URO-brev til KRD

Av Oddvar Flæte, Publisert fredag 25. september 2009

Ei av oppgåvene til fylkesmannen er å gi tilbakemelding til dei sentrale styresmaktene. Denne gongen har vi gjort det i form av eit brev som avspeglar uro.

Vi er glade for store reformer som skal gjennomførast for heile landet. Samstundes opplever vi i vårt fylke at små administrasjonar er sårbare for omstillingar og at det er ein svært ujamn kompetanse. Det rike tal samarbeidsordningar har demokratiske utfordringar.

I drøftinga kring samhandlingsreforma, blir det peika på at fleire kommunar bør finne samarbeidsmodellar. Det same bør også vurderast ved bruk av plan og bygnings-lova, klima, skole, sosialsida og økonomi.

Interkommunalt samarbeid medfører monalege utfordringar. Motivasjonen er ulik mellom kommunane fordi fordeling av nytte og kostnadar er ulik. Løysingane vil innebere å ta stilling i konfliktfylte spørsmål mellom anna knytt til lokalisering. Dette er vanskelegare innafor ramma av interkommunalt samarbeid enn innanfor ein kommune. Interkommunalt samarbeid er ressurs- og kompetansekrevjande og kan innebere ei svekking av lokaldemokratiet. I sum trugar utfordringane sjansen for å lukkast med gjennomføringa av samhandlingsreforma.

Det er ein fare for at reformene kjem snøggare og er meir omfattande enn kommunane har ressursar til å gjennomføre. Det kan i sin tur føre til A-, B- og C-kommunar som leverer ulike tenester til innbyggjarane.

Våre 26 kommunar har i snitt drygt 4000 innbyggarar. Vi er ikkje overtydde om at sentrale reformer har eit godt nok mottakarapparat. Vi er urolege for likeverd og balanse i dei omstillingane vi står framføre.

Samkommunemodellen er trekt fram som eit alternativ med gode røynsler frå Innherred. Men du etablerer samstundes eit nytt nivå. Andreas Hompland  har i eit skråblikk på http://bit.ly/lpSDh kalla det for ein‐og‐ein‐halvte forvaltnings-nivået.

Kommunane er grunnplanken i mange teneste- og velferdsordningar. Dei er til for innbyggjarane og ikkje seg sjølve. Dei skal levere slik at innbyggjarane får dei same rettane kor dei enn bur i landet.

Vi er urolege for ein kommunestruktur som smuldrar opp dei reformene som vi alle forventar skal skje. Fylkesmannen har eit tilsynsansvar og vi finn det rett å peike på at det for oss synes å bli ei aukande utfordring at omfanget av reformer ikkje tek omsyn til ein fastlåst kommunestruktur.

Dersom regjeringa vurderer å utgreie nye samarbeidsmodellar som svar på struktur-utfordringar i kommunesektoren, vil vi sterkt oppmode til at det samstundes blir arbeidd med stimuleringsordningar for kommunar som ser det som aktuelt å slå seg saman. Og det bør i båe høve gjevast markante insentiv for å få til friviljuge løysingar. Brevet til KRD finn du her

Ei tilbakemelding

  1. [...] This post was mentioned on Twitter by Liv Judit Straume, Atle Hamar. Atle Hamar said: Fylkesmannen peikar på sentrale utfordringar for småkommunar her http://blogg.fylkesmannen.no/fmsf/?p=66 Evnar småkommunar å tenkje nytt? [...]

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.