Hjorten for alle

Av Hermund Mjelstad, Publisert tysdag 3. november 2009

Vi lever i eit fylke rikt på natur og dyreliv. Bjørkeskogen kryp stadig høgare opp, kulturlandskapet gror att mange plassar og gardsbruka ligg spreidd utover og gjev godt innmarksbeite for ein talrik hjortebestand. I fylket er det elles spreidd busetnad som er regelen, byane er få og små. Eg vil tru vi har meir hjort enn folk her i trivselsfylket! I haust vil det bli skote kring 12 000 hjort, eit eldorado for jegerane, men kanskje eit slit for kvinnfolka. Det er framleis slik at berre 6 % av jegerstanden er kvinner.

Eg undrar meg ofte på kvifor hjortejakta ikkje blir brukt meir i marknadsføringa av fylket vårt. Mange kommunar slit med å halde folketalet oppe, og ulike idear blir prøvd ut for å lokke til seg nye tilflyttarar. Kva med å tilby alle nytilflytta eit gratis hjorteløyve eller deltaking i eit jaktlag ? Vi skal hugse at hjortejakt er eksotisk for mange. At det heller ikkje let seg gjere å få kjøpt hjortekjøt på butikken viser at vi har langt att for å gjere hjorten til allemannseige. Kvar blir det av dei nesten 500 tonna med hjortekjøt? Vi får håpe at ikkje alt for mykje blir liggande på botnen av frysaren, til det er det eit for godt og næringsrikt kjøt. Og ikkje minst er det i høgste grad kortreist ! Her ligg mange spennande utfordringar for fylkeskommunen no når dei frå årsskiftet får eit regionalt ansvar for hjorteviltet .

Alt har sin pris, også eit historisk høgt tal hjort. Skade på eng og skog, mogleg spreiing av flått, i snitt minst ein påkøyrd hjort kvar dag, skade på hagar osb. Inntrykket er vel likevel at dei positive sidene framleis er langt større enn dei negative.

Korleis ser det så ut om 20 år? Vi kan sjå for oss eit scenario der alt berre er idyll, ein frisk hjortebestand, stadig fleire får delta i jakta og nesten halvparten er kvinner. Alle nytilflytta får eit gratis hjorteløyve av kommunen eller får tilbod om å vere med i eit jaktlag. Også folk frå andre kulturar får delta i eit jaktlag for å oppleve jakta og jaktkulturen. Betre integrering kan vel neppe tenkjast ? Utviklinga kan sjølvsagt gå ein heilt anna veg, men i dag tenkjer vi positivt.

6 tilbakemeldingar

  1. Av Anders Hopland,

    Sprekt forslag ! .-)
    Men må nok sjølsagt omarbeidast for å få det gjennomført..
    Kanskje ein kan starte med Statskog sine eigedomar ? Då blir det det offentlege som tek kostnad etc. Og kanskje kan kommunane kjøpe løyver nokre stader til feks. utlodning eller berre gi vekk til innflyttarar?
    Men… Det vil nok koste litt.
    At ein ikkje finn hjortekjøt i butikkane er dei 4 store kjedane sitt ansvar. Dei er nok ikkje interessert i slike nisjeprodukt.

    Det aller beste med forslaget er å få fokus på den altfor store hjortestamma i fylkjet.
    Eg er verkeleg forundra over at det ikkje er sett i gong ei kartleggjing på kva skadar hjorten har gjort og gjer på skogen. Det er formidable summar. Spesielt om ein tenkjer det utifrå storamfunnet si side. Skogeigaren får omlag 300 kr./m3. Men denne m3′en kostar frå 2500 til 6000 kr. når forbrukarane reiser til trelasthandlaren og handlar. Og denne verdiauken skjer i stor grad lokalt. Med unnatak av slip. Det er heller liten eksport til andre delar av landet av tømmer.

    Eks. er : 50 000 m3. * 3000kr.= 15000000 kr.
    M3 er neppe overdreve dersom ein ser Sogn og Fjordane i heilheit. Kva kr.sum ein skal bruke kan ein sikkert diskutere.
    Utifrå dette er hjortekjøtet svert dyrt, og jakt er og dyrt som rekreasjon.

