Handelshuset på prærien?

Av Christian Rekkedal, Publisert torsdag 30. mai 2013

Førde er handelssenteret i fylket med ei detaljomsetning pr innbyggjar som ligg på topp i landet, både fordi nabokommunane ligg tilsvarande lågt og fordi bygdebyen har eit svært variert tilbod samanlikna med andre småbyar og resten av fylket.

No blir det presentert planar for ei nytt stort handelsenter på jordbruksflatene utanfor Førde. 152 dekar til nye handelshus, det vil sei tilsvarande 30 fotballbaner eller 150 villatomter, eller også nok til å produsere over 600 rundballar silo eller kanskje 500 000 kg poteter per år. Det er vanskeleg for oss å hugse på at mat er ei mangelvare i verda. Under 3 % av arealet i Norge er fulldyrka jord, og slikt areal har derfor eit sterkt lovfesta vern i § 9 i jordlova. Areal som det kan produserast mat på, skal vi ikkje bruke til andre føremål enn jordbruksproduksjon med mindre vi etter ei grundig vurdering finn ut at jordvernet må vike.

Slik omdisponering skjer hovudsakleg gjennom ein grundig planprosess, noko det også er lagt opp til i Førde som no skal revidere arealplanen. Det er svært bra at spørsmålet blir behandla i kommuneplanen og ikkje berre i avisa Firda. For saka er på ingen måte avgjort. Her ligg nokre viktige kontrollspørsmål som må vurderast, både for jordbruksinteressene og andre samfunnsinteresser:

  • Korleis skal Førde sentrum utvikle seg dei nærmaste 10 – 20 åra viss folketalet skal doblast? Kvar skal ein ha bustadområda, handelsområda, næringsareala, landbruksareala, friluftsareala? Kort sagt: korleis ynskjer ein at Førde skal sjå ut om 20 år?
  • Kva konsekvensar får det for Førde sentrum å utvide handelsområdet på Brulandsvellene som ligg nærmare to km unna dei andre store handelshusa i sentrum? Kva konsekvensar vil dette ha for trafikk, miljø, trivsel og dagleglivet til folket i Førde?
  • Finst det ikkje andre alternativ for å utvikle handelsnæringa innanfor det som i dag er Førde sentrum?
  • Er arealutnyttinga god nok? Kvifor kan ikkje bilane parkerast i kjellaren og på taket slik som for dagens handelshus i sentrum? Kan handelsarealet vere i fleire høgder, eller må alt liggje på gateplan?
  • Er dette ei samfunnsutvikling som er så sterk at alle andre interesser må vike?
  • Det kan finnast gode nok grunnar for å byggje ned jordbruksareal, og Førde som er ein viktig motor for utviklinga i fylket, treng kanskje meir areal. Men verdifullt areal må alle økonomisere med, og dess meir verdifull jorda er dess betre arealutnytting. Det er på ingen måte enkel plankekøyring å omdisponere så mykje dyrka jord. Dette handlar ikkje berre om morgondagens mat, men også om korleis vi vil at bygdebyen Førde skal sjå ut når han blir by.

    Legg att ein kommentar


    Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.