Oppsplitting av miljøvernansvaret?

Av Nils Erling Yndesdal, Publisert onsdag 21. februar 2018

I rapporten «Regionreformen – desentralisering av oppgaver fra staten til fylkeskommunene» kjem eit ekspertutval med framlegg om at fleire miljøvernoppgåver blir flytta frå fylkesmannen til fylkes­kommunen. Dette omfattar forvalting av rovvilt, villrein, andre truga og sårbare artar, forvalting av mindre verneområde, og tilsyn med kommunane si forvalting av strandsona langs sjø og vassdrag. Ekspertutvalet vil at fylkespolitikarar skal leie nasjonalparkstyra, og at nasjonalpark­forvaltarane skal ha fylkeskommunen som arbeidsgjevar. Utvalet meiner likevel at Fylkesmannen framleis skal ha ansvar og oppgåver innan ureinings­regelverket, og andre miljøvernoppgåver knytte til kontroll, tilsyn og klage.

Det er Stortinget som skal ta stilling til kva oppgåver dei elleve nye fylkeskommunane, som ein del av gjennomføringa av regionreforma, skal ha frå 1.1.2020.

Eitt år i førevegen skal den nye organiseringa av fylkesmennene vere på plass. Frå 1.1.2019 vil det såleis vere ti fylkesmannsembete i landet. Vi i Hordaland og Sogn og Fjordane er alt komne langt i å få på plass rammene for den nye organisasjonen. Dette inkluderer mellom anna at det blir éi felles miljøvernavdeling. Dyktige medarbeidarar i Leikanger, Bergen, Gaupne, Aurland, Rosendal og på Sandane skal i løpet av hausten få tilbod om jobb i denne nye avdelinga. Slike omstillingar kan vere krevjande, og for å kunne lukkast er det nødvendig med gode, inkluderande og trygge prosessar.

Men kva vil vere konsekvensane for gjennomføring av Stortinget og Regjeringa sin politikk dersom dette fagmiljøet vårt på miljøvernfeltet skal splittast etter berre eitt år i eit nytt, samanslege embete? Og vil det vere effektiv ressursbruk å ha eitt fagmiljø i fylkeskommunen og eitt fagmiljø hos Fylkesmannen for å følgje opp nasjonal miljøvernpolitikk og rettleie kommunane?

Naturlandskap
Naturlandskap. Foto: Pixabay.

Som mangeårig leiar innan regional miljøforvalting, men også med erfaring som heiltids lokalpolitikar, håpar og trur eg at våre fremste folkevalde tek overordna og langsiktige grep når dei avgjer ansvarsfordelinga mellom dei ulike nivåa.

Med samanslåing av dei to fylka Hordaland og Sogn og Fjordane blir vi om lag 630.000 innbyggjarar. Dette kan vel likevel ikkje forsvare at vi som samfunn skal ta oss råd til å ha dobbelt opp med miljøkompetanse og -fagfolk på regionalt nivå?

Vi må også hugse på at hovuddelen av miljøoppgåvene uansett skal utførast på lokalt nivå – i alle dei 43 kommunane vi vil ha i det nye fylket frå 1.1.2020.

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.