    Kanskje det er slike summar og scenarier som er grunnen til at ein ikkje TORER å karlegge konsekvensane av dagens hjortestamme?
    Det er iallfall laber respons der eg nevner det.. Sjølv frå kompetente skogkyndige folk.

    Kanskje Fylkesmannen kan vere pådrivar å få til eit slikt prosjekt? Kostanden med det vil vere betydeleg lågare enn nytteverdien.Når det gjeld elg er det lagt ned stort arbeid i å finne ut både økonomisk og fagleg “nullpunkt” ang. storleik på elgstamma. Noko slikt er aldeles fråverande her i fylkjet. Og etter mi meining blir det meiningslaust å forvalte hjorten utan dette redskapet. Dei spede forsøka som har vore ang. taksering og reknestykkje på dette er på ingen måte godt nok til å bruke i forvaltningsamanheng for fylkjet i si heilheit. Heller ikkje lokalt. Då tenkjer eg spesielt på dei utrekningane som har vore gjort.

    Skogen har ei forvaltningstidsrom på 2 til 4 generasjonar. (50 til 100 år). Og vi skuldar denne ressursen ei betre behandling enn kva som er tilfelle i dag. Og skulle ein no dra inn binding av C02.. Roten skog slepp ut C02.. Klimakvotar vil i framtida få auka verdi. Rotegran vil ein neppe kunne dra inn som positiv effekt for miljøet.

  2. Av Aud Slettehaug,

    Eg må berre rette opp ein svært alvorleg feil som står i dette innlegget ditt Hermunn. Du påstår at hjortekjøtt ikkje er å få kjøpt i butikk og det er feil. Det ligg lokalt hjortekjøtt i butikk i fylket og på Bondens marked blir det omsett store menger hjortekjøtt både i Bergen og i Førde. Alle ferskvareavdelingar og butikkar med stort nok sortement til å ta inn hjortekjøtt har tilgang på det. Det er to større aktørar på dette feltet her i fylket Kystvilt og Haugen Gardsmat. Fleire mottak er i emning, fleire hjortefarmar er i gang med sin pakking og distribusjon.
    Mange grunneigarar jobbar planlagt og grundig med å bli leverandørar av slikt kjøtt til mottak.

    Dette er eit arbeid som har pågått over mange år og med støtte frå VSP matprogrammet for nettopp slik utvikling. Det er difor veldig merkeleg at ein som arbeider hjå fylkesmannen ikkje er kjent med denne satsinga og kan sette fram slike påstandar som at hjortekjøtt ikkje finst i butikk. Frysaren på Coop Extra i Førde har eit stort utvalg.

    Generelt må eg slutte meg til dei som meiner at dette er eit provoserande utspel. Hjortejakta er jo nettopp grunnen til at mange vel å bu her og store summar vert brukt her, jakt er ikkje under noko omstende gratis. Hjorten er eit viktig næringsgrunnlag i regionen. Målretta arbeid med dette og i lag med grunneigarar er viktig. Men eg er svært glad for at fylkesordførarar og andre ikkje står å ropar ut om denne hjorten. La næringa sjølv få lov til å og gi det tid nok til forme seg og å bygge den opp frå grunnen av. Marknadsføringa av regionen er alt i gang og veldig god den. Her har Norsk Hjortesenter gjort ein fenomenal jobb, men også alle jegerane som er med i bøker etc. Aktuelt no er boka Hjortejegerene og prosjektet til Kristoffer Clausen.

    • Av Anders Hopland,

      Aud Slettehaug verkar nøgd med satsinga på omsetjing av hjortekjøt. kanskje det..

      Men dersom til og med fylkesmannen ikkje har høyrt om prosjektet, (og han handlar kanskje ikkje hos COOP i førde heller ?) Kolreis skal andre vite kor kjøtet er å få kjøpt ????
      Aud Slettehaug har gløymt å marknadsføre dette for folk flest…
      ikkje nok at ein snever elite veit om det. Eg har fått spørsmål frå folk i Førde som ikkje finn hjortekjøt og… men dei handlar kanskje på Rema etc?

      Noko anna ho ikkje nevner er forvaltninga… Å markedsføre Sogn og Fjordane med tørr gran om 20 til 50 år, vil sikkert få oss på ei anna liste i National Geographic enn den vi er på i dag..

