Driveplikt på jordbruksareal sikrar matproduksjon

Av Christian Rekkedal, Publisert måndag 11. september 2017

Jordbruksareal er ein knapp ressurs som skal forvaltast i eit langsiktig perspektiv, og det kviler eit tydeleg ansvar på alle som eig slik jord, om å ta vare på produksjonsevna. Jordbruksareal er definert som fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.

Reglane om driveplikt kom første gong i 1974. Bakgrunnen for reglane om plikt til å drive jordbruksareal er å sikre matproduksjonen i ei verd med stadig aukande folketal, og der også klimaendringar kan redusere den samla matproduksjonen i verda. Areal som er ute av drift og veks til med ugras og kratt, reduserer også produksjonsevna på dei kringliggande areala. Det vert meir arbeid mot ugras og andre skadegjerarar på nyttevekstane for dei som vil drive jorda skikkeleg. Også omsynet til kulturlandskapet ligg bak driveplikta. Tilgrodd dyrka mark eller beite midt i eit aktivt jordbrukslandskap er ikkje noko tiltalande syn.

Kommunen skal kontrollere driveplikta, følgje opp eventuelle brot, og handsame søknadar om fritak for driveplikt. Dersom eigaren korkje driv jorda sjølv eller har leigd ho bort, kan kommunen gje pålegg om å leige bort jorda for ei periode på inntil ti år. Fylkesmannen er klageinstans for avgjerder om driveplikt frå kommunen.

Eigaren kan søkje kommunen om fritak for driveplikta. Ein vanleg grunn kan til dømes vere at det ikkje er nokon i området som vil drive jorda, eller ein ynskjer kortare bortleige enn ti år på grunn av eigne planar om jordbruksdrift om nokre få år.

Frå 1. september er det innført endringar i reglane om driveplikt på jordbruksareal. Det er no presisert at driveplikta varer i heile eigarperioden, også for eigedomar som vart tekne over for mange år sidan. Driveplikta kan som tidlegare oppfyllast ved bortleige, men heretter ikkje berre som tilleggsjord, no også til folk som ikkje eig andre gardsbruk. Kommunen vil ikkje lenger kunne leige bort jorda med tvang. Men dersom eigaren ikkje oppfyller driveplikta, kan fylkesmannen pålegge tvangsgebyr.

I dag vert om lag 40 prosent av dyrka jord leigd bort til aktive gardbrukarar, og for å sikre deira driftsgrunnlag er det krav om minst ti års skriftlege leigeavtalar. Det er også eit krav at avtalen skal føre til ei god løysing for drifta.

Driveplikta har sidan ho vart innført, aldri vore særleg politisk omstridd, slik det til dels har vore med buplikt og konsesjonsreglane. Det er brei politisk semje om at den som eig jordbruksareal som kan drivast, skal halde jorda i hevd. Når driveplikta kan oppfyllast enten ved eiga drift eller ved bortleige, er det heller ikkje noko tyngande plikt.

Driveplikta er ikkje berre eit privat spørsmål, men også av ålmenn interesse. Viss eigaren ikkje etterlever dette forvaltaransvaret, er kommunen nærast og først til å følgje opp.

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.