Beredskap er eit felles ansvar

Av Haavard Stensvand, Publisert torsdag 25. oktober 2018

Det vert sagt at det å verte fødd i Noreg er som å vinne i livets lotteri. Det er eit faktum at vi lever i eit av dei aller tryggaste og mest stabile landa i verda. I tillegg viser dei fleste statistikkar at det tryggaste fylket å bu i, er Sogn og Fjordane. Samstundes er det sider ved samfunnet som tidvis gjer oss sårbare. Vi er sårbare fordi vi mellom anna har gjort oss stadig meir avhengige av tilgang på tenester og funksjonar som internett, mobiltelefoni og straumforsyning. Vi tek det nærmast for gitt at slikt fungerer til kvar tid.

Klimaet endrar seg og gjer at vi vert meir utsett for intenst vêr, fordi det kjem oftare og med større kraft. Sjølv om infrastruktur normalt klarar seg godt, vil faren for utfall i tenestene auke med intensiteten i uvêra. Den tryggleikspolitiske situasjonen er òg meir uoversiktleg og uføreseieleg no enn han har vore på ei god stund. Anneksjonen som Russland gjorde av Krim våren 2014, saman med destabiliseringa i Aust-Ukraina, endra det tryggleikspolitiske landskapet. Det gjer at Noreg moderniserer totalforsvaret.

Ein naturleg del av arbeidet med eit moderne totalforsvar er auka merksemd på beredskap i befolkninga; med andre ord korleis kvar enkelt tar vare på seg og sine viss noko uføresett skulle skje.

Styresmaktene har eit grunnleggjande ansvar for å førebygge og handtere uønskte hendingar og kriser i samfunnet. Samstundes må kvar einskild av oss kjenne på eit ansvar for vår personlege beredskap. Tenk deg at du vert råka av ei hending som fører til at straumen vert borte i heimen din i fleire dagar. Eller at vegen der du bur vert uframkomeleg som følgje av skred eller flaum. Veit du om du og familien har mat, vatn og varme i slike tilfelle?

Ifølgje Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er ikkje nordmenn godt nok budde på slike situasjonar. Saman med Oslo kommune har difor direktoratet nyleg lansert ein kampanje for å styrke eigenberedskapen til folk flest. Kampanjen har merksemd på kva den einskilde bør tenkje gjennom dersom det skjer uønskte hendingar. Kampanjen inneheld òg konkrete råd om kva som bør vere på lager i heimen for å dekkje grunnleggjande behov. Beredskapslageret i bustaden bør mellom anna innehalde tørrmat og drikkevatn, alternative oppvarmingskjelder, hygiene- og førstehjelpsutstyr og ein batteridriven DAB-radio.

Foto: Gaute Gjøl Dahle/DSB

Foto: Gaute Gjøl Dahle/DSB

DSB tek til orde for at kvar husstand bør vere budd på å klare seg på eiga hand i minimum tre døgn.

Kongstanken bak kampanjen er at dess fleire som er i stand til å ta vare på seg sjølve og andre, dess betre rusta er samfunnet i møte med uønskte hendingar og kriser. Vi oppmodar såleis alle om å ta nokre enkle grep for å styrke sin eigen beredskap og på den måten redusere noko av sårbarheita i samfunnet. Slike beredskapsførebuingar kan og sjåast på som ei investering i kapasitet til å hjelpe andre. Eigenberedskap vil også vere eit tema når vi inviterer kommunane og regionale beredskapsaktørar til ein konferanse om samfunnstryggleik og beredskap 30. oktober.

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.