Rovdyr og eller sau?

Av Christian Rekkedal, Publisert onsdag 29. oktober 2014

Stortinget har bestemt i Rovviltforliket at vi både skal ha freda rovdyr og beitedyr. Landet er delt inn i ulike soner med definerte yngleområde, prioriterte beiteområde, og nokre område der det skal vere både beitedyr og rovdyr. Dette er ikkje lett. Vestlandet skal vere eit prioritert beiteområde, men rovdyra les ikkje kart og kjem stadig på tokt vestover. I løpet av siste året er det dokumentert DNA frå minst ti ulike jervar i Indre Sogn, i noko som alltid har vore, og framleis skal vere, eit kjerneområde for beitedyr. Det ligg an til at minst 800 sau og lam er tapt på grunn av jerv. I tillegg har vi hatt besøk av ein ulv som har ført til store tap i Naustdal. Endelege oversikter over tapstala kjem kring nyttår.

No er det ikkje berre freda rovdyr som fører til tap av sau og lam på beite, men før vi fekk rovdyra tilbake var normaltapet i dei beste beiteområda på  berre 2-3 prosent. Det spesielle med rovdyrangrep er at dei er svært konsentrerte, ofte hjå nokre få bønder og i stort omfang. Dessutan skjer dei i nokre av dei aller beste fjellbeita i indre delar av fylket.

Det er nasjonale måltal for rovdyr, og sidan dei no ligg over dette nivået, er det opna for lisensjakt på både jerv og ulv. I tillegg gir Fylkesmannen på kort varsel fellingsløyve på skadedyr i beitesesongen. I våre kuperte fjellområde er det svært vanskeleg å jakte på jerv, både på berrmark og om vinteren. Lisensjakta for jerv er frå september til februar, og det skal på papiret vere den viktigaste bestandsregulerande jakta. Men jaktreglane er om lag like strenge som for vanleg storviltjakt, til dømes kan ein ikkje bruke lys eller hjelp frå motoriserte køyrety. Det er lov å bruke fangstboks som fangar dyret levande, men då med tilsyn både morgon og kveld og utan hjelp av snøskuter. Det er heller ikkje lov å bruke viltkamera som tilsyn. Med slike jaktreglar kan ikkje lisensjakta bli effektiv i fjellområda. Det er såleis positivt at klima- og miljøministeren har gitt signal om oppmjuking av regelverket – kan hende som eit prøveprosjekt i Indre Sogn?

Etter nok ein blodig beitesommar i Indre Sogn er spørsmålet kva som skjer før neste vår. Maktar vi å redusere talet på jerv i beiteområda? Kan saueeigarane sleppe dyra på beite nokolunde risikofritt? Eller vil det kome nye store jervangrep slik at Mattilsynet må gjere alvor av trusselen om å pålegge beitenekt og heimsanking?

Desse spørsmåla får vi stadig frå saueeigarane i Indre Sogn. Vi har ikkje gode svar. Men ein ting veit vi; held dette fram vil konflikten auke til skade for alle partar. Løysinga ligg truleg i større avstand mellom prioriterte yngleområde og beiteområde, kombinert med meir effektiv lisensjakt.  

Rovdyrforvaltninga har ikkje råd til å få skulda for at sauebøndene i dei beste beiteområda i Indre Sogn må gje opp, og beitenæringa har ikkje råd til å få skulda for å utslette alle rovdyr.

Legg att ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.