ikkje har klare normer for respektfull og inkluderande åtferd. Ubalanse i styrkjeforhold både fysisk og psykisk kan leggje grunnlag for trakassering og krenkjande ord og handlingar. Det er særleg alvorleg når dette rammar barn og unge som i mindre grad enn vaksne kan forsvare sine interesser og sin integritet. Vi veit at krenkjande åtferd kan redusere mennesket si oppleving av verdi og dermed skade utviklinga av ei positiv sjølvkjensle.

Vi har alle eit ansvar for å seie ifrå og stoppe mobbing når vi ser eller høyrer om dette. Eit særleg ansvar har dei som til dagleg arbeider i skular og barnehagar og bidreg i fritidsaktivitetar. Vi har framleis utfordringar når over fem prosent av elevane seier at dei blir mobba éin eller fleire gongar i veka. Det er likevel slik at det viktigaste og vanskelegaste arbeidet er å førebyggje mobbing. Her må skulane og barnehagane arbeide systematisk og langsiktig for å skape eit klima prega av respekt og inkludering. Dette handlar om å skape læringsmiljø der alle opplever meistring og der alle får delta i samhandling og aktivitetar som styrkjer evna til omsorg og empati. Ifølgje den generelle delen av læreplanen er sluttmålet for opplæringa  å oppmuntre den einskilde til å realisere seg sjølv på måtar som kjem fellesskapet til gode – å fostre til menneskelegdom for eit samfunn i utvikling.

Det er mitt ønske at alle ordførarane i Sogn og Fjordane engasjerer seg i dette arbeidet i samarbeid med dei som til dagleg har ansvar for at barn og unge. Fylkesmannen vil som ein del av dette viktige arbeidet også i år føre tilsyn med at skulane driv eit godt førebyggjande arbeid, stoppar krenkjande ord og handlingar og samarbeider godt med elevar og føresette gjennom  til dømes rådsorgana i skulane. Det er kommunane som må syte for at dette blir gjort på ein forsvarleg måte, og til hjelp i dette arbeidet har Utdanningsdirektoratet mellom anna laga ein rettleiar i arbeidet mot mobbing og definert kjenneteikn på eit godt læringsmiljø.

Budsjett og økonomiplanar – innbyggjarane sitt engasjement

Av Kåre Træen, Publisert fredag 22. oktober 2010

Kommunen skal kvart år vedta eit budsjett og rullere ein fireårig økonomiplan. Dette er heimla i kommunelova. Forskrifter  for budsjettarbeidet har minimumskrav om økonomisk informasjon, informasjon som m.a. skal ut til innbyggjarane. Økonomiplanen har ikkje tilsvarande forskriftskrav, og kommunane står dermed noko friare i utforming av sine dokument.

For tenester som skule, omsorg, barnehage er det særlover som regulerer korleis innbyggjarane skal varslast og involverast i større enkeltsaker. Men betyr det at budsjett- og økonomiplanarbeidet er mindre viktig for innbyggjarane? Slett ikkje! Det er i prosessen fram mot vedtak i budsjett og økonomiplanar det blir gjort endringar og (om)prioriteringar i tenestene til deg og meg. Dokumenta i plan- og budsjettarbeidet gjev rammer og er i stor grad styrande for tenestenivået dei nærmaste åra.

Formannskapet sitt forslag til budsjett og økonomiplan skal leggjast ut til offentleg gjennomsyn i 14 dagar før saka går til kommunestyret. Bakgrunnen for dette er at innbyggjarane skal kunne kome med innspel og merknader før kommunestyret behandlar og gjer vedtek. Fylkesmannen går gjennom budsjett og økonomiplanar for alle kommunane i fylket, og gjennomgangen viser at det er store forskjellar i korleis kommunane gjev og framstiller informasjon til innbyggjarane. Slik må det til ei viss grad også vere, for det er ikkje eit mål eller krav at kommunane skal ha lik utforming av dokumenta.

