Skal vi informere eller imponere?

Av Solveig Mork Holmøyvik, Publisert fredag 7. juli 2017

Først lærer vi å snakke, så å skrive. Vi skriv korte setningar med subjekt, objekt og punktum. «Anne køyrer bil». Ein stad på vegen til arbeidslivet misser mange av oss evna til å skrive enkelt, til å fortelje kven som gjorde kva. Det kan føre til at folk går glipp av viktig informasjon om rettane sine, og skaper avstand mellom forvaltninga og innbyggjarane.

La meg kome med eit døme: Tidlegare i år vart ein mann som skulle døy av kreft sendt heim frå sjukehuset utan at kommunen vart varsla. Det var brot på rutinene, svikt i kommunikasjonen, sjukehuset har lagt seg flatt og det er «satt i gang prosedyrer for å forbedre dette området». Talspersonen for Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN) seier det slik:  – Det er bare for UNN å legge seg flat og beklage. Her har vi ikke kommunisert og informert godt nok rundt et pasientforløp som har vært alvorlig.

Min første tanke: Kva er eit pasientforløp? Kven er eit pasientforløp? Ved å bruke dette ordet har UNN nesten fått meg til å gløyme at det handlar om ein sjuk mann. Dei har gøymt han i språket. Eg kan ikkje sjå for meg at sjukepleiaren kjem til pauserommet eller heim til familien og fortel om ein tung dag på grunn av «eit alvorleg pasientforløp». Ho pleia ein pasient som var dødssjuk. Denne veka sa Språkrådet seg samde i at «pasientforløp» fungerer dårleg både på bokmål og nynorsk.

Brikker i brettspelet Scrabble. Foto: Pixabay

Brikker i brettspelet Scrabble. Foto: Pixabay

Universitetssjukehuset er ikkje åleine om å bruke innarbeidde framandord når dei skal snakke med omverda. Eg spurde ein kollega som er jurist om det var forskjell på «gjeldande lovkrav» og «lova». – Nei. Vi skriv ofte det første. Det er berre noko vi har lært. Kall det ei uvane, svarte han. Og det er ofte grunnen: det er noko vi har lært. Eit fagspråk, eit stammespråk, ein kode. Som fortel at vi har gått på skule, jobba hardt for å lære noko, for å stå på eksamen, for å få ein jobb. Problemet oppstår først når vi i denne jobben kjem i kontakt med dei som ikkje kan dette språket. Lege og forfattar Marianne Mjaaland skriv: – Det et viktigste er å bruke et språk pasienten forstår. Man mister ikke autoritet ved å si ting enkelt.

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.