Skulenedlegging

Av Åslaug Krogsæter, Publisert måndag 25. januar 2010

Fylkesmannen har fått i oppdrag å kartleggje årsakene til skulenedlegging dei siste åra.

No skal eg ikkje forskottere kva kartleggingane kring om i landet vil avdekkje, men eg trur vi vil få ein god del svar som peikar på samansette årsaker. Dårleg økonomi gjer at mange kommunar ikkje ser seg råd til å ha skular i alle bygdelag, men lågt elevtal åleine kan også gje grunn til å vurdere samanslåing.

I Sogn og Fjordane er det store avstandar og lite folk, og skulestruktur og storleik blir deretter. Barn i Bygde-Noreg har krav på ein like god skule som barn i meir sentrale strok, og spørsmålet er kva som er tenleg skulestorleik. Opplæringslova seier at grunnskulane ikkje bør ha meir enn 450 elevar, men lova seier ingenting om nedre grense. Krava som er nedfelte i lov og læreplan krev høgt kompetente og engasjerte leiarar og lærarar. Det er vanskeleg å stette desse faglege krava om skulane blir for små, og det er til tider også vanskeleg å rekruttere kvalifiserte pedagogar. Skulane blir svært sårbare om det er få om det totale ansvaret.

Kva gir så best kvalitet av store eller små skular? Det er ikkje noko fasitsvar på dette, og kvaliteten må difor vurderast kontinuerleg. God skuleleiing er viktig, det same er fagleg og sosial kompetanse hjå lærarane. Samstundes veit vi at heimane også spelar ei avgjerande rolle for i kva grad ungane lukkast i skulen. Desse faktorane, og ikkje minst samspelet dei i mellom vil bestemme korleis kvaliteten blir.

Eit anna moment som etter mi vurdering ikkje får nok merksemd, er elevane sitt læringsmiljø. Ungane skal gjennom skulegangen få ei fagleg, personleg og sosial utvikling. Dette er avhengig av eit godt samspel med andre, og vi veit at ei god utvikling er avhengig av at ungane har gode vener. Er det til dømes eit greitt utgangspunkt å vere den einaste guten av fem elevar på trinnet sitt?

Mange partar har legitim interesse i debatten om oppretthalding eller nedlegging av skular, og la oss difor vere grundige og respektfulle i dei debattane som truleg vil kome. Mi oppmoding er at vi heile tida må ha  fokus på kva som er best for ungane våre. Nostalgiske tankar om kvite små skulehus for 40 år sidan gagnar ikkje framtida.

20 tilbakemeldingar

  1. Av Eli Bjørhusdal,

    “Nostalgiske tankar om kvite små skulehus for 40 år sidan gagnar ikkje framtida.” Vel, vel, ein treng korkje vere rakettforskar eller språkforskar for å sjå kva Krogsæter underforstår i siste avsnittet. Den aller siste setninga i teksten er jo hennar døme på kva “som er best for ungane våre”, som ho skriv. Tenk dykk no om denne setninga hadde vore bytt ut med: “Liberalistiske tankar om svære sentrumsskular gagnar ikkje framtida”. Respektfullt? Balansert?

    Dessutan er den siste setninga ei oppvisning i tendensisøs bruk av stråmenn, noko eg synest fylkesmannen skal halde seg for god til.

  2. Eg synes Krogsæter har mange gode poeng her. I alt for mange skuledebattar er det argumentet som at skulen er så viktig for grenda som dominerer. Eg er heilt samd med Krogsæter når ho skriv at vi må ha fokus på kva som er best for ungane våre. Kvalitet, både pedagogisk og sosialt, må vere den rettesnora vi siktar etter, slik eg ser det. Korleis legg vi best til rette for ein skule der ungane får det beste faglege og sosiale utbyttet?

    Eg er og samnd i at samarbeidet mellom skule og heim er svært viktig. I dette trur eg det ligg ein viktig nøkkel til god læring. Kva skjer når ein elev møter litt motgang i det faglege på skulen, og kanskje får lite hjelp og støtte heime? Det er klart at denne eleven mistar motivasjonen.

    Dessutan synes eg det seier seg sjølv at dersom dei pedagogiske miljøa blir for små blir dei og lett sårbare. Uheldig må det vel og vere, når skulane blir så små at elevane har svært få eller ingen jamnaldrande å vere saman med?