Ei kartlegging av tal innspel og merknader som kommunane fekk for budsjett 2010 og økonomiplan 2010 – 2013 viser at talet ikkje er høgt. Til saman 115 innspel  fordelt på 26 kommunar, gjev eit snitt på 4,4 innspel per kommune. Lag og organisasjonar var dei klart mest aktive, deretter selskap/verksemder og til sist privatpersonar. Denne rekkjefølgja er ikkje overraskande, ettersom innspel knytt til visse type saker kan vere vanskelege å fremje som privatperson.

Ein uformell leik med tal viser at kommunane her i fylket av sine inntekter fordeler nesten 7 milliardar kroner til drift av administrasjon og tenester til innbyggjarane. For kvart budsjett og økonomiplan blir det gjort endringar  som påverkar tenestene til innbyggjarane. Kvifor er det då slik at kvar kommune i snitt får inn berre ei handfull innspel i dette viktige arbeidet? Er det vi som innbyggjarar som ikkje forstår at det er i budsjettarbeidet vi må komme på bana, eller er det kommunane som skriv dokumenta på ein slik måte at vanlege innbyggjarar melder pass? Og kva tykkjer politikarane om at det er så langt mellom innspela i dette viktige arbeidet?

Få ressursar til barnevern

Av Oddvar Flæte, Publisert tysdag 6. april 2010

Etter at statsbudsjettet vart lagt fram, skreiv eg ein blogg om at ramma til kommunane var auka slik at det ville gi rom for 400 nye stillingar i barnevernet, tilsvarande  7-8 stillingar i vårt fylke.

Når vi nå har gått gjennom budsjetta til kommunane, finn vi  nedslåande resultat. Det er samla budsjettert med ein auke på 3-4 årsverk samstundes som Vik og Bremanger har reduksjonar tilsvarande 1,5 årsverk. Regjeringa si føring med å auke rammetilskotet tilsvarande 7-8 årsverk , syner at lokale prioriteringar vil det annleis.

Utviklingstrekka i vårt fylke syner ein auke i tal barnevernssaker på 64 % sidan 1997. Sakene er blitt meir tidkrevjande og meir komplekse. Tal barn i alderen 0-20 år per saksbehandlar, syner eit gjennomsnitt for vårt fylke på 580,4 medan landssnittet er 477,7.

Kommunane sitt svar på dette er at dei legg bort fleire saker. Talet har auka kraftig frå 2008 til 2009. Medan snittet på landsplan er 18 %, er det hos oss 20,3. Nokre kommunar skil seg ut: Vågsøy legg bort 53 % av sakene, Førde 46 % og Flora 34 %. Altså tre av dei største kommunane våre.

Fylkesmannen i Oslo og Akershus gjekk gjennom saker som vart lagt bort hos dei og kom til at 65,5 % av desse burde ha vore undersøkt. Rettstryggleiken til barnevernsbarn vart ikkje respektert.

Kjennemerket i vårt fylke er skepsis til samarbeid over kommunegrenser, lite samarbeid på tvers av etatane, få eller ingen meldingar frå dei som burde vere viktige samarbeidspartar som helsestasjon, barnehagar, skule og helseteneste.

Dette fylket står for ei rad med gode haldningar og verdiar. Eg trur ikkje det er slik vi ønskjer at det skal vere. Derfor får  vi i fellesskap gjere eit krafttak for å hjelpe nokre av dei svakaste i samfunnet.

Fylkesmannen vil framover auke talet på tilsyn, utfordre til samarbeid på tvers av kommunegrenser ved også å yte midlar til utgreiing  og gi bøter til dei som ikkje overheld fristar.

Ein studie basert på registerdata frå 120000 barnevernsbarn syner at det går vesentleg dårlegare med desse også som vaksne. Mykje av grunnlaget blir lagt dersom vi ikkje tek arbeidet med barna på alvor.

Slik kan vi ikkje ha det her i fylket!

