Vi bloggar vidare

Av Oddvar Flæte, Publisert torsdag 10. september 2009

Ein fylkesmann er best når han ikkje er synleg, var det ein redaktør som hevda. Fylkesmannen må vere meir synleg, sa ein annan. Forvaltar du mynde, må du halde deg til paragrafane, sa ein tredje.

Godt at vi ikkje  er møtt med likesæle. Men vi kan klart bli betre på formidling: Frå fylket og i fylket. For vi sit på ein god utsiktsstad. Samstundes så er vi ein aktør fordi vi skal tolke reglar og lover, syte for at rettstryggleiken til den einskilde blir ivareteken og varsle sentrale styresmakter om utviklinga i fylket.

Men vi kan og bør kommunisere betre. Rett nok er postlista vår offentleg, vi legg ut mange saker direkte på heimesida vår, vi reiser rundt i kommunane og både lyttar og gir råd. Likevel – vi vedgår at vi kan bli betre på dialog.

Dei sosiale media er ei krevjande sak for oss. Vi høver neppe heime på Facebook, vi er usike på om vi bør twitre, men det gjør inntrykk når det bli hevda at kommunikasjon på nettet blant dei under 30 knapt er på e-post.

Etter ein prøveperiode med ståstad Brussel, går vi nå meir systematisk inn i bloggverda. I tida framover vil eg eller andre i embetet leggje ut minst ein blogg kvar veke. Bloggane vil vere observasjonar, meiningsytringar, utfordringar eller drøftingar av aktuelle emne i fylket.

Og så vonar vi på respons. At det blir fremja synspunkt, blir meint på tvers og langs – med namn under.

Vil vi lukkast med å gjere ein betre jobb? Vi evaluerer saman med dykk til sommaren.

Post to Twitter Twitter Post to Facebook Facebook

10 tilbakemeldingar

  1. Av Heidi Grande Røys,

    Gode fylkesmann
    Gratulerer med re-etablert blogg! Spennande at nokon av fylkesmennene prøver ut sosiale media. Som du sjølv seier, der treff du mange av dei yngre i folket, men stadig fleire godt vaksne òg.
    Eg trur det er naudsynt at òg forvaltninga er tilstades i dei nye nettfora, men undervurderer ikkje at det kan verte krevjande til tider. Difor treng vi nokre som prøver og testar ut, og Fylkesmannsembetet i S og Fj har vore først ute før òg dei, så dette har eg stor tiltru til!
    Lukke til!

    • Av Oddvar Flæte,

      Takk for støtte og gode ønskje. Som du ser av http://blogg.fylkesmannen.no/fmsf/ så følgjer vi opp politikken din etter beste evne.

      Oddvar

    • Av Arve Sandal,

      Gratulerer. Eg vart glad i bloggane frå Brüssel og gler meg til å følgje fylkesmannen på heimebane. Med hans makt og mynde blir dette ein viktig kanal for fylket. Sparebanken Sogn og Fjordane hektar seg straks på. meirennbank.no blir adressa til våre bloggkommentarar.

  2. Gratulerer med det som vel er landets første embetsblogg! Det er ikkje overraskande at det er i Sogn og Fjordane det skjer, det er heilt i tråd med føregangsarbeidet på it-sida.

    Som du er inne på, er det ikkje utan vidare enkelt for forvaltninga å møta den nye medietida. Det finst ikkje retningslinjer å halda seg til, jamvel den nye informasjonspolitikken frå Difi/FAD verkar merkeleg uvitande om det som no skjer på nettet.

    Då er det berre å gjera som NRKbeta oppmodar om: komma seg ut i vatnet og bli blaut. Alternativt kan ein bli ståande og grubla og ikkje komma nokon stad.

    På same tida som ein må våga å prøva ut nye former, må ein også ha hovudet med seg og tenkja gjennom ulike problemstillingar som kan dukka opp. Når Politiets sikkerheitsteneste (PST) er på Twitter og du får melding om at “PST følger deg”, er eg ikkje overtydd om at dei er på rett veg!

    Det blir spennande å følgja dette initiativet, og de bør leggja det opp slik at det blir ei grundig evaluering som kan komma til nytte for andre offentlege etatar. Men som det har vore sagt i fildelingsdebatten: “The biggest problem is not piracy but obscurity”. Det største problemet for dei fleste er ikkje storm kring embetet, men at dei er heilt usynlege.

    • Av Oddvar Flæte,

      Takk for god tilbakemelding. På http://blogg.fylkesmannen.no/fmsf/ finn du litt om bakgrunnen for den tilnærminga vi nå gjer. Mot slutten av veka går vi meir inn i den problematiserande og/eller utfordrande rolla. Framover prøver vi å setje ein del saker på dagsorden.