  3. Av Peder Kjærvik,

    Gode Åslaug Krogsæter!
    Du startar so fint: “Fylkesmannen har fått i oppdrag å kartleggje årsakene til skulenedlegging dei siste åra.” Og held fram lovande:
    “No skal eg ikkje forskottere kva kartleggingane kring om i landet vil avdekkje, men……”
    Og so er det nett det du gjer. Kartlegginga kan sløyfast, du har alt gjort det som skal gjerast. Flott at fylkesmannsbloggen kan bidra til hurtigforsking, so slepp me å vente år ut og år inn på konklusjonane. Minner litt om sprintlangrenn.

  4. Av Eli Bjørhusdal,

    Eg har blogga om synspunkta og teksten til Utdanningsdirektøren her: http://www.jostedalsrypa.no/blogg/?p=1503

    Og eg siterer:

    Skuleforskinga har i mange år no sagt at storleik på skular ikkje er det som betyr noko når det gjeld ’stetting av faglege krav’. Les min tidlegare bloggpost, Dogme om dårlege småskular, inkludert kommentarfeltet (http://www.jostedalsrypa.no/blogg/?p=1353) At utdanningsdirektøren vel å sjå bort frå dette, eller ikkje veit det, er oppsiktsvekkjande.

    Ein av dei siste forskingsrapportane som kom om temaet, frå Senter for økonomisk forsking ved NTNU, seier det motsette av kva Krogsætar påstår: “Små skular gir betre resultat” – forskarne finn no “ein tendens til at elevar på små skular tvert imot får marginalt betre resultat enn på dei større skulane, etter å ha korrigert for foreldra sitt utdanningsnivå”. Igjen: At utdanningsdirektøren vel å sjå bort frå dette, eller ikkje veit det, er oppsiktsvekkjande.

    • Av Åslaug Krogsæter,

      Eg har ingen konklusjon på kva som er best for ungane våre i Sogn og Fjordane, og det skal eg sjølvsagt heller ikkje ha i mi rolle. Mitt poeng med innlegget er å oppmode til å ta ungane sitt perspektiv i debattane om små og store skular. Poenget mitt med å referere til nostalgiske tankar om små kvite skulehus handlar ikkje om at dette ikkje var og kan vere gode skular, men om at våre eigne opplevingar 40 år tilbake i tid kanskje ikkje er like relevante for ungane i dag. Samfunnet er annleis og krava til skulen er annleis.

      Eg kjenner godt til forskinga du viser til, og eg synest bloggen din er svært god og poengtert. Eg meiner vi seier mykje av det same. Det er ikkje storleiken som er avgjerande, men når kvalitet er avhengig av læraren sine kvalifikasjonar og samhandlinga med elevane, samhandlinga mellom elevane, samhandlinga mellom skule og heim og foreldra sin bakgrunn, så må kvalitetet kontinuerleg vurderast både i små og store skular.

      Du har rett i at det finst mykje forsking og litteratur om verdien av eit godt læringsmiljø. Mitt poenge med å nemne det, er at det ikkje alltid blir lagt så mykje vekt på det i debattane om kva som er tenleg skulestruktur i kommunane våre. Skal vi ta ungane sitt perspektiv, så må vi ta omsyn til dette.

  5. Av Hans-Johan Breidablik,

    Underteikna har gjennom mange år drive kartleggingar mellom skuleungdom både her i fylket og i nabofylket i nord.
    Ei stor kartlegging i alle barne- og ungdomsskular i Ålesund for eindel år tilbake var intersssant også i samanheng med skular.
    Vi har lett for å falle for tankar om at “smått automatisk er godt” både når det gjeld skular og helseinstitusjonar.
    Vi såg difor på samanhengen mellom skuletrivsel og skulestørrelse. Det viste seg då at elevar ved dei største skulane gjennomgåande hadde betre skuletrivsel enn på dei så grendaskulane i omgivnaden til byen. Eg ville gjerne legge dette fram for skuleadm., men vart aldri invitert.
    Så mon tru om dei små grendaskulane er meir for grenda(de vaksne) enn for ungane?

