Nye tider i kommune-Noreg

Av Anne Karin Hamre, Publisert onsdag 14. juni 2017

Etter ein lang debatt og ei særs spennande avstemming, vedtok Stortinget 8. juni ny kommunestruktur for landet. Då kommunereforma starta i 2014, hadde vi 428 kommunar. Vedtaket i Stortinget reduserer talet på kommunar med 74, til 354 kommunar.

I Sogn og Fjordane er 12 kommunar, altså nær halvparten, involverte i fem kommunesamanslåingsprosessar. Det betyr at 56 prosent av innbyggjarane i fylket får ein ny kommune. Alle prosessane har vore ulike. Jølster, Gaular, Førde og Naustdal kom tidleg i gang, medan nye Kinn kommune vart vedteken heilt på tampen og med det særtrekket at Flora og Vågsøy har ein kommune på over 800 kvadratkilometer mellom seg.

Vegen vidare er no at Fylkesmannen skal kalle inn til felles kommunestyremøte, der hovudtema er namn på den nye kommunen, kor mange representantar det nye kommunestyret skal ha, og samansetjing og funksjon for fellesnemnda som skal førebu samanslåingane 1.1.2020.

Vi har kalla inn dei fire Sunnfjordkommunane til møte på Skei 21. juni. Dagen etter vert det felles kommunestyremøte for Balestrand, Leikanger og Sogndal i Balestrand på føremiddagen, og for Eid og Selje på Eid om ettermiddagen. Felles kommunestyremøte for Flora og Vågsøy vert i august, medan det er Fylkesmannen i Møre og Romsdal som kallar inn til felles kommunestyremøte mellom Volda og Hornindal. Etter at kommunestyra har gjort vedtak om namn, fellesnemnd og representantar og nytt kommunestyre, vert vedtaka sendt over til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Om kommunane ikkje kjem til semje på alle punkt, tek departementet avgjerd.

Når kommunane har gjort like vedtak om fellesnemnda, kan nemndmedlemmene starte arbeidet med å byggje den nye kommunen. Det er ein stor jobb som skal gjerast. Ein heilt ny organisasjon skal utformast, og tilsette skal takast i vare med omsyn til rettar og involvering. Budsjett og heile det mangfaldige kommunale planverket skal samordnast. Det same skal ymse administrative system, ikkje minst på arkiv- og IKT-sida. Interkommunale samarbeid må vurderast. Kommunane må informere godt heile vegen til alle som vert påverka av samanslåingsprosessen – tilsette, lag og organisasjonar, næringsliv og innbyggjarar.

Kommunekartet slik det ser ut i dag.

Når mange kommunar no går inn i omfattande prosessar som krev tid og merksemd, må staten ta omsyn. Internt har vi starta ei drøfting av korleis vi skal leggje opp kommunedialogen og det kommuneretta arbeidet, der vi både tek  omsyn til kommunar som skal slå seg saman, og  til at vi får ein struktur med større strekk i feltet. Mange kommunar vert større, men vi vil framleis ha mange små kommunar som på mange område er avhengige av interkommunalt samarbeid. Dette er tema som vi vil drøfte med kommunane framover. Sidan Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 1.1.2019 vert slått saman med Fylkesmannen i Hordaland, vert kommunedialogen òg eit viktig tema i drøftingane vi skal ha med dei fram mot samanslåinga.

Eg ønskjer alle våre 12 kommunar som no går inn i eit stort arbeid med kommunesamanslåing, lukke til. Vi er budde på å bidra med råd og rettleiing.

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.