Ny rammeplan for barnehagen – frå ord til handling

Av Bodhild Cirotzki og Berit Rygg, Publisert torsdag 30. mars 2017

Barnehagen er med på å legge grunnlaget for meistring og læring tidleg i livet. Livsmeistring og helse er sentral i ny rammeplan som ein del av verdigrunnlaget for barnehagen. Kva handlar livsmeistring om og kva betyr det for det pedagogiske arbeidet i barnehagen?

Eitt svar er at livsmeistring er å klare seg i medgang og motgang som møter kvar einskild gjennom livet. Kva skal barnehagebarn eigentleg meistre for å kunne møte skulen, dagleglivet og samfunnet?  Eitt anna svar er å meistre samspel med andre. Kanskje er det tid for å løfte fram leiken, og gje alle barn gode erfaringar og oppleving av å meistre samspel med andre barn gjennom leik.

I rammeplanen under område livsmeistring står det: «Barnas fysiske og psykiske helse skal fremmes i barnehagen. Barnehagen skal bidra til barnas trivsel, livsglede, mestring og følelse av egenverd og forebygge krenkelser og mobbing»

Nyare hjerneforsking syner at barn som blir forstått og bekrefta av nære omsorgspersonar blir betre er i stand til å regulere sterke kjensler. Barn og ungdom som slit seinare i livet fortel ofte at det handlar om mangel på:

Meistring gir god sjølvkjensle. Foto: Pixabay

Meistring gir god sjølvkjensle. Foto: Pixabay

- gode relasjonar og venskap

- ein stad å høyre til

- sjølvkjensle og sjølvverd

Desse tilbakemeldingane syner at relasjonar, venskap og meistring er område som må stå sentralt i det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Dette krev kompetente vaksne som forstår kjenslene til små barn, som har kunnskap om å legge til rette for leik, venskap og ein plass å høyre til. Vaksenrolla vil, som i rammeplanen av 1996, stå sentralt også i 2017-utgåva. Dette må barnehageeigar og myndigheit ta innover seg både når dei lokale rammeplanane skal lagast og kompetanse knytt til ny rammeplan skal vurderast og byggast.

Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid er løfta fram i ny rammeplan. Tett samarbeid mellom barnehage og andre instansar er viktig for å kunne gi barn og familie den støtta som er nødvendig for god oppvekst til beste for barnet.

Ny rammeplan for barnehagen skal trå i kraft frå 1. august 2017. Ansvar og roller er klart fordelte. Rammeplanen er både eit pedagogisk arbeidsdokument for barnehagane og eit styringsdokument for barnehageeigar. Det er styrar, barnehageeigar og myndigheit sitt ansvar å sjå til at verdigrunnlaget i rammeplanen er forstått og omsett frå ord til handling.

Rettane til barna er forankra i FNs barnekonvensjon.

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.