Mjølkeproduksjon etter 2024?

Av Christian Rekkedal, Publisert fredag 30. oktober 2015

For mange mjølkeprodusentar har årstalet 2024 vorte eit trugsmål mot vidare drift. Då blir det innført eit generelt krav om at mjølkekyr skal vere i lausdrift og ikkje fastspent på bås. Forskrifta vart vedteken i 2004 med overgangsordningar på 20 til 30 år, alt etter alder på fjøsen.  Dette var bakgrunnen for eit møte på Skei 28. oktober der nesten 200 personar møtte, noko som i seg sjølv syner kor viktig temaet er.

Mjølkeproduksjonen i Sogn og Fjordane er svært viktig for både landbruket og leverandør- og foredlingsindustrien. Det har skjedd ei veldig effektivisering av mjølkeproduksjonen siste ti åra, med nesten halvering av tal mjølkebruk, auke frå 12 til 17 kyr i snitt per bruk, og der kyrne i gjennomsnitt mjølkar nesten 1300 kg meir per år. Det totale mjølkevolumet er likevel ganske stabilt på i overkant av 100 millionar kg mjølk per år. I denne perioden har vi også fått mange nye og store fjøsar med gjerne 40 til 50  kyr, lausdrift og mjølkerobot. Men per i dag kjem berre 40 prosent av mjølkevolumet frå lausdriftsfjøsar, og med dagens omleggingstakt kjem vi neppe høgre enn 70 prosent innan 2024.

Det kom fleire innspel på korleis dette kan løysast:

  • Ei dobling av investeringsmidlane til fleire nye lausdriftsfjøsar?
  • Betre finansiering for dei mellomstore mjølkebruka frå 25 kyr og oppover?
  • Satse meir på å auke den lokale grovforproduksjonen slik at fleire kan bygge nytt og større?
  • Endre landbrukspolitikken slik at bruksstorleiken vert betre tilpassa naturforholda?
  • Finne praktiske løysingar slik at også kyrne på bås kan få gå ut og lufte seg mesteparten av året?
  • Utsetje lausdriftskravet for dei minste bruka?

Vi må hugse at lausdriftskravet er grunngjeve med dyrevelferd. Kyrne har langt meir naturleg åtferd i lausdrift enn å stå bundne på bås frå hausten til våren. Dette er viktig for både kyrne, bøndene, styresmaktene og forbrukarane. Prioritet nummer ein må derfor vere at vi prøver å få flest mogeleg av mjølkekyrne over på lausdrift. Her er mange av forslaga frå Skei aktuelle.

Men vi må også finne andre alternativ for dei mange små og mellomstore mjølkebruka enn å enten bygge svært stort eller å stenge fjøsdøra. Ser vi tilbake på utviklinga av teknologi og drift dei siste tiåra, trur eg ikkje vi har sett alle løysingane enno. Luftegardar der dyra får gå ut på dagtid viss dei ynskjer det, kan jo vere ei mellombels løysing? Eller enklare ombyggingar til lausdrift i kombinasjon med manuelle og billegare mjølkestallar?

Her må praktiske bønder, veterinærar og andre fagfolk sjå kva som er mogeleg å få til, innanfor føremålet om god dyrevelferd og respekt for dyr slik det står fremst i dyrevelferdslova.

Ei tilbakemelding

  1. Av Per-Magnar Sognnes,

    Vi bønder må få klare, binande politiske signal om det er ynskjeleg med eit landbruk over heile landet. Vi som bur ute med kysten har alltid hatt, og vil alltid ha dei dårligaste forholda for å drive effektivt og stort slik som politikken legg opp til i dag. Det er her vi har dei største utfordringane med mykje nedbør som gjer areala våre som for det meste består av grunnlendt myr og bratte bakkar nesten ueigna til beiting med storfe anna enn eit par månader midt på sommaren. På grunn av desse forholda er og våre avlingar vesentleg mindre enn berre nokre mil lenger inn i landet. Eg er sjølvsagt ikkje i mot lausdrift, og hadde sjølvsagt bygt slik om eg skulle bygge nytt no. Men eg har enno ikkje sett eit seriøst forskingsprosjekt som kan konkludere utvilsamt med at dyrevelferden er bedre i lausdrift enn i ein god båsfjøs. Kyrene mine trivast på båsen, noko som viser seg kvar dag når dei kjem springande frå beitet og vil inn. Eg trur at ein absolutt dato for overgang til lausdrift vil få store konsekvensar for landbruket i heile Noreg. Skal ein kunne behalde mjølkeproduksjonen på nokolunde samme nivå som i dag, må det nok inn kraftige økonomiske verkemiddel. Ikkje berre på investering, men som økonomisk også gjer det mogeleg å drive uten å jobbe seg i hel for å sitte att med nok til å ha eit normalt liv etter at nybygget står klart.

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.