Takk til fylkeslegen vår

Av Anne Karin Hamre, Publisert fredag 29. juni 2018

I dag er det siste arbeidsdagen til fylkeslege Per Stensland før han byrjar eit nytt tilvære som pensjonist, etter over 40 år som lege i Vesterålen, Botswana, Sogndal og til slutt som fylkeslege hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Vi har mykje å takke Per for, og eg vil særleg trekkje fram tre eigenskapar:

Breiddekunnskapen og eit brennande engasjement for distriktsmedisin
Det er ikkje opplagt at unge legar vil til Sogn og Fjordane for å gjere karriere. Per Stensland har bidrege godt med å leggje tilhøva til rette, gjennom nettverk og kurs for turnuslegar, ALIS-prosjektet, pilotprosjekt om legevakt i distrikt, eit langvarig engasjement i Nasjonalt senter for distriktsmedisin Ikkje minst har han vore ein tydeleg talsmann for distrikta sine føresetnader og behov i dialogen med nasjonale styresmakter. Det var heller ikkje tilfeldig at det var han som i ein kronikk i Aftenposten frå 2017 sparka i gang debatten som framleis går, om fastlegeordninga er i ferd med å bryte saman. For dette langvarige arbeidet og sterke engasjementet for distriktsmedisinen vart han i 2014 heidra med Anders Forsdahls minnepris, etter nominasjon frå Universitetet i Bergen. Nominasjonen vart avslutta med desse orda: «Han har sterke kontaktskapande eigenskapar og er eit usedvanleg raust medmenneske og kollega».

Parallelt med legearbeid og spesialisering i samfunns- og allmennmedisin, har Per Stensland drive med forsking og fagutvikling, og vart i 2013 professor ved Universitetet i Bergen.

Per er flink med folk
Per Stensland har heile vegen vore oppteken av at godt legearbeid òg handlar om god kommunikasjon med pasienten, og dette var tema for doktorgradsavhandlinga hans frå 2003. Då Helsedirektoratet opna for prosjekt for å styrke brukarinvolvering i tilsynssaker, var Per raskt frampå for å få etablert eit slikt prosjekt her i embetet. Å møte folk ansikt til ansikt, lytte til dei og snakke med dei, krev ressursar, men det gir folk ei betre oppleving, sjølv om utfallet av saka kanskje ikkje blei som dei hadde håpa på.

Ein bidragsytar i leiinga av embetet
Per Stensland har evna til å tenkje heilskap og å ha det store overblikket. Difor har eg personleg sett stor pris på å ha han med i leiargruppa, og å ha han som diskusjonspartnar i vanskelege saker. Han har teke initiativ til å utvikle arbeidsmåtane våre, til dømes korleis læringseffekten av tilsyn kan aukast. Han har òg vore aktiv i å søke samarbeid på tvers av avdelingane våre og med andre etatar, mellom anna for å styrke arbeidet med helseberedskap og arbeidet for utsette barn og unge.

I dag tek vi farvel med ein klok, varm og raus kollega. Takk for engasjementet og arbeidet for å gje folk i Sogn og Fjordane eit likeverdig helsetilbod, og lukke til som pensjonist, Per!

IMG_3926

Ei tilbakemelding

  1. Av Oddvar Flæte,

    Midt blandt fjellturar og samvær med barnebarn, registrerer eg at også Per finn det for godt å pensjonere seg.

    Takk for framifrå samarbeid den tida vi fekk saman, takk for god fagkunnskap og fagleg breidde, takk for god personalhandasing og klokskap.

    Takk for vår tid saman og lukke til som pensjonist!

    Eg vil tru du også vil finne balansegangen mellom det rolege og det aktive. Truleg blir det mest av det siste, men med eiga styring av tid!

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.