Ytringsfridom, ytringsansvar og leiarskap hjå kommunepolitikarar

Av Anne Karin Hamre, Publisert tysdag 27. februar 2018

Folkevalde i kommunen har fleire roller. Ombodsrolla er særs viktig, og handlar om at dei folkevalde skal representere lokalsamfunnet, og lytte og vere i dialog med innbyggjarane. Dei folkevalde har òg ei leiings- og styringsrolle – dei skal saman finne gode løysingar, ta avgjerder og bidra til ei målretta og positiv utvikling av det lokalsamfunnet dei er valde til å styre. I tillegg har dei folkevalde eit overordna arbeidsgjevaransvar for alle tilsette i kommunen, og eit direkte arbeidsgjevaransvar for rådmannen. Til dette ligg eit ansvar for å følgje opp at rådmannen som ansvarleg leiar av administrasjonen, når avtalte mål, men òg å sikre at rådmannen sjølv har eit forsvarleg arbeidsmiljø.

Ein stor og vanskeleg arbeidskonflikt i barnevernstenesta har ridd Sogndal kommune som ei mare i mange år. Ein rapport frå Arbeidsmiljøspesialistene (AMS) har kartlagt årsaker til at konflikten oppstod, og vart langvarig og vanskeleg å løyse. Sogndal kommunestyre handsama 11. januar rapporten og oppfølging av forbetringsområda som var trekte fram. Kommunestyret vedtok ei orsaking til alle involverte tilsette for at tiltak for å løyse konflikten ikkje hadde verka. Kommunestyret ønskjer vidare å etablere gode rutinar og retningsliner for konflikthandtering, betre dokumentasjon av møte og samtalar i arbeidsmiljøsaker, revidere varslingsrutinar og få ei ny vurdering av tre varslingssaker ved setjerådmann. I siste vedtakspunktet seier kommunestyret seg glad for at granskingsrapporten frå AMS og ein rapport frå Arbeidstilsynet tyder på at arbeidsmiljøet i Sogn barnevern i dag er godt. Fire parti fremja mistillitsframlegg mot rådmannen. Framlegget fall med 12 mot 13 røyster.

Etter så lang tid med interne konfliktar og uheldige mediesaker, var det grunn til å tru at politikarane etter vedtaka 11. januar ville ha merksemda på å gjennomføre forbetringstiltaka og på å gjere dagens barnevernsteneste best mogleg rusta til å hjelpe utsette barn og unge og familiar. Kva mål og tiltak skal kommunen ha for å sikre ei god barnevernsteneste og eit godt og trygt arbeidsmiljø i kommunen framover? Kva system må vere på plass for å sikre at kommunestyret får den informasjonen det treng om stoda og for å ta i vare den overordna styringa? I staden vart resultatet av spørjetimen i Sogndal kommunestyre 15. februar, full splid mellom dei politiske fløyene om handlingar og informasjon i saka som formelt var avslutta 11. januar.

Sogndal. Foto: Anne Gro Fredheim.

Sogndal. Foto: Anne Gro Fredheim.

Enkelte prøver å gjere debatten om samarbeidsklimaet i etterkant av dette kommunestyremøtet til ein debatt om dei folkevalde sin ytringsfridom. Ingen dreg i tvil at dei folkevalde har rett, dei har til og med ei openberr plikt, til å ytre seg. Det er særleg viktig at folkevalde engasjerer seg og gir ei stemme til dei innbyggjarane som ikkje når fram med si eiga stemme. Men med ytringsfridom følgjer det òg eit ansvar for å tenkje gjennom kva forum ytringa vert sett fram i, kva form ytringa skal ha, og korleis ytringane verkar på andre. Det gjeld særleg ytringar frå talarstolen i høgste organet i kommunen – kommunestyret.