  3. Av Hermund Mjelstad,

    Eg takkar for to gode kommentarar.
    Dersom det er slik at hjortekjøt no er tilgjengeleg i mange butikkar så er ingenting betre enn det. Eg reknar då med at det ikkje er kjøt frå New Zealand slik vi har opplevd å få det servert her i fylket før. Det skjer mykje positivt som Slettehaug nemner i sitt innlegg. Både Verdiskapingsprogrammet (VSP) for matprodusentar i regi av Innovasjon Norge, der Fylkesmannen er samarbeidspartnar, Bondens Marknad, Bygdeturisme og Gardsmat (Hanen) med fleire viser at dette er eit satsingsområde. Eg er rimeleg sikker på at vi om nokre år vil sjå gode resultat av desse prosjekta. Det vi i alle fall kan vere samde om er at hjorten er ein fenomenal ressurs for grunneigarane og at det ligg godt til rette for småskala verksemd, både i høve til turisme, gardsmat og reiseliv, jakt og utleige. Det eine utelukkar ikkje det andre, tvert imot.

    Hopland er uroa for skade hjorten gjer på skogen, og det er liten tvil om at den rekordstore hjortebestanden gjer mykje skade på planta gran men og på dei naturlege treslaga i Sogn og Fjordane. Vi ser også at det nokre plassar er treslag som er mindre vanlege, som alm, kristtorn og barlind som blir utsett for hardt beitepress. I tillegg kjem all skaden på eng som grunneigarane vanskeleg kan gjere mykje med. Mange hjorteløyve og kjøt oppvegar likevel nokre av desse negative verknadene. Vi har i dag ein stor, sunn hjortebestand. Fylkesmannen har dei siste åra tilrådd at kommunane i forvaltninga si stoggar bestandsveksten og helst reduserer bestanden i delar av fylket.Dette meiner eg og vi hos Fylkesmannen må til for å kunne halde på den store ressursen som hjorten er, til glede for jegerane, rettigheitshavarene og alle oss andre!

    • Av Anders Hopland,

      Eg tykkjer det er bra at fylkjesmannen pushar på å få redusert bestanden – der det er naudsynt.
      Men du synsar når det gjeld skadeverk – du meiner at mange hjorteløyver og kjøt oppveg noko av dette.

      Betyr det at du reknar med at skaden hjorten gjer er større enn nytten ?
      vil du bevilge midlar til å få undersøkt dette ?
      Alternativt syte for at andre set i gong dette arbeidet ?

      I Fjaler kommune var det under skogtakseringa i 1999 ca. 5000 da. med hjorteskadd gran. Dette talet er høgare no. I tillegg var det underestimert under taksering.
      Hjorten gjer ikkje skade på skog i hogsklasse sein 4 og 5. Når ein no ser føre stort uttak av gran framover vil det bli nerast umogeleg å fornye dette arealet med gran, furu (frå planteskule), og mest sannsynleg og lerk og bjørk.
      I tillegg har dei store areala med gran i hogstklasse 2 og 3 i dag som er mykje skada mange stader.

      Eg er framleis litt forundra over at det ikkje er interesse for ei kost/nytte kalkyle .

      Dersom ein ser på bestandsutviklinga dei siste 30 åra er det kystkommunane og nokre kommunar i midtre delar som har hatt den eksplosjonsarta auken. Den auken i indre Sogn har vore heller moderat smanlikna med ytre/mitre strok. Det betyr at det framover vil vere heller vanskeleg å drive med tradisjonelt skogbruk, der fornying etter hogst blir gjort.

  4. Av Helge Kårstad,

    Svært god sak Hermund Mjelstad og svært gode kommentarar Anders Hopland.
    Vi i velstandsbygdene i velstandsfylket i velstandslandet lyt snart kursast i “verdiskaping”…eller skal vi no gidde det ?

    Paradokset er at alt går så bra likevel med oss, – for det går alltid eit fly til ein internettjobb i Bergen eller Oslo.
    Og så kan vi kome her til fylket i feriar og gå på tur og skyte hjort og bjørn på den gamle innmarka.
    For mat- og tømmerproduksjon som vi har (hadde ?) rikeleg av kan vi importere heller “synkekraftig” frå Brasil, ja vi gjer jo det i denne timen….og så vernar vi resten…

    Stå på Anders, – du har treft innertiaren og eg håpar mange ser det !!

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.