Skulen skal vere mobbefri

Av Astrid Fjærestad Harlem, Publisert måndag 21. mars 2016

Alle elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Dette blir stadfesta i opplæringslova, som er «barna si arbeidsmiljølov».

Lova er tydeleg på at alle tilsette på skulen har plikt til å handle når dei får kunnskap eller mistanke om at nokon blir krenkt, trakassert, mobba eller diskriminert.  Men mobbinga går som regel føre seg utan at vaksne er til stades og kan vere vanskeleg å oppdage. Få elevar seier frå om det som skjer.

For å bli kvitt mobbinga er det viktig at saka vert løyst så raskt som mogleg. For å kunne sette inn rette tiltak treng vi kunnskap. Mange lærarar i norske skular opplever at dei har for lite kunnskap om korleis dei i praksis kan førebygge og redusere mobbing.  For å jobbe effektivt mot mobbing må kunnskapen botne i forsking. Men dette er ikkje nok i seg sjølv. Den forskingsbaserte kunnskapen må praktiserast.

Teikning på skuleplassen.

Forsking stadfestar at eit godt skulemiljø er helsefremjande, bidreg til trivsel og læring og hindrar mobbing. Å arbeide med skulemiljøet gir både fagleg og sosial gevinst. Arbeidet må har forankring både hos lærarane og i leiinga.  Systematisk og langsiktig arbeid med skulemiljøet vil gi resultat!

Mobbing er ikkje ein konflikt mellom nokolunde like partar, men rituelle krenkingar mot ein som ikkje kan verje seg.  Ifølgje Læringsmiljøsenteret er det tre kjenneteikn på mobbing:

  • ei aggressiv handling retta mot eit offer, av ein eller fleire saman
  • eit ujamt styrkeforhold mellom den eller dei som mobbar og den som blir mobba
  • at det skjer over tid

Utdanningsdirektoratet har gjennom læringsmiljøprosjektet gitt Læringsmiljøsenteret i oppdrag å tilby støtte og rettleiing til kommunar med skular som har vedvarande høge mobbetal.  I Sogn og Fjordane har éin kommune hatt gode erfaringar med prosjektet og fått auka kompetanse i å førebyggje og avdekke mobbing. Frå hausten 2016 har endå ein kommune fått tilbod og takka ja til støtte og rettleiing.

Ein god skule har eit godt læringsmiljø der elevane er trygge og blir inkluderte. Om ein ikkje tek mobbing på alvor, kan det få store konsekvensar for eleven.

Hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er vi opptekne av at alle elevar skal ha eit godt læringsmiljø, og at skulen skal vere mobbefri. Det er ein føresetnad for god læring, og ein rett eleven har.

Ei tilbakemelding

  1. Av J.M.Rinde,

    Denne problematikken har fått merksemd i det norske skulesystemet gjennom dei siste 20 åra, men utan at ein har fått bukt med denne negative kulturen. Læringsmiljøsenteret sin definisjon referert over, inkluderer tre kjernepunkt i denne problematikken. Olweus har vore ein sentral forskar som har arbeidd med denne tematikken. Han har sett opp nokre karakteristiske trekk som moglege kjenneteikn når barn og unge vert mobba:

    • «Blir erta på ein ekkel måte, kalla stygge ting, kan ha nedsettande klengenamn, blir håna, audmjuka og latterleggjort.
    • Blir hakka på, skubba, dytta, slått, sparka, og blir innblanda i fysiske overgrep der dei er forsvarslause og forsøker å trekke seg unna (kanskje gråtande)
    • Kjem heim med øydelagde klede, bøker, har blåmerke og skrammer.» (Befring,1994 s.229)

    Denne kulturen ser ut til å ha eskalert på mange skular, eller kanskje merksemd rundt mobbeproblematikken har kome «fram i lyset» i større grad enn tidlegare. På enkelte ungdomsskular i Noreg, til dømes, har dette vore eit svært utbreidd problem. I subkulturar som eit skulesystem i by – og bygdesamfunn kan vera, førekjem det som i sosiologien vert kalla for det «skjulte samfunn» slik Vilhelm Aubert(1922 – 1988) har definert det. Kulturen på eit mikronivå kan i slike samanhengar vera utfordrande å få endra. Mobbeproblematikken har vore viktig i mediabiletet den siste tida, eit gjennombrot kom mellom anna med “mobbedommen” i Kristiansand ei tid tilbake. Gjennom media har det vore ein del merksemd på vaksenkulturen, og “eksemplets makt” er ein viktig faktor som kanskje kan ha innverknad. I det fleirkulturelle Noreg med stort mangfald, er vel utvikling av toleranse og respekt for verdiar og normer sentrale i denne samanhengen?

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.