Arkiv for desember 2018

Teieplikt med vit

Av Gunnar O. Hæreid, Publisert tysdag 4. desember 2018

Teieplikta gjev eit grunnleggjande vern for at privatpersonar skal sleppa å få personlege opplysningar spreidde for alle vindar. Men teieplikt skal ikkje vera eit hinder for at born og andre får gode tenester.

Etter forvaltningslova har tilsette i kommunar og staten teieplikt om «personlige forhold» om privatpersonar. Utanforståande skal ikkje få innsyn i opplysningar som det er vanleg å villa halda for seg sjølv, til dømes helse-, sosial- eller barneverntenester som ein person får. Datatilsynet passar på, og det kan til og med utløysa straff å bryta teieplikta.

Men fordi det kan få alvorlege konsekvensar å bryta teieplikta, hender det at teiepliktige opplysningar ikkje vert delte der det både er fornuftig og rett, og stundom til og med plikt til å dela. Det kan vera like alvorleg for eit barn som treng hjelp frå barnevernet, at skulen eller helsevesenet ikkje får opplysningar om barnet som set dei i stand til å leggja til rette tenestene. Dersom barnevernet mistenkjer at ein av foreldra mishandlar eit barn, må fastlegen få vita om det for å kunna sjå etter teikn. Dersom eit barn som er i ferd med å bli undersøkt av barnevernet i ein kommune, flyttar til ein annan kommune, må den nye kommunen få opplysningane og ta dei med seg inn i sine undersøkingar. Og skulen må kunna gå til barne- og ungdomspsykiatritenesta eller politiet med opplysningar om at ein elev utøver vald eller nyttar narkotika.

Difor må teieplikta nyttast rett og med vit. Dei som handterer teiepliktige opplysningar må kunna hovudreglane:

  • Teieplikta hindrar ikkje at den dei gjeld, sjølv får tilgang til opplysningane
  • Teieplikta hindrar ikkje at eit organ i kommune eller stat sjølv brukar opplysningane for å gjera oppgåvene sine
  • Teieplikta hindrar ikkje at eit organ i kommune eller stat deler opplysningane med andre organ, til dømes skule, helsevesen eller barnevern, der dette er naudsynt for å gjera oppgåvene til organet som deler
  • Teieplikta hindrar ikkje at kommune eller stat går til politiet med opplysningar om lovbrot, der dette har samanheng med oppgåvene til organet som deler
  • Teieplikta blir erstatta av plikt til å melde frå til politiet når det er fare for grove brotsverk, til dømes grov vald

Fylkesmannen set 4. og 5. desember temaet på dagsordenen på konferanse om barneperspektivet i tverrfagleg samhandling. Målgruppa for samlinga er alle som arbeider med born og unge, til dømes i skule, barnehage, barnevern, Nav, PPT, BUP, folkehelsekoordinator, helsestasjon og bibliotek.