Bioøkonomi – ikkje berre eit nytt moteord

Av Christian Rekkedal, Publisert tysdag 23. juni 2015

Bioøkonomi har dukka opp som eit moteord innan forsking, næringsutvikling og politikk. Det handlar om berekraftig produksjon basert på fornybare biologiske ressursar, det som veks i vatn, jord og skog – naturleg eller i styrte prosessar. Berekraftig utvikling har trippel botnlinje: både økonomisk overskot, miljø- og klimavenleg produksjon, og positiv sosial utvikling. Hausten 2014 arrangerte Forskingsrådet og Innovasjon Noreg den første store bioøkonomikonferansen her i landet.

Vår vestlege økonomi var naturbasert fram til om lag 1900, deretter oljebasert, og no kjem bioøkonomien etter kvart som vi må fase ut fossil energi dei neste femti åra. Vi skal ikkje gå tilbake til livet før forbrenningsmotoren, men bruke moderne kunnskap og teknikk for å halde oppe vårt moderne samfunn og velstand. 

Det er mange problem som må løysast, men det gir også spennande og nye moglegheiter:

  • Korleis kan enzym industrielt omdanne cellulose og anna uetande biomasse til sukker?
  • Alt som kan lagast av olje, kan også lagast av trefiber, men korleis gjer vi det industrielt?
  • Korleis lage biogass frå biomasse på ein økonomisk forsvarleg måte?
  • Kan datastyrte robotar drive lette landbruksmaskiner på åker og eng?
  • Kan vi lage husdyrfôr av algar og fiskefôr frå trefiber – «sitkalaks»?
  • Arealplanlegging – korleis ta vare på dei produktive areala for produksjon av biomasse?
  • Korleis berekne miljøkostnad som ein del av det økonomiske reknestykket?

Her er mange dilemma. Vi treng fornybar energi for å redusere klimaendringane, men samstundes er prisen på energi forholdsvis låg. Det gir ikkje motivasjon for å utvikle og drifte nye energikjelder. Korleis skal vi då kunne kome skikkeleg i gang med dette grøne hamskiftet?

Ingen har dei endelege svara på desse spørsmåla, men det skjer heldigvis mykje nytenking, og stadig fleire aktørar marker seg . Regjeringa skal lage ein nasjonal bioøkonomistrategi i løpet av 2015. Innovasjon Noreg satsar tungt på Grøn vekst. Universitets- og forskingsmiljøa har kome godt på banen, særleg i miljøet på Ås med Norges miljø- og biovitenskaplege universitet NMBU og det nyoppretta Norsk institutt for bioøkonomi NIBIO.

Kva utfordringar og moglegheiter gir dette for oss her i fylket?

  • For tradisjonelt landbruk som må produsere mat og trefiber med ny kunnskap og teknologi?
  • For oppdrettsnæringa, ei suksesshistorie innan biologisk produksjon, men som må unngå lakselus, ureining og sjukdomar?
  • For dei store skog og utmarksområda som no er i ferd med å gro att?
  • Kan industrimiljøa med lang erfaring i storskala effektiv produksjon, finne nye og framtidsretta produkt innan bioøkonomien?
  • Kan reiselivsnæringa som hovudsakleg er basert på naturopplevingar, bli berekraftig både i teori og praksis?
  • Korleis kan ein ta prinsippa for bioøkonomi inn i planarbeidet?

 Bioøkonomi er ikkje berre eit moteord, det er ein realitet og ei utfordring som har kome for å bli.

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.