Beredskap mot atomhendingar

Av Stig Morten Tengesdal, Publisert onsdag 27. juni 2018

Tanken om at vi kan verte råka av ei atomhending kan verke fjern for mange av oss. I det daglege er vi gjerne meir opptekne av utfordringar knytt til flaum og skred. Den siste tida har det også vore stor merksemd rundt skogbrannfaren. Felles for slike hendingar er at erfaringa viser at dei vil råke oss frå tid til annan, og at dei nokre gongar får store konsekvensar. Kva så med risikoen for atomhendingar? Ein del får gjerne assosiasjonar til forholdet mellom Donald Trump og Kim Jong-un, og har kjent på redsla for at verda skal vere på randa av atomkrig.

Risikoen for atomhendingar handlar om meir enn dette. Kjernekraftulykka i Tsjernobyl er eit eksempel på ei hending som fekk svært alvorlege konsekvensar og som framleis kastar lange skuggar. Det har no gått over 30 år sidan ulykka, men norske strålevernstyresmakter gjennomfører til dømes årlege kontrollar av radioaktiv forureining i sørsamiske område. Det er difor eit uttrykk i kjernekraftindustrien som seier at «a nuclear accident anywhere is a nuclear accident everywhere.»

Norske strålevernstyresmakter meiner at sannsynet for at vi skal verte råka av ei atomhending er liten. Samstundes er det eit faktum at det finst kjernekraftverk i våre nærområde som representerer ein særleg risiko, fordi dei byrjar å verte gamle og i dårlegare forfatning. Allierte reaktordrivne fartøy er jamlege i norske farvatn og hamner, det går transportar med radioaktivt materiale langs norskekysten og reaktordrivne isbrytarar seglar i våre nærområde. Det har vore uønskte hendingar dei seinare åra som viser at potensialet for at noko kan gå gale er til stades. Det er difor viktig at vi har eit medvite forhold til risikoen for atomhendingar og at vi er budde på å handtere ei eventuell hending.

Kommunane er det lokale fundamentet i samfunnstryggleik- og beredskapsarbeidet og har også ansvar for beredskap mot atomhendingar. Tidlegare denne månaden hadde vi ei øving med åtte kommunar. Scenarioet var inspirert av eit reelt slep av eit russisk kjernekraftverk, som gjekk frå St. Petersburg, via norskekysten, til Murmansk i april. Det var ikkje atombrensel om bord og transporten gjekk på alle måtar som planlagt. I scenarioet vårt la vi til grunn at det kunne vere atombrensel om bord, og at det på grunn av havari i dårleg vêr var fare for eit radioaktivt utslepp. Kommunane vart såleis utfordra på å diskutere ei rekkje relevante problemstillingar ved ei atomhending.

Vi meiner slike øvingar er nyttige for å avdekke både sterke og svake sider ved atomberedskapen. Fylkesmannen er det regionale leddet i atomberedskapen og er pålagt eit viktig samordningsansvar. Vi ønskjer å ha merksemd på slike hendingar, og å styrke kunnskapen på dette området. Difor vil atomberedskap også vere eit sentralt tema når vi inviterer kommunane til ein konferanse om samfunnstryggleik og beredskap til hausten.

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.