Eg meiner debatten no bør dreiast over på kva som er godt leiarskap. Opp gjennom åra har vi sett fleire døme på at dårleg samarbeidsklima mellom dei folkevalde og mellom politikarar og administrasjon på sikt går ut over både tenester og omdøme. Sogndal er region- og skulesenter og ein kommune i vekst. Kommunen har lang tradisjon for god økonomistyring som gir handlingsrom for store satsingar, og med det gode føresetnader for å lukkast med å utvikle kommunen. No skal kommunen slå seg saman med to andre kommunar, og bør nytte mykje merksemd på denne prosessen. I staden ser vi konflikt og manglande tillit. Kommunestyret må samla ta ansvar, og legge til rette for at tilliten kan byggjast opp att. Utan tillit og samarbeid blir det inga god utvikling for kommunen, men derimot fare for at innbyggjarane får eit dårlegare tilbod framover enn dei med rette kan forvente.

5 tilbakemeldingar

  1. Av Knut Armand Iversen,

    Mange tusen takk for en flott oppsummering, status og konstruktivt bidrag til hvordan kommunen skal komme seg videre!

  2. Av Clara Øberg,

    Det er svært viktig at fylkesmannen skriv dette. Politikkarane i Sogndal har missta fotfeste. Vårt øvste politiske organ i Sogndal er handlingslamma . Dei må etter mitt syn veiledast inn på sporet att. Det gjer fylkesmannen eit forsøk på i dette innlegget. Eg er ikkje sikker på at nokre ikkje kjem att med denne saka nok ein gong i formannskapet t.d. Nokre har lova mykje og vil skaffa seg billige politiske poeng. Vi får sjå. Det er så mange utfordringar dei bør ta fatt i , men dei kjem seg ikkje vidare. Godt at vi får større kommunar.

  3. Av John ertesvåg,

    I eit demokrati har opposisjonen lov å spørje om kva dei vil i eit kommunestyre om det er noko dei vil ha svar på som og som dei.lurer på . Svar frå Rådmann fekk dei ikkje. Måtte sjekke seier han. Det er ikkje AP eller andre parti som skal godkjenne spørsmåla i Sogndal kommunestyre som blir stilte frå opposisjonen i kommunen .Då må evt ordførar klubbe saka om han meinar noko er uhørt.Ordførar seier han vil ha engasjement..Og då må ein tåle spørsmål i eit demokrati

  4. Her stikk fylkesmannen handa inn i vepsebolet, og av og til er vel det nødvendig. Men då er det viktig å tenkja seg godt om. Eg kjenner saka berre frå media, og vil først av alt gi ros til Sogn Avis for å ha vore den viktigaste pådrivaren for innsyn. Ikkje noko informasjon om problema ser ut til å ha komme frivillig, alt har måtta pressast fram. Det er bra å sjå at lokalaviser også kan fylla rolla som den fjerde statsmakta, det skjer for sjeldan.

    Mantraet i Sogndal kommune har heile tida vore at “no er alt i orden og alt går så mykje betre” og “me må sjå framover”. Det er klart det er freistande å berre sjå framover, for viss ein skal snu seg ser ein at det ligg eit stort ansvar i oppklaring og å leggja alle korta på bordet.

    Det er ikkje å venta at det blir ro om denne saka før alt blir lagt på bordet.

  5. Anne Karin Hamre, det er iKKJE di oppgåve å styre det politiske ordskiftet i Sogndal eller for den del andre kommunar i Sogn og Fjordane!
    Det er dei folkevalde si oppgåve å reise spørsmål om korleis dei administrative leiarane skjøttar sitt verv, og om lover og reglar vert fylgde i dei ymse tenestene!
    Slik eg oppfattar ditt innlegg vil du helst leggje lok på ein open og fordomsfri debatt om eit av dei aller viktigaste tenestene i ein kommune, barneverntenesta.
    Kan dette vere fordi du driv politisk agitasjon til fordel for den sitjande politiske leiinga, med AP ordførar Aarvoll i spissen?
    Med denne type utspel set du deg sjølv som tilsyns og kontrollorgan i ein svært uheldig dobbeltrolle, som undergrev tilliten til Fylkesmannen som nøytralt tilsyns og kontrollorgan!

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.