Bjørnen sover?

Av Hermund Mjelstad, Publisert måndag 8. november 2010

Sogn og Fjordane var for 150 år sidan eitt av dei store bjørneområda i Skandinavia. I dag er dette snudd opp ned, dei fleste bjørnane er i Sverige. Korleis kunne dette skje ? Forklaringa ligg i intens jakt på bjørn, kombinert med betre skytevåpen og skotpremiar. Folk i fylket levde side om side med 1000 bjørn, og sjølv om det kravde mykje meir pass av husdyra, så er det  lite som fortel om ulevelege tilhøve for folk flest. I 2010 har vi hatt besøk av to bjørnar, og den eine ligg kanskje nett no og søv i Jostedalen!

Rovdyra våre er under normale omstende ikkje farlege for folk. Men det er ingen regel utan unntak, og dei siste åra har vi sett at bjørn kan angripe under spesielle tilhøve. Det gjeld først og fremst ved skadeskyting, binne med ungar, ved kadaver og når ein kjem brått og overraskande på bjørn. Desse episodane har vore i Sverige og Finland, men vi skal ikkje utelukke at slikt kan skje i Noreg og. Den generelle regelen er likevel å ta det med ro dersom ein møter bjørn, gje seg tilkjenne og trekkje seg rolig tilbake. Undersøkingar har vist at i dei fleste tilfella vil bjørnen trekke seg vekk før vi menneske oppdagar den. Dersom bjørnen no har tenkt å leggje seg til i Jostedalen, vil vi rå til at han får fred. Ingen liker å bli uroa i søvnen, heller ikkje bjørnen.

Sogn og Fjordane skal saman med Hordaland, Rogaland og Vest-Agder vere ein region der beitebruken har førsteprioritet. Hovudgrunner til dette er at vi har gode beiteområde og i utgangspunktet lite rovdyr. Stortinget har bestemt at vi ikkje skal ha faste bestandar av dei store rovdyra gaupe, jerv, ulv eller bjørn. Streifdyr vil vi alltid kunne ha, spesielt sidan naboregionane i nord, aust og sør-aust skal ha bestandar av gaupe og jerv. Regelen er likevel slik at dersom streifdyra gjer særleg skade, skal det gjevast fellingsløyve. Forskarar har elles nyleg ”funne ut” at rovdyr og beitedyr ikkje trivast saman, dei må skiljast fysisk med gjerde eller andre stengsler. Å gjerde inn beiteområda til fjells kan kanskje verke noko urealistisk, i tillegg til alle andre ulemper inngjerding medfører.

I dag har vi om lag 1670 bruk i fylket som driv med sau. Dei slepp 180 000 sau og lam på beite kvart år og av desse forsvinn vel 10 000. I eit normalår kan vi rekne at mellom 500 og 1000 sau og lam vert tekne av freda rovdyr. Resten forsvinn grunna ulike sjukdommar, ulykker og andre rovdyr som td. raudrev. Vi kan difor ikkje hevde at problem med freda rovdyr er stort i Sogn og Fjordane, og det er heller ikkje hovudårsak til at tal bruk har gått ned frå 2800 i 2000 til 1670 i dag. Men vi skal ikkje gløyme at tapa, spesielt til jerv, har vore store i Indre Sogn dei seinare åra.

Fleire meiningsmålingar viser at fleirtalet av det norske folk vil ha rovdyr i naturen vår. Spørsmålet er difor ikkje om vi skal ha eller ikkje ha rovdyr, men heller kor mange vi skal ha og kor dei skal vere. I vårt fylke vil det uansett ikkje bli mykje rovdyr med dagens politikk. Men det vil framleis vere mogleg å kunne sjå spor etter dei store rovdyra, også i vårt fylke – til glede for mange. Rovdyra er ein del av naturen vår og vi skal ta vare på dei også for framtida.

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.