Ikkje slå ut jorda med oppvaskvatnet

Av Christian Rekkedal, Publisert onsdag 17. februar 2016

NRK Brennpunkt hadde 16. februar eit program om endringane i norsk husdyrproduksjon, mellom anna auka bruk av kraftfôr, nedgang i jordbruksareala og attgroing i fjord- og fjellbygdene. Vi kjenner oss att i problemstillingane. Spørsmålet er om dette berre er ei utvikling vi må akseptere fullt ut, eller om vi kan gjere noko med det.

Litt om utviklingstrekka her i fylket:

  • Talet på bruk er redusert med 23 prosent frå om lag 3900 i 2004 til 3000 i 2014
  • Produksjonsvolumet på mjølk og kjøt er derimot nokolunde stabilt – det har altså skjedd ei kraftig effektivisering i primærproduksjonen.
  • For mjølkeproduksjonen har vi satsa på ei modernisering for å halde oppe volumet og for at kyrne skal kome frå båsfjøs til lausdrift. No er 40 prosent av kyrne i lausdrift og 25 prosent av mjølka i svært moderne robotfjøsar.

Det er mange og dyktige bønder som har satsa stort på framtida, og effektivisering er naudsynt for både lønsemda og matprisane. Det er viktig i seg sjølv å halde oppe matproduksjonen nasjonalt, og lokalt for å halde foredlingsbedriftene med råvarer. Dei tre største er Tine på Byrkjelo, Nortura i Førde og Nordfjord Kjøtt i Loen.

Men denne utviklinga har også negative sider:

  • Jordbruksarealet har blitt redusert, dvs. at meir av produksjonen skjer på grunnlag av kraftfôr frå inn- og utland.
  • Fulldyrka jord har gått ned med 16 prosent i perioden 2004 – 2014, frå nesten 300 000 til 250 000 dekar.  Nesten 50 000 dekar fulldyrka jorda har blitt beitemark eller gått ut av drift.
  • Talet på sau og lam på beite har også gått ned i denne perioden, frå om lag 220 000 til 190 000 dyr.
  • Denne utviklinga fører til attgroing både i utmarka, på heimebeita og av den mest tungdrivne dyrka jorda.

Kva er løysinga?

  • Vi bør prøve ut metodar og sortar som kan auke grovfôrproduksjonen på Vestlandet.
  • Det trengst meir kunnskap om og meir stimuli til betre drift av jorda. Grøfting er sterkt undervurdert som eit godt tiltak for både redusert avrenning, mindre utslepp av klimagassar og betre avlingar.
  • Betre samarbeidsløysingar for å lage felles beitemark på (små) innmarksteigar som er i ferd med å gro att.
  • Støtte til dyr på beite er eit effektivt tiltak.

I det komande arbeidet med forenkling av støtteordningane i jordbruket, må vi ikkje «slå ut jordbruksareala med oppvaskvatnet». Forenkling må balanserast med målretting. Det er naudsynt med differensierte støtteordningar til t.d. bratt areal og beitebruk på inn- og utmark. Jordbrukspolitikken er visstnok vanskeleg, men det er fullt mogleg å styre og stimulere dette slik at vi oppnår målsettinga om eit levande landbruk over heile landet.

3 tilbakemeldingar

  1. Av C. Knagenhjelm,

    Takk til landbruksdirektøren for
    konstruktive tankar og realistisk
    syn på utfordringane.

    No gjeld det å leite i verktøykassa etter
    rette instrument; eg er viss på at dei finst!

  2. Av Jan Atle Stang,

    Eit godt og viktig innlegg. At det må gjerast grep for å hindre at vi gror inne og i endå større grad blir oppfatta som eit verneverdig naturreservat, er sentralt. Kanskje bør landet i større grad soneinndelast der ein t.d. Ikkje får støtte til å drive med sau der det er best eigna å drive med anna produksjon, t.d. korn og mjølk. Kanskje er det sau og geit som bør vere hovudsatsingsområda her i fylket, og at støtteordningane blir styrt i den retning, t.d. ved at investeringskostnaden til rydding, inngjerding og anlegg her blir så låge at unge folk finn interesse i å satse.
    Det er ikkje tvil om at vi må få ned kraftforbruken og opp grovforbruken. Vi har store og fantastiske beiteområder her vest som må nyttast, og sauen og geita er dei beste “gartnarane” vi har; og i tillegg kan vi gjere dei meir lønsame. T.d. har vi mykje å gå på når det gjeld promotering av lammekjøtt, avla opp i reine vestnorske fjell. Dette kan i høve til eksport bli den nye Jarlsbergosten.. Men etter dette får eg vel Bondelaget på nakken…:-)

  3. Av Henry Gleditsch Kleive,

    Jeg støtter forslag om å sone inndele landet vårt og la Sogn og Fjordane få tilrettelagt for sau og geit – og promoter dette globsalt som ren “Grønn mat”. Håper Fylkesmannen tar tak I dette!

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.