Takk for oss!

Av Gunnar O. Hæreid, Publisert fredag 21. desember 2018

Til nyttår går fylkesmannsembetet i Sogn og Fjordane over i historia etter 255 år. Regjeringa har bestemt at me skal slå oss saman med embetet i Hordaland, til Fylkesmannen i Vestland. Ringen vert slutta frå 1763, då Bergenhus amt vart delt i to.

I nyare tid har viktigaste oppgåve for fylkesmennene vore å følgja opp at kommunane gjev gode tenester til innbyggjarane, i samsvar med statlege rammer i lov og forskrift, og ved hjelp av verktøya tilsyn, klageavgjerder, opplæring og rettleiing. I Sogn og Fjordane har me lagt stor vekt på rettleiing og opplæring, ut frå ein tanke om at det er betre for innbyggjarane at me oppnår god dialog og ei felles forståing med kommunane om kva som er gode tenester. I samråd med kommunane har me stundom starta læringsnettverk på område der me har sett at det har vore særskilde kompetansebehov. Samstundes har me, saman med fylkeskommunen, høgskulen, KS og andre relevante aktørar på ulike område, satsa på breie samarbeidsforum for å løysa komplekse problemstillingar, til dømes for å få betre skular i fylket, for å betra integreringa av innvandrarar og for å leggja til rette for at fylket tek del i digitaliseringa av samfunnet.

Men det er også ein del av oppdraget vårt å bruka peikefingeren når me meiner at kommunane ikkje held seg til rammene i lovene. Media og publikum tek dette godt imot når me gjev ein privat part medhald i ei klagesak. Annleis er det når me må gjera om eller klaga på ei avgjerd der ein privat part har fått eit løyve frå kommunen. Stundom blir det stor ståhei når me følgjer opp samfunnsinteresser som ikkje har ei sterk røyst inn i debatten, oftast naturvern eller jordvern. Men oppdraget vårt frå departementa er å følgja opp lovene Stortinget har gjeve, også når det er lite populært. Likevel vil me alltid prøva å få til løysingar innanfor det handlingsrommet me har i lovverket, og har som regel god dialog med kommunane om dei vanskelege sakene.

Internt har embetet vårt vore særmerkt av sterk vilje til å ta i bruk nye arbeidsmåtar. Dei framoverlente fylkesmennene Ingvald Ulveseth, Oddvar Flæte og Anne Karin Hamre såg alle nytten av og satsa stort på digitalisering frå starten på 1990-talet og så lenge dei sat som fylkesmenn. Etter kvart oppretta me ein eigen digitaliseringsseksjon, der våre tilsette har utvikla og drive nettsider og sakshandsamingsløysingar for alle fylkesmenn, og for departement og direktorat. Truleg er dette dei rimelegaste digitaliseringsløysingane i offentleg sektor, til god kvalitet. Digitaliseringsseksjonen vert frå nyttår skilt ut frå fylkesmannsembetet og lagt over i ei nyoppretta eining som har fått namnet Fylkesmennenes fellesadministrasjon, saman med mellom anna arkivtenester.

Fylkesmannen i Hordaland er eit godt drive embete. Dei viktigaste skilnadane mellom oss er kompetansen i å følgja opp det nest største byområde i landet, Bergen, og erfaringa i å handtera større saksmengder. Me har saman brukt det siste året på å byggja opp ein ny organisasjon og er sikre på at dei tilsette frå dei to embeta vil utfylla kvarandre godt i Fylkesmannen i Vestland.

Det er med ei blanding av vemod og spaning me tek farvel med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og seier: Takk for oss og velkomen til Fylkesmannen i Vestland!

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.