Samhandling undervegs i Nordfjord

Av Per Steinar Stensland, Publisert onsdag 26. juni 2013

I eit drygt år har arbeidsgrupper utgreidd korleis framtida skal bli for Nordfjord sjukehus. Prosjektet Framtidas lokalsjukehus har no levert sluttrapport. Arbeidet har hatt status som nasjonalt pilotprosjekt for utvikling av mindre lokalsjukehus og skulle vurdere og gi tilråding om endra oppgåvefordeling mellom nivå i spesialisthelsetenesta. Prosjektet skulle også greie ut kva helsetenester eit lokalsjukehus skal gje til pasientar i nærområdet. Samhandlinga mellom kommunane og spesialisthelsetenesta inngår som bakteppe for arbeidet.

Kampen om Nordfjord sjukehus har ikkje minst gått på om sjukehuset skulle halde fram med ortopedisk kirurgisk aktivitet og fødeavdeling. Begge desse aktivitetane er lagde ned. Men prosjektet skisserer ein indremedisinsk sengeavdeling med 15 senger der akuttilbodet er styrkt med anestesilege. Aktiviteten i avdelinga skal vere særleg innretta for å ta seg av dei samansette sjukdomsbilete hjå eldre personar. Eit omfattande dagtilbod vil kunne gi pasientane kreftbehandling, dialyse, hjarterehabilitering, KOLS-skule og- læring- og meistringstilbod. Nye polikliniske spesialisttenester skal kome, basert på forbrukskartlegging. Ein ny skadepoliklinikk skal byggast opp, integrert med interkommunal legevakt. Helse Førde skal vidareutvikle eksisterande psykiatritenester med tilbod for rusavhengige. Fødeavdelinga er erstatta med ein «god start-eining» og røynslene vart omtalt av overjordmor i Eid som gode i Dagsrevyen i februar 2013.

Samstundes har fem kommunar i Nordfjord planlagt eit omfattande samarbeid for å løyse utfordringane i samhandlingsreforma. Dei har fått tilskot til å byggje opp eit lokalmedisinsk senter lokalisert til sjukehuset med fem senger attmed interkommunal legevakt og legevaktsentral. Dei same kommunane har også planar om tett samarbeid om samfunnsmedisinske tenester.

Endring er krevjande. Vi har neppe sett den ferdige løysinga i Nordfjord. Men kommunane og helseføretaket er i ferd med å snekre saman tilbod som er i tråd med intensjonane i samhandlingsreforma. Det som skjer er lovande. Det som no trengst er vellukka rekruttering av helsepersonell til dei planlagde tilboda. Dette er til gjengjeld eit kritisk punkt i distriktsmedisinen.

2 tilbakemeldingar

  1. Av Alfred Bjørlo,

    Hei! Flott at du skriv om dette viktige emnet! Det er likevel to ting eg stussar på i innlegget ditt.

    For det første: Begrepsbruken “mindre lokalsjukehus” som ein eigen kategori i helsevesenet. Denne er ukjent for meg – og det er i alle fall ikkje rett at det er denne statusen utviklingsprosjektet ved Nordfjord sjukehus har hatt. Regjeringa har utpeika Nordfjord sjukehus som pilot for “framtidas lokalsjukehus” – og heile prosjektrapporten handlar om det i eit nasjonalt perspektiv.

    For det andre: Det du skriv kan tolkast slik at utviklingsprosjektet skildrar ein sjukehusmodell utan kirurgisk aktivitet. Det er heller ikkje rett. Det framgår tydeleg av sluttrapporten – og endå tydelegare av ein eigen delrapport i prosjektet om dagkirurgi – at kirurgisk aktivitet i form av dagkirurgi i praksis er ein føresetnad for effektiv og rasjonell drift av eit lokalsjukehus samla sett. Men det er rett som du skriv at modellen for framtidas lokalsjukehus ikkje inneberer ei eiga ortopedisk sengeavdeling. Her må vi altså skilje mellom ortopedisk avdeling og dagkirurgisk aktivitet, noko som er godt og gruundig omtalt i rapporten. Syner også til at Helse Vest nylig har vedtatt ein eigen strategisk plan for kirurgi der ein nettopp blinkar ut dagkirurgi ved lokalsjukehusa som eit område det må satsast meir på enn i dag.

    Så med desse to korrigerande kommentarane, takkar eg for eit interessant innlegg!

    mvh alfrd bjørlo

    • Av Per Stensland,

      Eid-ordførar Alfred Bjørlo har kommentar til bloggen min.
      Bloggen handlar om utviklinga av nye tenester på sjukehuset og nye samarbeidsformer mellom kommunane. Det siste viser at kommunane har hatt evne til å etablere konstruktive løysingar også der det har vore ei forhistorie prega av konflikt.
      Eg skriv at den kirurgiske aktiviteten er lagd ned ved sjukehuset. Det skulle vere rett, slik situasjonen er i dag. Eg har ikkje uttalt at sluttrapporten frå Utviklingsprosjektet ved Nordfjord sjukehus set kroken på døra for dagkirurgi. Sluttrapporten sitt avsnitt om dagkirurgiske tenester inneheld derimot: «Følgjeforskingsgruppa har peikt på at det dagkirurgiske behovet for Nordfjordbefolkninga er så stort at det må vurderast om dagkirurgi skal inngå i tenestetilbodet ved Nordfjord sjukehus.» Men dei skriv også: « … føretaket [har] ikkje planlagt at det skal vere kirurgisk aktivitet som krev generell anestesi ved dette lokalsjukehuset.»
      Utviklinga av «Framtidas lokalsjukehus» har nasjonal interesse. Nye tilbod kan bidra til å styrke tilbodet for dei største pasientgruppene. Eg held på at vellukka rekruttering av kompetent helsepersonell vil vere den viktigaste føresetnaden for god drift.

      Per Stensland

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.