Arkiv for november 2018

Kommunegjelda – «det er nok nå!»

Av Kåre Træen, Publisert fredag 16. november 2018

Orda høyrer til tidlegare sentralbanksjef Svein Gjedrem etter han i eit innlegg i 2017 fekk spørsmålet om kor mykje gjeld kommunane kan bere. Svaret var enkelt og klart, det er nok nå! – og grunngjeve med at gjelda over tid ikkje kan vekse mykje meir enn veksten i økonomien til kommunane. Slik sett skil ikkje kommuneøkonomi seg mykje frå privatøkonomien for kvar og ein av oss. Du og eg kan heller ikkje halde fram med å ta opp nye lån dersom ikkje også inntekta vår går monaleg opp.

I løpet av dei siste ti åra er den langsiktige gjelda nær dobla seg for kommunane i Sogn og Fjordane. Frå 6 mrd. i 2007 til 11 ½ mrd. kroner ved siste årsskifte. Gjelda har vore mogleg for kommunane å handtere, ettersom det har vore god vekst i inntektene og renta har vore på eit rekordlågt nivå. Men kva om denne utviklinga snur, med lågare inntektsvekst og høgare renter?

Fleire av kommunane våre ligg over landsgjennomsnittet i lånegjeld, og vi har kommunar som ligg heilt i landstoppen når gjelda blir samanlikna med driftsinntektene (brutto gjeldsgrad). Høgast ligg kommunane Eid og Naustdal, plassert høvesvis på 25. og 28. plass av landets 426 kommunar i 2017. Kva skjer så framover? Hjå Fylkesmannen har vi med grunnlag i økonomiplanane til kommunane sett på planlagt utvikling fram til 2021.

2017: SSB-statistikkbanken. 2018 -2021: Kommunanes økonomiplanar etter ny kommunestruktur.

2017: SSB-statistikkbanken. 2018-2021: Kommunanes økonomiplanar etter ny kommunestruktur.

Økonomiplanane viser at gjelda aukar sterkare enn inntektene, og for fleire av kommunane svært mykje meir. Det fortel oss at ein større del av inntektene til kommunen må brukast til å betale renter og avdrag, noko som kan føre til kutt i tenester eller at det må koste meir å vere innbyggjar i kommunen. Av utviklinga ser vi at kommunane Kinn, Stad og Sunnfjord får høg gjeldsgrad når dei blir nye kommunar frå 2020. Men også mindre kommunar som Hornindal, Solund og Vik har planar som gir ein sterkare auke i gjelda enn i inntektene.

I arbeidet med budsjett- og økonomiplan fram til 2022 skal kommunestyra før nyttår gjere vurderingar, prioriteringar og vedtak om framtidig drift og investeringar. Til dette arbeidet treng politikarane eit godt og tilstrekkeleg grunnlag for sine avgjerder. Eit spørsmål dei må ta stilling til; er utvikling av lånegjelda berekraftig, slik at den økonomiske handleevna blir teken i vare over tid? Delar av gjelda kan vere knytt til sjølvfinansierande investeringar og kommunane har samstundes innskot og plassering av midlar. Difor er det viktig å vite storleiken på gjelda som er renteeksponert. Dette fortel kor stor del av ein renteauke som vil belaste kommuneøkonomien gjennom bruk av driftsinntekter. Kommunane bestemmer sjølve, gjennom sitt eige finansreglement, kor mykje lån som skal ha flytande rente og kor mykje som skal ha fast rente. Fordelinga vil vere med på å avgjere kor raskt ei endring i renta vil påverke drifta til kommunen. Oppsummert bør kommunane utarbeide «stresstestar», som viser økonomiske verknader ved ulike senario for endringar i renta og avkastning for plasserte midlar.

For kommunar med høg gjeld eller som planlegg ytterlegare låneopptak, er det risiko for at dei ikkje vil klare å handtere gjelda dersom vi får renteauke og lågare vekst i inntektene. Ei slik utvikling kan få  konsekvensar for viktige velferdstilbod for deg og meg – og dei som kjem etter oss. Det har alltid vore slik at god økonomisk planlegging over tid løner seg, medan det er krevjande å rydde opp i raude rekneskapstal etter feilslått planlegging. For å sleppe å kome i ein situasjon med drastiske kutt i tenester, må kommunane gjere grundige analysar og vurderingar før det blir gjort vedtak om nye lån. Det er ikkje vanskeleg å sjå at for fleire av kommunane er gjelda «meir enn nok no»!