Syt for å bestemme sjølv: Lag ei framtidsfullmakt medan du kan

Av Anne Kristin Eitungjerde, Publisert fredag 3. november 2017

Er du av typen som ønskjer orden på livet? Då kan det vere lurt å bestemme no kven du vil overlate styringa til, og korleis du ønskjer ting skal ordnast, dersom du blir så sjuk at du ikkje kan ta standpunkt sjølv.

Ei framtidsfullmakt er kort sagt di eiga vilje som er skrive ned, og blir sett i verk av nokon du stolar på når tida er inne. Tanken er at dei fleste veit best sjølv korleis økonomien og livet skal ordnast i framtida dersom ein blir sjuk, både med tanke på seg sjølv og dei som står ein nær.

I ein framtidsfullmakt kan du regulere kven som skal vere hjelparen din, eller fullmektigen som det  kallast. Då slepp resten av familien  å lure på det, og du slepp også at Fylkesmannen oppnemner ei verje som kanskje ikkje kjenner deg særleg godt. Slik sett er framtidsfullmakta eit privat alternativ til verjemål, der du sikrar at ein du har tiltru til forvaltar dine interesser på den måten du ønskjer.

Skriving_960_720_Pixabay

Foto: Pixabay

Til dømes kan du skrive ned kva som skal skje eller ikkje skje med hus og anna formue, og bestemme i kva grad det er aktuelt å gi forskot på arv. Fullmektigen kan også gi gåver på dine vegner, i tråd med det du ønskjer eller har brukt å gjere. Har du ei verksemd som skal driftast, kan du bestemme kven som skal tre inn for deg dersom du sjølv blir ute av stand til det. På det personlege området kan du la hjelparen din ta avgjerda om kvar du skal bu.

Mange veit ikkje at formuen i stor grad blir låst dersom Fylkesmannen skal ha ansvaret for å passe på ho. Så dersom du vil at familien eller andre skal få gleda av verdiane dine om du skulle bli dement eller utsett for ei ulukke, er altså ei framtidsfullmakt løysinga.

Dersom du trur at dette er noko for deg rår vi til at du gjer deg kjend med formkrava. Du finn også mykje anna informasjon på vergemal.no Ein advokat vil eventuelt kunne hjelpe deg med å sette opp framtidsfullmakta.

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.