Full peising i Sogn og Fjordane!

Av Lill Mona Solberg, Publisert torsdag 22. oktober 2009

Forskarar hevdar at andre fylke har noko å lære av oss når det gjeld arbeidet med entreprenørskap i skulen. Kva er det som gjer at vi oppnår slike gode resultat?

Ein ny forskingsrapport slår fast at entreprenørskapsarbeidet i fylket har positiv effekt på elevane sitt skulearbeid, deira ynske om å busetje seg på heimplassen, deira ynske om å ta høgare utdanning, deira ynske om å etablere bedrift – og etablere bedrifta i Sogn og Fjordane. 

Ein breitt samansett partnarskap har over lang tid arbeidd systematisk og målretta for å gje entreprenørskap ein naturleg plass i opplæringa. I Sogn og Fjordane har vi ei breiare forståing enn mange andre fylke av omgrepet entreprenørskap. Vi legg vekt på heile opplæringsløpet frå barnehage til høgskule, tilfører barnehage og skulesektoren kompetanse, og vi tilbyr prosessrettleiing og midlar.

Entreprenørskap i opplæringa treng ikkje handle om berre det å etablere ei  bedrift. Vi vektlegg i større grad enn andre utvikling av generelle entreprenørielle haldingar og ferdigheiter som eleven sine evner  til kreativitet, til å ta ansvar, til sjølvstende og evne til å stole på seg sjølv.

Satsinga har ført til auka grad av samarbeid både i barnehage og skule og i forhold til lokalsamfunnet. Vi står mellom anna i ei særstilling når det gjeld utvikling av samarbeid mellom skule og kulturinstitusjonar, og i tal på partnarskapsavtalar mellom skular og næringsliv.

Vi satsar breitt og vi evaluerer oss sjølv . Som eit leiande kompetansemiljø nasjonalt har  Kunnskapsparken i Bodø evaluert effekten av det systematiske arbeidet. Då forskarane skulle finne ein høveleg tittel på rapporten berre få dagar før lanseringa, kom det frå ein lystig vesteråling – tittelen må jo bli ”Full peising i Sogn og Fjordane!”.  Som nordlending  hadde eg naturligvis stor sans for forslaget.  Det kan leggast til at tittelen til slutt vart justert til ”Entreprenørskap på høygir!”.

Rapporten skal leggast fram for fylkespolitikarane den 23. november. No gjenstår det berre å sjå om politikarane tenner på ei vidare satsing.

Les rapporten ”Entreprenørskap på høygir!” her  http://www.driftig.no/om-ungt-entreprenoerskap/viktig-kunnskap-fraa-sogn-og-fjordane-article432-152.html

Partnarskapet er organisert under paraplyen programstyret for entreprenørskap og nyskaping. Vi kommuniserer arbeidet vårt ut i gjennom portalen www.driftig.no .

Post to Twitter Twitter Post to Facebook Facebook

2 tilbakemeldingar

  1. Av Bernt Bergheim,

    Det hadde no vore freistande å skrive at her er det berre å peise på…, men sidan eg er sogning og ikkje nordlending høver det vel betre med “Stao no pao”.

    Dette er flott. Me har byrja å ta tak i eit viktig område – og det på mange nivå. Det må bli suksess – og er viktig for Sogn og Fjordane som fylke. Dei gode resultata som ein hr for entreprenørskap i samband med skule, er ekstra oppløftande når ein veit at det er mange tiltak her i fylket som forsøkjer å favne om unge gründarar etter ferdig skulegang. Fleire av desse er omtalt på nettsida http://www.driftig.no/.

    Som styreleiar i Sparebanken Vest si næringsstifting for Sogn og Fjordane kjenner eg til at det er mange spennande intiativ blant gründarar (unge og gamle) i fylket. Når ein veit at mange av dei som får støtte av denne type fond/stiftingar, ofte i etterkant kjem over i gode mentorprogram som til dømes Innovasjon Norge sitt Alkymisten program, (http://www.innovasjonnorge.no/Fylke/Sogn-og-Fjordane/Kompetanse/Alkymisten/), er det lov å vera optimist på vegne av entreprenørskapet i fylket.

    Tysdag hadde eg gleden av å ha ein lenger telefonsamtale med Anne van Oorschot i Framtidsfylket om rekruttering og møteplassar. Når ein veit kva engasjement ho har for jobben – og kor mange bedrifter i Sogn og Fjordane som no står bak Framtidsfylket – har ein eit anna eksempel som viser at me har all grunn til optimisme.

    So – stao no pao – alle som ivrar for næringsutvikling her i fylket.

  2. Dette er svært gledelig lesning for alle. Eg kan nesten ikkje tenke meg noko kjekkare å bruke pengar og tid på. Å lese denne rapporten, og sjå at dette arbeidet faktisk nyttar og gjev gode resultat er musikk!

Legg attende ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.