Frå ord til handling

Av Jorunn Felde, Publisert fredag 11. desember 2009

I fleire av organisasjonane eg har arbeidd har vi snakka mykje om at vi må ”gå frå ord til handling”. Mange organisasjonar har store flotte dokument med tankar og vyer for korleis vi som tilsette skal vere og kva som skal skje i organisasjonen, men så er det ikkje alltid slik at vi klarar å leve opp til det vi har sagt at vi skal gjere. Det er lett å skyve ansvaret og seie at ”nei, dette har ikkje eg noko med, gå til leiaren min – ho har ansvaret”. For å klare å gå frå ord til handling må alle, både leiarar og medarbeidarar, vere villige til lære og gjere endringar i handlingsmønsteret sitt.

Ei endring eg vil fokusere på i 2010, er leiarskap og medarbeidarskap. Som leiar er eg medarbeidar med nokre ekstra roller.  Eg har stor tru på at dersom vi alle –  både medarbeidarar og leiarar – i fellesskap er ansvarlege for resultata, ja, så vil vi også prestere betre. Vi vil og vekse dersom vi i endå større grad bestemmer oss for å lære av kvarandre og deler endå meir av den kompetansen kvar og ein av oss har. Det andre eg vil gjere noko med, er å leie dei eg jobbar saman med til sjølv å finne løysingar på problemstillingar. Det gjev stor meistringsfølelse og mykje motivasjon å ta tak i utfordringar når vi ikkje kan skyve på ansvaret. Kva har du sett deg som mål i 2010?

Alle har eit ansvar for å hindre mobbing

Av Åslaug Krogsæter, Publisert onsdag 25. november 2009

Mobbing er eit alvorleg samfunnsproblem som har stort fokus hos nasjonale styresmakter. Mobbing rammar alle aldersgrupper og kan få store skadeverknader for den som blir utsett for det. Partane i arbeidslivet har eit ansvar for å sikre at arbeidsmiljølova sine krav blir overhalde, medan skuleeigar har ansvar for å sikre elevane eit trygt og forsvarleg skulemiljø.

Det er eit svært krevjande arbeid for skulane å hindre mobbing, og det er eit arbeid som aldri må ta slutt. Det handlar mellom anna om å lære elevane til å ta ansvar for kvarandre. Skal det vere mogleg å hindre og stoppe mobbing,  må både elevar, foreldre og lærarar vere vakne og ansvarlege slik at dei varslar eller grip inn.

Før kunne vi kanskje gå omvegar dersom nokon var ute etter oss. I dag er det mogleg å nå oss utan å passe oss opp då meldingar kan sendast anonymt via Internettet eller som tekstmeldingar til alle tider av døgnet. Det er så mykje lettare å krenkje den du ikkje møter og må sjå i auga. Nye mobbemetodar hindrar også at andre ser kva som skjer dersom det ikkje blir sagt ifrå. Heldigvis har mange gode krefter i samfunnet engasjert seg i arbeidet mot mobbing. 

Difor er det svært forstemmande korleis media til tider aktivt motarbeider dette arbeidet t.d. gjennom ulike tv-seriar som bevisst spelar på utstøyting og mobbing  som underhaldning. Aller verst er det å sjå at NRK, som blir finansiert av oss alle, systematisk legg til rette for uhøveleg framferd og krenkjande ytringar gjennom måten kanalen set aktuelle saker til debatt på. Etter mi vurdering handlar dette om å legalisere primitiv åtferd og fortelje ungane våre at det er greitt at vi ikkje treng å ta ansvar for simple og krenkjande ytringar. Det må vere på høg tid at kanalen avviser anonyme debattinnlegg på nettet. Om vi alle stod for ytringane våre, ville også debattane bli meir konstruktive og interessante.  Eit kjent uttrykk seier ”det trengs ein heil landsby for å oppdra eit barn”. Eg håper og trur at NRK Sogn og Fjordane ønskjer å tilhøyre denne landsbyen.

Enn så lenge jobbar vi på kvar vår front med å motarbeide mobbing. Fylkesmennene skal i 2010 føre tilsyn med skuleeigarar i heile landet for å sjå om dei har eit forsvarleg system for å sikre elevane eit trygt læringsmiljø fritt for mobbing. Meir informasjon om skuleverket sitt arbeid for eit trygt læringsmiljø finn du på Utdanningsdirektoratet si temaside om mobbing.