  6. Eg skreiv noko om kvaliteten på små og store skular i november, som ser ut til å ha fått ny aktualitet – sjå http://www.krundalen.no/blogg/?p=568. Slik eg tolkar hovudpoenga frå den norske og internasjonale forskinga, har ein ikkje påvist systematiske skilnader mellom små og store skular korkje når det gjeld fagleg kvalitetet/læringsutbyte, læringsmiljø eller lærarkvalitet. Variasjonane innanfor gruppene er langt større enn mellom dei. Difor bør ein slutta å prata generelt om små kontra store skular, og heller ta seg bryet med å vurdera kvar einskild skule, anten han er stor eller liten. Sjansane er såleis svært store for at granskingar av einskilde skular eller kommunar (t.d. Ålesund) ikkje kan generaliserast.
    Men det er jo mogleg at det nye banebrytande utgreiingsarbeidet til Fylkesmannen vil visa oss noko heilt anna enn John Hattie gjorde då han samanfatta 52 000 skulegranskingar av til saman 80 mill elevar verda over i boka Visible learning (2009). Så her gjeld det å følgja med.

    • Fylkesmannen skal ikkje starte noko banebrytande utgreiingsarbeid, men bistå Utdanningsdirektoratet med å kartleggje årsakene til skulenedlegging i dei tre siste skuleåra. Dette betyr at temaet er på den nasjonale politiske dagsorden, og at ein ønskjer meir kunnskap om årsaker og konsekvensar for elevane. Er det dårleg kommuneøkonomi som tvingar kommunane til å drøfte skulenedlegging, eller er det andre grunnar til at det skjer. Det vil så bli opp til politikarane å ta stilling til kva dei vil gjere på bakgrunn av det som blir avdekka.

      Oddmund Hoel kan vere trygg for at Fylkesmannen ikkje skal prøve å vise noko anna enn det John Hattie har vist oss i sin metaanlyse. Mitt poeng er det same som Hoel sitt, kvalitet må vurderast kontinuerleg og i kvar skule, stor som liten.

  7. Læraren blir trekt fram som svært viktig for læringsutbyttet. Eit viktig spørsmål blir då, får vi dei beste pedagogane til å jobbe ved dei minste skulane?

  8. Frantsen: Svaret er ja. Dei beste pedagogane er ved dei minste skulane i like stor eller liten grad som ved dei største. Og alle anekdotiske motprov mot dette er og blir nettopp anekdotar.

    Krogsæter: Takk for at du tek denne debatten alvorleg.

    Fylg gjerne denne debatten på ein blogg med litt kortare reaksjonstid enn fylkesmannsbloggen. Det er her det skjer:

    http://www.jostedalsrypa.no/blogg/?p=1503#comments

  9. Av Magnhild Hoddevik,

    Kvifor skulle ein ikkje det, Odd Frantzen?

    • Fordi mange truleg ser verdien av å arbeide i litt større fagmiljø. Der den totale erfaringsbakgrunnen er større. Der det rett og slett er fleire å diskutere fag og pedagogoikk med. Der mangfaldet i erfaring og kompetanse hjå det pedagogiske personalet er større. Tenkjer eg.

      • Av Bjørn Ravnestad,

        Interessant diskusjon. Om det er slik du trur Odd, er det mange som slit med eit lite fagmiljø i arbeidslivet i Noreg (sjå nedanfor). Spørsmålet er om pedagogar har særskilde behov i så måte?

        Kanskje er det slik at behovet varierer for den enkelte pedagog, og kor mange som er komfortable med stort eller lite fagmiljø veit vi vel ikkje so mykje om? Kanskje er behovet for stort fagmiljø større i ein stor skule der elevmassa er meir variert, enn i ein liten skule?

        “Det var 359.968 foretak med omsetning eller sysselsetting i Norge i 2005. Om lag ni av ti hadde færre enn fem sysselsatte, og majoriteten av foretakene fantes innenfor eiendomsdrift, forretningsmessig tjenesteyting og utleievirksomhet, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).

        Foretakene hadde totalt 1.581.654 sysselsatte og omsatte for 3.563 milliarder kroner. Tallene omfatter alle foretak unntatt offentlig forvaltning. Dette viser tall fra Statistisk sentralbyrås Bedrifts- og foretaksregister.

        86 prosent av alle foretak i Norge hadde færre enn fem sysselsatte. Kun én prosent av foretakene hadde 50 eller flere sysselsatte, og bare 0,4 prosent hadde 100 eller flere sysselsatte. Flest foretak med 100 eller flere sysselsatte var det i næringene bergverksdrift og utvinning (5 prosent), kraft- og vannforsyning (3 prosent) og industri (2 prosent).”

