Kommuneøkonomi – tilbakeblikk og framover i tid

Av Kåre Træen, Publisert onsdag 23. mai 2018

I dag samlast kommunefolket til det som blir den siste kommunekonferansen til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Frå 2019 blir tilsvarande konferanse med det nye embetet i det som frå 1.1.2020 vert eit nytt storfylke på Vestlandet. Kommuneøkonomi har alltid vore eit fast tema på konferansane. Ved overgangen til eit nytt fylke, er det passande å ta eit tilbakeblikk saman med forventningar og utfordringar framover for kommuneøkonomien.

Robek er eit register for kommunar med økonomisk ubalanse. På folkemunne vert òg registeret omtalt som «svartelista». Kommunar i Robek må ha godkjenning frå fylkesmannen for å ta opp lån og budsjettvedtaka skal kontrollerast. Med andre ord, kommunane er ikkje «herre i eige hus». Registeret vart innført i 2001, og sju kommunar i Sogn og Fjordane vart meldt inn i registeret. I gjennomsnitt har det vore slik at Sogn og Fjordane høvesvis har hatt fleire kommunar i Robek samanlikna med landet. Flest kommunar var det i 2003 – 2004, då heile 16 av 26 kommunar var Robek-kommunar. Men så har det, både for kommunane og Fylkesmannen, heldigvis snudd til at det blir berre ein Robek-kommune (Bremanger) frå andre halvår. Dette er også utvikinga landet, slik at det no er eit historisk lågt tal kommunar registrert i Robek.

Det kan vere fleire årsaker til denne positive utviklinga. Vi vil peike på tre viktige faktorar for kommunane i Sogn og Fjordane:

• Nasjonaløkonomien

• Rentenivå

• Kapasitet og kompetanse

Noreg har ein sterk nasjonaløkonomi, som har gjeve moglegheit for årleg realvekst i overføringar av inntekter frå staten til kommunane. Fleire år har særleg skatteinntektene, og derav også utjamninga mellom kommunar med høge og låge skatteinntekter, vore betydeleg betre enn kva som er lagt til grunn i budsjetta. Mange kommunar har høg lånegjeld, og ei låg rente over lengre tid har vore eit viktig bidrag for balansen i økonomien til desse kommunane. Samfunnet utviklar og tileignar seg ny kunnskap, slik òg for kommuneorganisasjonane gjennom læring i praksis, utdanning og digitalisering. Kommunane har i samarbeid med andre offentlege institusjonar vore langt framme i læring og samhandling gjennom nettverk, dette har og bidrege til styrka kapasitet og kompetanse.

Kva så med kommuneøkonomien framover i tida? Kommuneproposisjonen for 2019 legg opp til ein vekst i frie inntekter for kommunane mellom 0,7 – 0,9 prosent. Som følgje av strammare økonomiske rammer nasjonalt, er veksten noko lågare samanlikna med tidlegare år. Auke i renta blir ei utfordring for kommuneøkonomien. Brutto lånegjeld for kommunane i Sogn og Fjordane var ved siste årsskifte 11 mrd. kroner. Blir det lagt til grunn at i gjennomsnitt er halve gjelda eksponert for renteauke (Kjelde: Kommuneproposisjonen 2019), så betyr det at for kvar prosent renta aukar vil det isolert sett belaste kommuneøkonomien med 55 mill. kroner av driftsinntektene.

Sterke fagmiljø med kapasitet og kompetanse er ein av føresetnadane for god planlegging og styring av økonomien. Fleire kommunar får større og styrka fagmiljø gjennom samanslåingar frå 2020. Utvikling i folketalet og samansetjinga av dette vil påverke kommuneøkonomien. Vi veit at dei nærmaste 10 – 20 åra kjem tal eldre personar til å auke mykje, og kommunane må bu seg på det vi til dagleg omtalar noko lettvint som «eldrebølgja». Som tidlegare, vil kommunane i det nye Vestlandsfylket både ha utfordringar og moglegheiter i kommuneøkonomien, men målsetjinga må klart vere at kvar kommune blir «herre i eige hus»!

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.