Barns rett til medverknad

Av Per Steinar Stensland, Publisert måndag 8. april 2013

Gjennom Sjumilssteget set Fylkesmannen barns rettar på dagsorden ved å løfte fram FNs barnekonvensjon. Eit hovudtema er barns rett til å medverke i avgjerder som gjeld dei sjølve. Kva kan slik medverknad gå ut på i helse-, sosial- og barnevernstenestene?

Barnelova seier at barn som er fylt 7 år, skal få seie si meining før det vert teke avgjerd om personlege tilhøve for barnet. Når barnet er fylt 12 år skal det leggjast stor vekt på kva barnet meiner. Barna skal ikkje bestemme, men skal bli høyrde og kunne gi uttrykk for kva dei meiner. Dette utfordrar vanlege førestillingar om barns evner og kapasitet. Korleis skal det gjennomførast for offentlege tenester?

I ein norsk tettstad på 6000 innbyggjarar, er det om lag 50 barn som får barndommen sin prega av mors eller fars rusbruk. Frå 2010 fekk vi eit tillegg i helsepersonellova som pålegg helsepersonell å ivareta behovet for informasjon og naudsynt oppfølging som mindreårige barn kan ha når ein av foreldra har psykisk sjukdom, rusavhengigheit eller alvorleg somatisk sjukdom. Lova er lite kjend hjå helsepersonell. Korleis kan dei etterleve lovkravet?

Minst like mange barn veks opp i familiar som har inntekt lågare enn fattigdomsgrensa, slik ho er definert i Noreg. Fylkesmannen har i 2012 hatt tilsyn med om Nav-kontora i fylket sikrar forsvarleg kartlegging og vurdering av situasjonen til barn i familiar som treng økonomisk stønad. Vi fann avvik i alle fire kommunane vi undersøkte. Etter regelverket skal desse barna få fremma sine synspunkt gjennom foreldra. Gitt at barna har røynsler som er viktige – korleis bør Nav kartlegge barnas behov?

På den same tettstaden får nær 60 barn kvart år hjelp frå barnevernet. Barnevernlova seier at barn som er fylt 7 år, og yngre barn som er i stand til å danne seg egne synspunkt, skal få informasjon og høve til å uttale seg før barnevernet tar avgjerd i ei sak som gjeld barnet. Nytt framlegg om endring i barnevernlova vil styrke barns rett til medverknad og gi dei høve til å ha ein særskild tillitsperson. Høyrer barnevernet barna?

Barn merkar stemning og kjensler like godt som vaksne, men dei kan ha vanskar med å forstå kva som føregår. Dei treng forklaringar. Barns rett til medverknad føreset at vi revurderer tenkinga vår om kva vi kan snakke med barn om. Ikkje minst må helse- og sosialpersonell lære korleis dei kan ivareta barna i vanskelege samtaler.

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.