      Vi tek med oss innspelet ditt om grundig evaluering til våren og vil gjerne drøfte det med deg over bordet korleis det kan gjerast på ein best mogeleg måte.

      Oddvar

  3. Hei. Flott at leiinga hjå fylkesmannen er på sosiale medier. Eg er litt stolt, men ikkje overraska over at de går i bresjen i landssamanheng. (Er samd i at facebook ikkje er rette arenaen.)

    Her er det berre å prøve seg fram, slik vi alle gjer, sjølv om fallhøgda er større for eit fylkesmannsembete enn for einslige “svaler” som meg. Rolleforståing er viktig.

    Mitt råd er å vere opne og nysgjerrige – svare på spørsmål som kjem utan å bli for private – ta del i debattar som er relevante og be om råd. Dette er også ein god måte å fange opp debattar som omhandlar Sogn og Fjordane på eit tidleg stadie.

    Med andre ord: Passive twitrarar som berre vil sjå kva andre driv med er uinteressante i lengda. Då kan ein like gjerne la vere.

    Lukke til!

    • Av Oddvar Flæte,

      Ja, vil vere aktive med 1-2 bloggar kvar veke. Twitringa blir nok meir ujamn, men det er artig og tidkrevjande å følgje med i debattane som rullar.

      Oddvar

  4. Sluttar meg i rekkja av gratulantar. Mykje vetig er skrive både i blogginnlegget og i dei andre kommentarane.

    Men eg er heilt usamd i konklusjonen om at Fylkesmannen ikkje høyrer heime på Facebook. Dessutan er konklusjonen litt merkeleg, all den tid Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ER på Facebook:
    http://www.facebook.com/group.php?gid=112684830332

    Facebook kan brukast som ein informasjonskanal ut til brukarane av tenestene dykkar, der de kan publisere koplingar til det de skriv om på dei offisielle nettsidene. Det er ikkje snakk om at de skal skrive om trivielle ting, slik privatpersonar på Facebook gjerne gjer. Men de må nytte dette unike høvet til å gje informasjon til dei som ved å følgje profilen dykkar signaliserer at dei er mottakelege for slik informasjon. Og de er i godt selskap:

    Sparebanken Sogn og Fjordane:
    http://www.facebook.com/SparebankenSognogFjordane

    Det amerikanske forsvarsdepartementet:
    http://www.facebook.com/DeptofDefense

    Fylkesmannen har ansvar for mange område, og det vil vere svært vanskeleg å tiltrekkje eit stort publikum til ein og same blogg. Eg trur derfor ikkje at de kan rekne med at folk finn fram av seg sjølv. Det vil seie: Dersom Flæte og Hamre går utanfor Fylkesmann-rolla, og er seg sjølve, då kan bloggen få stor trafikk. Men det er ein vanskeleg balansegang.

    Men sjølv om det er vanskeleg å byggje opp ein skare med fans kring fylkesmannsembetet, så finst det eit vell av grupperingar i samfunnet frå før, innanfor dei felta som Fylkesmannen styrer med. Derfor er det viktig at de også går inn på eksisterande arenaer i sosiale medier på ulike fagfelt, t.d. innanfor miljøvern, jakt og fiske osv. Der kan de publisere ein liten tekst saman med ei lenkje som fører inn til det relaterte blogginnlegget i Fylkesmannbloggen eller på dei offisielle nettsidene dykkar.

    Lukke til. Eg skal følgje med på aktivitetane dykkar.

  5. Av Ingrid Bjørkum,

    Eg sluttar meg til gratulantane! Veldig moro å sjå så konkret resultat av ei personalsamling eg fekk gleda av å bidra på. Det er sagt mykje fornuftig i kommentarane over, men eg vil absolutt støtte Arild Nybø i synspunkta om Facebok og eksisterande sosiale medium, der Fylkesmannen har eit unikt høve til å formidle info frå sin store kunnskapsbase innan ulike fagfelt. Heile poenget er å nå vidt og breitt, og det gjer ein ikkje berre gjennom ein blogg, som dei færraste “vanlege folk” nok finn fram til! Ei tekstlinje om ei lenke på td eit forum for småbarnsforeldre kan derimot gje svært mange nyttig informasjon om t.d. folkehelse og barnevern. La fagfolka/saksbehandlarane på ulike område finne fram til relevante fora og bruke dei til å spreie sakleg informasjon og kunnskap!

    • Av Oddvar Flæte,

      Så kjekt med nye idear! Vi er som trekkpapir og syg det til oss. Lenke-dømet ditt gir inspirerande idear som vi må få bale litt med.

      Og for all del – fleire gode framlegg!

      Oddvar

Legg attende ein kommentar


Kommentarar må ha fullt namn under. Vi gjer merksam på at sjikanerande innlegg vert fjerna.