Tradisjonsrik påskemat

Av Christian Rekkedal, Publisert fredag 23. mars 2018

Saman med julehelga er påska ei høgtid med mange tradisjonar, og mat og høgtid høyrer saman. Alle har meiningar om kva som er den beste og mest tradisjonsrike julematen, men ikkje like mange har sterke meiningar om påskematen. Påska har også sine mattradisjonar, nokre av dei går tilbake til det religiøse opphavet medan andre har eit nyare og meir kommersielt opphav.

Påskelam er ein gamal jødisk tradisjon med opphav frå ofringa av lam før flukta frå Egypt. I den kristne trua er dette ført vidare som eit symbol på Jesus som Guds lam som vart ofra i påska, og biletet av hyrdingen og lammet er også eit mykje brukt symbol.

Lammekjøt har lang tradisjon både i dei gamle kulturane kring Middelhavet og her oppe i nord. Det var eit husdyr som lett kunne tilpasse seg kjøleg klima og var ei viktig kjelde for kjøt, mjølk, skinn og ullklede. Gamal norsk spælsau og utegangarsau som vi har i nokre kystbygder, stammer frå sauerasane vikingane i Noreg og på Island hadde. Sauen er eit nøysamt husdyr og lamma hentar mesteparten av maten direkte frå naturen, noko som gir eit smakfullt kjøt som passar godt til festmat. Vi et til saman om lag 700 tonn lammekjøt i påska, det vil seie om lag ein liten middagsporsjon per person. Det er likevel eigentleg ganske lite.

Påskeegget har også lang tradisjon. Opphavleg starta egglegginga når det gjekk mot vår, noko som fall saman med påskehøgtida. Egget er eit symbol på fruktbarheit og påskekyllingen starten på nytt liv. Egg vart blåste tomme og farga og pynta til påskehøgtida, og i seinare år er store pappegg brukt som emballasje for påskesnop. Vi et over 20 millionar egg i løpet av påska, så det er ikkje rart det vart oppstuss når nokon antyda eggemangel til påske.

Påskeegg. Foto: Pixabay.

Påskeegg. Foto: Pixabay.

Appelsin er ei kinesisk frukt som kom til Europa i mellomalderen, og står svært sterkt som nistemat i den norske påskeskitradisjonen. Vi skreller og et 5000 tonn i påska, tilsvarande 20 millionar appelsinar. Dette er også ei frukt som har skapt politisk strid, ikkje minst den raude varianten som vart kalla blodappelsin. Denne vart boikotta i kampen mot Franco-regimet, brukt som symbol mot Israel i palestinakonflikten, og i konfliktar mellom ulike appelsinproduserande land. Blodappelsinane vert no marknadsførte som raude appelsinar, noko som har auka omsetninga.

Høgtider og god mat og drikke høyrer saman. Norsk friluftsliv skal vere basert på norske tradisjonar, og ein skikkeleg tursekk skal minst innehalde nokre skiver med brunost, sjokolade, appelsin, ei flaske brus, kaffi eller kakao. Og turen skal vere såpass lang at alt dette og litt til er forbrent når du kjem heim att.

Og minst ein påskemiddag bør innehalde lammekjøt. Det har tusenårig tradisjon, det er godt, det er norsk og det bidreg til mindre attgroing og endå finare utsikt neste gang du skal på tur.

God tur og god påske!

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.