Vi må bu oss på «eldrebølgja»

Av Kåre Træen, Publisert fredag 10. november 2017

Kommunane er midt i budsjettarbeidet for neste år og økonomiplanen for dei neste fire åra. I kontakt med kommunane og gjennom media opplever vi at både administrasjonen og politikarane står ovanfor vanskelege og tøffe prioriteringar for å få til ein realistisk balanse i kommuneøkonomien framover. Utgreiingar og debattar går både om ulike innsparingar og auka inntekter i drifta og kva investeringar som skal gjennomførast dei nærmaste åra. For at politikarane i kommunestyra i desember skal gjere vedtak som er realistiske innanfor kommunen sitt handlingsrom og til det beste for innbyggjarane, treng politikarane eit godt grunnlag for sine avgjerder.

Endringar i befolkninga har mykje å seie for korleis ein kommune skal planlegge og prioritere framtida med omsyn til tenester og investeringar. Vi veit at dei nærmaste 10-20 åra får landet ein sterk vekst i talet på eldre personar, det vi til dagleg omtalar noko lettvint som «eldrebølgja». Dette har vi visst om lenge. I stortingsmelding nr. 25 (2005-2006) sa regjeringa at endringar i utviklinga av befolkninga inneber at talet på eldre over 80 år vil auke med om lag 50 prosent frå 2020-2030, frå 220 000 til ca. 330 000 personar. Nyare tal viser ei utvikling til 350 000 i 2030, altså at talet på eldre over 80 år blir høgare enn det som tidlegare er lagt til grunn. Mange eldre er ein ressurs for kommunane, men ein sterk auke i talet på eldre vil òg klart bety auka utgifter og andre utfordringar innan pleie- og omsorgstenester for kommunane. Dette er illustrert i statsbudsjettet 2018 som vart lagt fram i førre månad, og viser at dei samla utgiftene for kommunane veks med om lag 2,5 mrd. kroner årleg som følgje av endringar i befolkninga (storleik og alderssamansetting). Veksten i utgifter vil vere uendra fram mot 2020, men deretter viser anslaga ein gradvis auke slik at veksten vil utgjere nær fem milliardar pr. år når vi nærmar oss 2030 (TBU november 2016 kap. 9.3 side 100). Dette er meir enn ei dobling frå dagens auke, og om lag 2/3 av veksten kjem som følgje av fleire eldre. Dette skjer samtidig med at bidraget frå oljeinntekter blir lågare og gjev strammare offentlege budsjett.

Kjelde: Etter data frå SSB-statistikkbanken befolkningsframskrivingar hovudalternativ (MMMM)

Kjelde: Etter data frå SSB-statistikkbanken befolkningsframskrivingar hovudalternativ (MMMM).

Kva er så stoda for Sogn og Fjordane? I dag bur det vel 6000 personar over 80 år i fylket. Framskrivingar viser at dette vil auke til 8600 i 2030 og 11500 personar i 2040. Dette utgjer ein auke på ca. 40 prosent til 2030, og nær ei dobling fram mot 2040. Det særeigne for vårt fylke er at vi samanlikna med landet er fleire eldre sett i høve til personar i yrkesaktiv alder. Dette vil bli forsterka framover, slik at vi blir høvesvis færre som bidreg med inntekter og arbeid for gode tenester til fleire eldre. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i denne samanhengen utarbeidd eit verktøy som illustrerer framtidig tenestebehov i kommunane. Informasjon om endringar i befolkninga må vere tilgjengeleg i kommunale planar. Dette for at administrasjon og politikarar skal kunne vurdere kva slike endringar får av konsekvensar for drift og investeringar, og at kommunane ikkje brukar opp handlingsrommet med andre store investeringar fram til «eldrebølgja» kjem.

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.