        Kjelde: http://www.hegnar.no/okonomi/article235217.ece

  10. Av Kristoffer Melheim,

    For å ta ein konklusjon med ein gong. Det finst ikkje forsking som kan prova at små skular gir ungane eit dårlegare fagleg tilbod enn store.
    Det undrar meg at fylkesmannen trekkjer ein annan konklusjon. For om du ikkje har trekt konklusjonen sjølv har NRK gjort det, for på bakgrunn av det du har skrive er overskrifta: “Små skular er ikkje framtida”.
    Eg har sysla litt og arbeidd med å utvikla dei små skulane i mange år, og eg har eit heilt anna utgangspunkt for arbeidet mitt enn å prøve å finne manglar ved dei små skulane. Eg ser at skal det bu folk i bygdene våre og dei skal få lov til å få ungar som i følgje norsk lov har rett på opplæring, må me ha mange små skular. Oppgåva mi (og det burde også vere fylkesmannen si) er å prøve å hjelpe desse skulane til å bli best mogleg, til å følgje med på nye læreplananar og nye krav, ikkje som du stille spørsmål ved om dei greier å følgje opp alle krav.
    Til slutt kan eg seie at eg ser mange kvalitetar ved dei små skulane som gjer dei til gode skular, og dei har godt utdanna lærarar som er svært bevisste på å drive både etter- og vidareutdanning. For dei kjenner på kroppen at det blir stilt spørsmål ved kvalieten på dei små skulane, og gjer kva dei kan for å gi elevane eit godt fagleg tilbod.

    • Av Åslaug Krogsæter,

      Eg har sjølvsagt ikkje trekt konklusjonen at små skular ikkje er framtida. Det er det NRK som har gjort. Eg prøvde å oppklare setninga om dette då eg vart intervjua av NRK, men dette vart ikkje tatt med. Eg gjer det difor her. Eg forstår at utsagnet “nostalgiske tankar om kvite små skulehus ikkje gagnar framtida” kan bli misforstått. Mitt poeng med ei slik spissformulering var sjølvsagt å utfordre til debatt, så får eg sjølv ta ansvar for å rette opp at det vart misforstått. Mitt poeng er at det erfaringsmessig ofte er dei som har gode minne om ein skulegang 40-50 år tilbake i tid som er sterke premissleverandørar i dei lokale politiske debattane om skulestruktur. Kan hende er det slik at det burde vere større takhøgde i debattane som har vore og som kjem til å kome. Eg sa i mitt første innlegg at det er mange partar som har legitime interesser i desse debattane. Då må vi også passe på at dei som har ungane sine i skulen i dag også vågar å meine noko om skulestruktur og kvalitet i skulen. Dei kjenner krava på kroppen og veit korleis ungane har det på skulen. Dei veit noko om opplevde kvalitet på skulen. Eg starta ikkje denne debatten fordi eg er uroleg for kvaliteten i skulane i Sogn og Fjordane. Vi veit at vi hevdar oss i toppen i landet år etter år både på resultat og læringsmiljø. Eg starta debatten fordi eg veit at det er og blir framtidige debattar om skulestruktur og fordi vi skal kartleggje årsaker til skulenedlegging. Vi kan ta mange legitime perspektiv i desse debattane avhengig av kva rolle vi har. Mitt ønskje som utdanningsdirektør er at vi må la det viktigaste perspektivet vere ei vurdering av kvaliteten på ungane sitt totale læringsmiljø. Så god debatt vidare!

  11. Av Jan-Magne Rinde,

    Floskelen “Nostalgiske tankar om kvite små skulehus for 40 år sidan gagnar ikkje framtida.” viser ei nedlatande haldning til dei miljøa i utkant-Norge som kjempar for skolane sine. Engasjement frå foreldre og andre er viktig i eit demokrati. Det er vel forresten slik at alle vil ha funksjonelle moderne skolebygg i tråd med dagens krav. Ein floskel som dette er ei usakleg latterleggjering av demokratisk engasjement.

    Ynskjemålet for større skular har sjølvsagt ei økonomisk grunngjeving. Dersom det foreligg forskningsbasert kunnskap relatert til skolestorleiken og kvalitet, ville slik informasjon vore av interesse i denne debatten. Professor Peder Haug tok og til orde for større skuleeiningar i et TV-program, og grunngav det med kravet til kompetanse. Men dersom det er manglande kompetanse i eit fag, er det da ikkje eit alternativ at læraren reiser mellom skulane i ein kommune framfor at elevane skal pendle til ein sentralskole?

