Frivillige er nøkkelen til god integrering

Av Anne Karin Hamre, Publisert tysdag 9. mai 2017

Lokalsamfunna våre endrar seg i takt med auka innvandring. Distriktskommunar som for 10-15 år sidan var utan innvandrarar, er no blitt multikulturelle og internasjonale. For eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane, har innvandringa gjort at vi har snudd ei negativ folketalsutvikling.

Innvandrarar representerer nye idear, arbeidskraft som vi treng, og eit spennande mangfald. For å få fram dette potensialet, er det nokre barrierar som må forserast. Dei handlar om språk, kultur, kunnskap, uro for det som er framandt, mangel på møteplassar, og prioriteringar.

Feiring av statsborgarseremonien 1. april 2017. Foto: Oskar Andersen

Feiring av statsborgarseremonien 1. april 2017. Foto: Oskar Andersen

Godt integreringsarbeid er eitt av dei viktigaste samfunnsprosjekta i Noreg i dag. Her spelar kommunane og frivillige heilt avgjerande roller. Politisk og administrativ leiing i kommunen må prioritere dette. Alle sektorar må involverast. Integrering høyrer like mykje heime i plan og næring som i sosialtenesta. Kommunen må lage møteplassar, og leggje til rette for at frivillige kan gjere ein innsats.

I arbeidet med å lage mangfaldige og inkluderande lokalsamfunn trur eg det er det viktig å sjå etter kva vi har felles. Loveleen Brenna, samfunnsdebattant og tidlegare leiar av foreldreutvalet for grunnopplæringa, er oppteken av dette. Ho snakkar godt om kva som bind oss saman, og korleis vi ofte har meir kunnskap enn vi trur. Vi må berre bruke han:

- Vi likar alle å lære nye ting, å meistre

- Vi vil gjerne bli sett og akseptert for den vi er

- Vi vil gjerne høyre til, vere ein del av eit fellesskap

- Vi vil vere til nytte, og oppleve at nokon treng oss

I dag møtest tilsette i offentleg sektor og frivillige for å diskutere korleis fysisk aktivitet kan bidra til betre inkludering i barnehage, skule og i fritida. På konferansen i Sogndal vil Robin Dale Oen fortelje om glede og utvikling gjennom meistringsopplevingar. Saba Berhane er ei av mange mødrer som er engasjert i frivillig arbeid. Ho vil fortelje om kvifor det er viktig for henne å bidra til fellesskapet. Flora handball og Kaupanger fotball har arbeidd godt med inkludering, og vil bidra med erfaringar.

Sogn og Fjordane er eit fylke med lange og gode tradisjonar for frivillig innsats. No må vi mobilisere alle som ønskjer å bidra til at innvandrarar får brukt ressursane sine i lokalsamfunna våre. Det offentlege må leggje til rette, men vi er heilt avhengige av frivillig innsats. Dette klarer vi!

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.