Skrantesjuka må utryddast i Norge

Av Christian Rekkedal, Publisert onsdag 10. mai 2017

Måndag 8. mai melde Landbruks- og matdepartementet at dei har bestemt seg for å ta ut over 2200 villrein i Nordfjella; nærare bestemt området mellom riksvegen over Hemsedalsfjellet og fylkesvegen mellom Hol og Aurland. Formålet med dette kraftige tiltaket er  å unngå at skrantesjuke spreiar seg vidare.

Etter kvart vil vi dessverre få høyre ganske mykje om Chronic Wasting Disease (CWD), eller skrantesjuke. Først skal heile stamma slaktast eller skytast, deretter må området ligge brakk i minst fem år, før villreinstamma skal byggast opp på nytt. Det vil altså ta minst 10 – 12 år før villreinstamma i Nordfjella er tilbake i noko omfang.

Skrantesjuka er ein svært skummel sjukdom som alltid har dødeleg utgang for hjortedyr som vert smitta. Han smittar mellom levande dyr i flokken, kan gå over til hjort og elg via spytt og urin, og kan også overleve i jordpartiklar. Til no er det heldigvis ganske få dyr som er smitta, noko som betyr at det ikkje har spreidd seg skikkeleg enno. Her ligg også dilemmaet for departementet; dei skulle gjerne hatt endå meir kunnskap, men dess lenger dei ventar med å avlive dyra dess større vert smittepresset mot andre dyr.

Villreinflokk. Foto: Per Jordhøy, NINA.

Villreinflokk. Foto: Per Jordhøy, NINA.

Det er utan tvil eit svært drastisk tiltak å ta ut heile denne villreinstammen. Men konsekvensen av å vente kan bli mykje verre. Eg var med på synfaring og møte på Hemsedalsfjellet mellom landbruks- og matministeren og representantar for grunneigarar, beitebrukarar, tamreinbrukarar og villreinforvaltarar. Der var også ordførarar og rådmenn frå kommunane rundt Nordfjella. Her fekk vi god oversikt over denne dramatiske situasjonen.

Alvoret og risikoen med å vente seig etter kvart innover forsamlinga. Ministeren understreka dei klare råda han har fått frå vitskapleg hald, og seier at å gjere ingenting er det verste han kan gjere. Det vil verte ei økologisk og økonomisk katastrofe om denne sjukdomen får spreie seg til villreinen på Hardangervidda, tamreinen mellom Hemsdal og Valdresflya, og til hjorten og elgen i dalføra utanfor fjellet. I så fall kan sjukdomen også spreie seg nordover til tamreinen i Midt-Noreg og nordover.

Ei spreiing av skrantesjuke vil redusere tilliten til norsk viltforvaltning, omdømet til jakt og viltkjøt, og tilliten til andre produkt frå fjellheimen. Det vil også vere stikk i strid med grunnlaget for trygg og rein norsk matproduksjon.

Det er beitenæringa som får dei største praktiske problema. Det blir forbod mot å sette opp saltstein for å lokke dyra til sitt faste beiteområde. Reinsdyr og hjort set også pris på denne godisen, og dermed er dette ei potensiell smittekjelde mellom reinsdyr, og frå reinsdyr til hjort.

Dette er sjølvsagt ei svært vanskeleg sak, og det vil heilt sikkert dukke opp praktiske problem. Det er heller ingen garanti for at det vil virke. Men med det alvoret som ligg i CWD-smitta, pliktar vi å gjere eit seriøst forsøk på å utrydde sjukdomen frå norsk jord.

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.