    Om det er ein stor eller liten skole skal han drivast i høve til lover og føresegner, slik sett er det lite grunnlag for otten om ringare kvalitet ved mindre skolar. I små og udelte bygdeskolar er det ofte ei aldersblanding som større skolar i dag prover å oppnå. I byskolane har det dei siste åra vore ekspremitert med aldersblanding, til dømes mellom føste og andre klasse. Dette er forvirrande for mange av elevane, nettopp fordi slike organiseringsformer skapar unødig forvirring blant elevar og foreldre, gjerne på skolar med fleire paralellar.

    Bygdeskolane bør oppretthaldast først og fremst for å oppretthalda busetnaden i det grisgrendte landet vårt. Dersom skulevegen vert lang og trøyttande, vil det vera til stor ulempe for arbeidsmiljøet til elevane, og mange bygdesamfunn vil merka fråflytting, men det er kanskje den overordna målsetjinga?
    Inntil forskningsbasert kunnskap forligg, bør iallfall bygdeskolane oppretthaldast i tråd med gjeldande lovverk, sjølv om kostnaden pr. elev er noko større enn i store skolar.

  12. Eg er samd med Krogsæter i at ein fyrst og fremst må tenkje på det faglege og sosiale miljøet til elevane, ikkje fyrst og fremst grenda. Og det viser seg altså at små skular fagleg og sosialt er (minst) like gode som store. Det bør òg vere Krogsæters utgangspunkt.

  13. Av Kristoffer Melheim,

    Eg reknar med at når Krogsæter og Bjørhusdal først og fremst seier me må tenkja på elevane, så tek dei også med i vurderingane skuleskyssen. Det er dokumentert at det er helseskadeleg med lang dagleg skuleskyss(Jfr. artikkel til fysoterapeut og forskar Sjølie i boka Nærmiljøpedagogikk, og for dei minste er skyssen både ei psyksisk og fysisk belastning. Spørsmålet om små og store skular er såleis ikkje så enkelt. Den store sentralskulen i sentrum kan gi eit godt fagleg og sosialt tilbod til elevane som bur der, men det er ikkje sikkert den er så god for dei elevane som dagleg må reise i fleire mil til skulen.

    • Melheim: Eg er samd i dette, og har lagt merke til at Sjølie argumenterer for at lang transport dreg den sosiale og faglege kvaliteten ved skuledagen ned.

      Elles veit jo alle at grunngjevinga for å leggje ned skular alltid er økonomisk, og at når direktørar, rådmenn og kommunale opplæringsleiarar vil leggje ned og slå saman, er ‘kvalitet’ berre eit vikarierande argument.

  14. Av Arve Åheim,

    Då eg høyrde dette, fekk eg inntrykk av at Krogsæter føya seg inn i flokken av synsarar som har bestemt seg for at små skular er dårlege, utan å ha særleg belegg for dette.
    All seriøs forskning syner at den faglege læringa ikkje har samanheng med skulestorleik. Sosial kompetanse har derimot samanheng. Det syner seg at denne vert betre i relativt små skular.
    Dei siste 24 åra er det lagt ned rundt 1000 skular, dei aller fleste grendaskular i utkantane. Samstundes ser vi ein heilt annan form for skulesatsing; i staden for å oppretthalde utkantar, har vi auka tida ungane skal vere i skulen. Vi har auka timetalet i fleire fag, og vi har utvida utdanningslaupet med eit ekstra skuleår.
    Og vi har ein debatt gåande om dårleg skulekvalitet.
    Kan det tenkjast at ein kan finne samanhengar her?
    Når elevar brukar lengre tid på buss enn på norskundervisning kvar veke, stel det tid og tappar overskot. Men det er ikkje råd å sjå av nasjonale prøver om dårlege resultat heng saman med lang skuleskyss, og vi ser heller ikkje resultat av andre faktorar, som t.d. om aldersblanda undervisningform, eller anna som er typiske for oversiktlege nærmiljøskular i utkanten. Slikt forskast det lite på, for det er vel ikkje av interesse å studere slikt?

    Det er ingen teikn i tida på at den kraftige nedbygginga av nærmiljøskular stoppar opp, og det er grunn til at små skular kjem til å forsvinne om ganske få år.
    Ingen politikar har våga å hevde eit ynskjemål om dette så langt. Det kjem vel fyrst når ein har fått innarbeidd ei haldning om at “alle skjønar at ein liten skule er dårlegare enn ein stor”. Eg tippar dette kjem på banen lenge før ein har fått gjort seriøs forskning om dette….kanskje har vi ein ny sentraliseringdebatt med ferdige konklusjonar på plass til neste sesong med kommunebudsjettet?

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.