Tre utfordringar for skrøpelege eldre

Av Per Steinar Stensland, Publisert onsdag 3. juni 2015

Norsk eldreomsorg er sannsynlegvis blant verdas beste. Men mange sjuke eldre får for mykje medisinar, dei er utsette for dårleg samarbeid mellom kommune- og spesialisthelsetenester og dei treng betre rehabiliteringstenester.

Sjølv om eldreomsorga vår er bra, er det mange sjuke eldre som får for mykje medisinar, er utsette for dårleg samarbeid mellom kommune- og spesialisthelsetenester og som treng betre rehabiliteringstenester. Foto: northlightimages/iStock

Foto: northlightimages/iStock

Mindre medisinar gjev betre helse
Ein norsk sjukeheimspasient får i gjennomsnitt ni ulike medikament. Mange får da mange fleire. Kvar og eitt av desse medikamenta er i hovudsak testa ut på unge menneske, og dei er testa ut eitt om gongen. Nokre av dei er livreddande. Gitt til gamle og sjuke, opnar likevel dette for biverknader og komplikasjonar i interaksjon mellom medisin, sjukdom og gamal kropp.

For legen skal det større mot og kompetanse til å avslutte bruk av medisin, enn til å føreskrive meir. Men det er vist at systematisk reduksjon av medisinbruk etter sjukehusopphald gir den gamle pasienten betre helse.

For pleiarane er det ei utfordring å sikre rett medisin til rett pasient, og vi ser at dette ikkje sjeldan sviktar. Pasienten får feil medisin eller feil dose.

Når skal det bli betre?

Svingdørspasientar – eit teikn på manglande samarbeid
Vi har tal på akutte reinnleggingar av eldre 30 dagar etter utskriving frå eit sjukehus. Rundt 12 til 18 prosent av utskrivingar fører til slik reinnlegging. Dette er tal som mellom anna skildrar svingdørsproblemet for pasientar som vert skrivne heim frå sjukehus for tidleg, før tenestene i kommunane er klare for å ta dei imot.

Desse eldre pasientane kan stå i fare for å bli kasteballar dersom systemet gløymer at samhandlingsreforma også er eit stort samarbeidsprosjekt. Mange helse- og omsorgsoppgåver ligg i grenselandet mellom kommune- og spesialisthelsetenesta.

Ansvarsdelinga må løysast ut frå lokale vurderingar basert på fagleg kompetanse der aktørane tar omsyn til kvarandre slik at tenestene til den gamle heng saman.

Når skal dette bli betre?

Rehabiliteringssenter aukar funksjonsevna raskare
Rehabilitering er eit finmaska nett av tenester som spenner frå kvardagsrehabilitering i heimesjukepleien til høgspesialisert sjukehusrehabilitering. I samhandlingsreforma vil rehabilitering i større grad enn før bli overført til kommunane.

Førebels ser det ut til at mange kommunar prøver å løyse desse oppgåvene aleine og at dei i liten grad samarbeider. Men det er nyleg vist i ein norsk studie at rehabilitering i eigne interkommunale einingar gir betydeleg betre resultat for pasienten enn rehabilitering i sjukeheim.

Resultata viser at dei som blei rehabiliterte i kommunalt senter auka funksjonsevna med nesten det dobbelte samanlikna med rehabilitering i sjukeheim, og dette i løpet av om lag halve tida. Gruppa som blei rehabilitert på sjukeheim hadde større behov for heimetenester etter rehabiliteringa, enn den andre gruppa.

Bør ikkje dette få konsekvensar for organiseringa?

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.